mandag, januar 26, 2009

Favoritt-ting i heimen

Skal innrøma at eg er glad i TING,ting som er fine å sjå på,ting som gjer heimen lun og koseleg,og gamle ting med ei lang og spennande historie bak seg.
Randi - Hverdagsprat, har utfordra meg til å visa fram favoritting i heimen,og her kunne det lett vorte eit laaaangt, VELDIG laaangt innlegg! Men eg skal prøva å begrensa meg. Då gamalt og arva ligg mitt hjarta nærast,vert det mest det eg "tek for meg" i utfordringa.
Først og fremst er det mjølkespannet vårt.Eg har traska mang ein gong på små bein for å henta mjølk i dette spannet,og etter at mjølka kom på flasker og seinare i kartong,har spannet vore årleg i bruk i bærskogen.Elles i året står det på ei hylle på kjøkkenet.

Denne vasen gav mamma meg då ho hadde fått beskjed om uhelbredeleg kreft.Ho visste at eg hadde eit "forhold" til denne heilt frå eg var lita. For det første var den det finaste me hadde i stova syntes eg,og for det andre knytte det seg ein "dramatisk" historie til den som hadde brent seg fast i minnet mitt.... Ein julaftan plukka eg opp det største og finaste gravensteineplet som låg på fatet.Eg sat og lukta både vel og lenge på det store ,gode eplet før eg bestemte meg for å spara litt på det.Eg tryngde det ned i denne vasen - med det resultatet at ingen fekk det opp att før det var gamalt og innskrumpa...

Eit stort maleri av "Seljefløiten" er det sikkert mange som har i sitt eiga,hjå meg er det berre "mellomlagra" då eldste sonen vår arva det etter morfaren sin med instruks om at det skulle henga i stova så lenge me bur i huset.Dette maleriet har også ein eigen historie som eg ikkje skal koma meir inn på her,men kan fortelja at guten som står modell for Chr.Skredsvig er søskenbarnet til bestefaren min.



Ein stor påskeduk,brodert av mamma i si tid. Eg er lite flink å pynta til påske,men denne duken kjem alltid på bordet til palmehelga.Med påskeliljer,fiolar og bjørkelauv ber den bud om våren som er like rundt hjørna når me kjem til påske.

Så er det syskrinet mitt (det har eg visst vist fram før,men...) Det er dåpsgåve frå oldemora mi. Petrine Klæbo frå Moflaget "Til Erindring ifra Din Bestefar",så dette ergamalt .

Det er fora med ark frå ei skjønnskriftbok,og i si tid låg det mønster oppi rommet her. Det har eg kasta....!! Eg får unnskylda meg med at eg var ung og dum. Eg kunne ikkje begripa at oldemor gav meg eit gamalt syskrin,kiste og duk (kista er frå 1801) i dåpsgåve,men i seinare år har eg sett umåteleg stor pris på det!



Som sagt;eg kunne fortsetja og fortsetja her,men skal halda meg "i skinnet" og avslutta med ein akvarell av nyare dato. Det er eit sauemotiv av Geir Nymark, ein akvarell som også minner meg om ei svunnen tid...
Eg utfordrar Trollkåno, Rosa Univers, Magny og Liven til å visa sine favoritting i heimen og ynskjer alle ei fin-fin veke!

12 kommentarer:

Trollkåno sa...

Fine, gamle ting du viser.....og takk for den utfordringa!
Må yenkje litt på den, so er eg tilbake.

liven sa...

Så fine gamle ting du viser!!
Så koselig med ting du har minner fra....og nok litt vemodig også!!
Jeg skal ta den utfordringen jeg....
har jo to melkespann her i huset som er blandt mine favoritter også:o)
Vi får tenke....er glad i ting jeg også:o)

Ha en fortsatt fin dag Nikoline:o)

Fjordheim sa...

Mange flotte ting du viser frem. Veldig fint med ting som det er en historie knyttet til. Likte godt det spannet. Kunne tenkt meg et slik.
Ha en flott uke :)

naturglede sa...

Så fine ting du viser fram, med minner! Dette innlegget likte jeg. Det spannet du hadde først, minnet meg om blåbærtur med min bestefar da jeg var liten. Takk for at du deler med deg:)

Anne sa...

Fine gamle ting du viser her.. Et slik gammelt melkespann hadde mine foreldre når jeg var liten også. Vi brukte den til å plukke blåbær i! Lurer på om de har den enda.. håper det:) Ha en fin fin uke:)

Rosa sa...

Sande og Eikemo er ein uslåeleg kombinasjon! Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg lånte mamma sin kassett med oppsetninga til Eikemo for .....x antal år sidan. Det er òg derfrå diktet "skymingslandet" har brent seg fast. Når eg les det høyrer eg for meg den sterke framføringa til Eikemo - SUKK!


Takk for utfordring - den skal eg ta med meg og grunne på til eg kjem heim :)

~♥~ Monica S sa...

Å kor monge flotte ting!! :-) Eg er også slik.. samlar på gamle skattar.. og likar ting som SER gamle ut.. (som den rotekoppen din) skal skrive om den når det høver seg slik.. eg har ikkje gløymt det! ;-)

Eg har også to mjølkespann.. fine til blomster om sommaren også dei..

Monica

Lyst på livet sa...

Så mye vakkert!
Særlig svak for melkespannet jeg da :-)

Klem Torunn

Alvas hjørne sa...

Vakkre ting du viser!
Det er noe eget med gamle ting som rommer minner. Likte så godt syskrinet, nydelig!!
Ønsker deg ei flott uke!!

Tofo sa...

Det var en artig utfordring! Mange flotte ting du viser oss her. Og mange minner.
Ha en fin kveld:)

Stubbetufsa sa...

Kjære Nikoline! Æ syns æ kan åpne så freidig, for no har æ sotte med din blogg i et par tima, lest så øyet har blidd stort og vått, hjertet bløtt og magen tom (måtte spise ei skinkeskive mens æ venta på at sida sko komme opp, vi har jo ikke breiband). Du e jo et unikum! Rett og slett flink, eller begava e det vel rett å si! Åsså så rett fra hjerte med alt du vil ha sagt, du e ei god pie, Nikoline. Æ må nok følge dæ!

Magny sa...

oi,- dette hadde ikke eg registrert...
skal se på det....
flotte saker du har !!!

klem og fin dag!~~~