lørdag, august 30, 2008

Roser og hardangersaum

- på gjestetoalettet, eller som rommet går under her i huset:
- vetledoen -

Ei gamal emaljert bøtte har fått roser og litt tekst og ei (ny)sinkpotte er måla for å passa til bøtta.
Dette er arbeid som er gjordt for nokre år sidan,ville nok ha måla det litt annleis i dag...
Trur det vert ståande nokre år til før det vert endring av motiv...


Gardinene vert nok også verande nokre år.
Det er nokså mange timar og sting i denne, saman med ein pyntehåndduk.


Då helgevasken var unnagjordt i går, tok eg meg ein runde i hagen for å klyppa inn blomar til
borda. Utvalget var minka betrakteleg etter som det var for nokre veker sidan - det er tydelege
spor av haust i hagen no -


Den nydelege,standhaftige klatrerosa
sviktar ikkje...



Framleis står den med masse knoppar,så kanskje - kanskje -
hvis ikkje frostnettene kjem endå kan ein ha glede av den ei
stund til. I helga skal eg ialle fall nyta den innandørs.



Ha ei flott helg alle saman!
- eg skal til Nesbyen på "kjerringtorget".. tralla..la.. -

torsdag, august 28, 2008

SOMMARSTOVA

som vart til vår-sommar-haust-stova...
eit utruleg nyttig tilbygg som forlengar utesesongen med fleire månadar!,



Her inntek me alle våre måltid frå april til ut i september og kveldane her inne er lune og
koselege. Vert det kjøleg,har me terrassevarmarar under taket.



Det er ikkje lagt inn straum her så me er avhengige av masse lykter og lysestakar utpå kvelden. (er visst snakk om nokre downlights i haust...)




Då eg skulle kjøpa nye puter i møblane i sommar,var det så utplukka at det enda med nokre
billigputer frå FRYD og KID. Neste sommar skal det verta roseputer slik planen var i år.

No er det tid for mat-- i sommarstova--


mandag, august 25, 2008

SÅ ER DEN HER -

HAUSTEN.

HAUST...

er eit av dei finaste orda eg veit om

HAUST...

med skarp,klar luft ein tidleg morgon

HAUST...

som fargar liene så det klør i fingrane etter å måla

HAUST...

med ny og roleg start etter hektisk sommar

HAUST...

er å kjenna lukten av skog som forberedar seg til vinter

HAUST...

er mørke kveldar med levande lys og fyr på peisen

Eg er så takknemleg og glad for å bu i eit land med så klare skiljer mellom årstidene og eg lengtar alltid etter ei av dei med forventningar av ymse slag, men ingen av dei er som HAUSTEN for meg!



I dag var eg på tytebærtur med ei venninne og kjende gleda ved skogstur prikka i kroppen allerede då eg vakna i dagtidleg.


5-6 timar iskogen i ca.20 varmegrader,kaffi på termos, frukt og kjeks i sekken - betre kan det
ikkje verta!



Dette er sluttresultatet etter turen.
Slett ikkje verst.

Tenk så heldige me er som kan ha det slik!

torsdag, august 21, 2008

Dagens prosjekt

- decopage på metall,glas og... såpe?...
Utgangspunktet var eit gamalt vaskefat i metall, fått hjå ei venninne som alltid tenkjer på meg med gamle saker.







Som så mange andre bloggarar har eg laga herleg badesalt med herleg lukt av roser.Har fyllt det
på flasker og pynta med glansbilder - og med det samme eg var i gang med decopagen fall eg for
fristelsen til litt dekor på ei såpe også...





Hvis de hugsar bilda frå badet på hytta forstår de at dette passar perfekt der...

eller?...