mandag, juli 28, 2008

FERIE OG BLUES


Lange,laaate dagar, seeiin frukost, vaaakre Hedemarken og BLUES!! Ikkje nødvendigvis i den rekkefølga.. Det vert "bloggtørke" i nærare 2 veker. Dei rundt meg påstår at eg er HEKTA og eg protesterar hardnakka. "NEI,eg e`kje hekta... (og veit det er ei sannheit med modefikasjonar...) Det er ikkje sommarferie for meg før eg har duppa tærne i Mjøsa. Men før det skjer,er det blues "for alle penga". Nemleg Notodden bluesfestival, og eg gler meg som ein unge gler seg til julaftan.



Torsdag 31. vert det The Queen of Blues: Koko Taylor på Bluestown stage, og fredag 1.aug.: The One and Only: Charlie Musselwhite!!! (tralla-la-la-la) Saman med munnspel-legendane James Cotton og Kim Wilson trur eg det skal verta bra trøkk på Tapperiet i Notodden! Eg er så glad for å få oppleva Chalie Musselwhite att, mitt store idol. Trur det er 3 eller 4 år sidan eg var på min første konsert med han og han traff meg rett i hjerte.



Lørdag vert det å rusla rundt i by`n = kjenna bluesen på pulsen... Etter denne flotte starten på
ferien lokkar flatbygdene rundt Mjøsa og eit lite småbruk i Odalen ei vekes tid. Herleg! "Same
procedure as last year,miss Nikoline?" Jadå - men kan ikkje tenkja meg betre ferie...
Skulle berre ynskja eg kunne teke med meg alle dei vakre rosene som blømer i hagen akkurat no, dei skal i alle fall forevigast her på bloggen om ikkje anna.





HA EIN FORTSATT STRÅLANDE SOMMAR ALLE DER UTE!
(Eg kjem att om eit par veker...)

søndag, juli 27, 2008

Planteskuret mitt.


Kanskje ikkje heilt rette tida å visa fram planteplassen min,men de får "ta det som det er" og så får me sjå kva tid det vert ferdig rydda og eventuelt koma tilbake med litt finare bilder.






Som de ser er det masse som skal gjerast her, dørene er under maling og oppstilte på malingspann, der all taksteinen står skal eg ha opp eit avlastningsbord osv. osv...


"furet,værbitt"...








Kandelaber i 4 akter.


Lunsj-benken er flittig i bruk om våren når eg sår og plantar.








Tusen,tusen takk for alle koselege kommentarar og fine ord eg får!!

fredag, juli 25, 2008

MINNER

- frå ei ubeskriveleg reise.

I innlegg frå arbeidsrommet hadde eg med bilde av amerika-grisen, den godslige som ligg på benken og kikkar på meg når eg jobbar. Då kom eg på eg skulle gjera eit innlegg om "amerika-
veska" også...

Godlukt frå hektiske Detroit.



Har vore i 10-11 statar og mange plassar kjøpte eg med meg eit merke med kjennetegn frå byen eller staten. Desse har eg sydd på ei dongeriveske eg laga av ei gammal bukse.

Å "krusa" route66 var eit av høgdepunkta.


Dollar and boots.. det er Nashville,det.


New York hadde trengt eit laaangt innlegg for seg sjølv...

Synes dette var ein lur måte og samla souvenirar på og tenkjer tilbake på alle dei spennande
opplevelsane og dei gode dagane i USA kvar gong eg brukar veska!

onsdag, juli 23, 2008

Så var det gjordt-

- for denne gong.
Arbeidsrommet har fått ein aldri så liten ansiktsløftning,
litt rydding og litt maling.
Nei... MYKJE rydding og litt maling.

Benkeplata var trekvit,men nokså fargesprakande likevel.
Dette er plassen min når eg malar og det kan gå litt "fort i svingane"
innimellom.Klattar,strek og prikkar i alle fargar havnar på benken
då eg ikkje har gitt meg tid til å legga ned noko underlag.
Må nok verta litt flinkare til det heretter.

Skulle gjerne hatt ut denne her og erstatta den med 2 korgstolar
og bord,men me brukar rommet ti gjesterom også og dei hadde vel
ikkje sove så godt i korgstolar...


Roser og hjerter må ein ha i kvardagen...
Amerika-grisen min er ein hjerteleg gris med glimt i auga.
Han fylgjer med på alt eg føretek meg her.
Kjøpte den i Gatlinburg,Tennessee,2005.

Denne vesle mugga er også ein "souvenir",kjøpt hjå Lipton i York.

Søvnige Tilda-englar ynskjer gjestene god natt.


Eg har ei fabelaktig utsikt frå arbeidsrommet.

KAFFIPAUSE
og no kan eg kosa meg og verkeleg ha
LYST å vera her,ryddig og reint
- enn så lenge...