torsdag, februar 26, 2009

Nikoline + sjølvdisiplin = 0,o

I går gjekk eg tidleg på arbeidsrommet for å måla ei bestilling.Då eg var ferdig med grunninga,skulle eg laga eit par "knappar" til meg sjølv medan eg venta på at målinga tørka.
Fram med treknappar,lim og serviettar med diverse motiv, og så kom "valgets kval". Roser.... Englar.... Natur.... Dyr...???

PLUTSELEG var det tid for å tenkja på middagen,..... nærare 50 knappar seinare!!! Slik går det når ein ikkje klarar å setta grenser for ein har det så moro.....
Ikkje har EG bruk for alle desse,men eg kan sjølvsagt selgja dei når dei vert ferdige.
For dei er på langt nær ferdige endå,no skal det borast knapphol,så skal nokre få litt sverte langs kanten og så skal dei lakkast blanke. Tenkte det var fint hyttearbeid i helga for det er lett å ta med seg i korga.
Knappane kan vel brukast til så mangt, f.eks. på ei lysbunke, eit stort lys, på eit sjal, på eit kort osv.

Lurar du på korleis det gjekk med målinga til kunden,seier du?
Jau,no er det vel tørt nok til å måla motiv på vil eg tru... Det skal målast tiurleik på ei ølkjenge,men det lir alt langt på dag -

- så " i morgon, i morgon
men ikkje i dag
i dag, ja i dag gjer eg
ikkje det slag...."

- og i morgon skal eg byrja på eit nytt og betre liv
- trur eg...

Eg trallar og syng litt for meg sjølv,forstår du - kanskje fordi det nærmar seg helg og eg skal på hytta...?

Takk for alle koselege kommentarar og ha ei riktig god helg!
(Tek det litt på forskot for i morgon skal eg måla og det vert ikkje nytt innlegg ) - trur eg....


onsdag, februar 25, 2009

Utfordring.

I kveld fekk eg ei utfordring hjå MONICA S, eg skulle finna mappe nr.6,bilde nr.6 i arkivet mitt. Denne utfordringa har eg fått før,så eg gjer som Monica,hoppar til mappe 7 og bilde nr.7.
No viste det seg at det var eit bilde av "vetlajento"vår,så då vart eg litt skeptisk... skulle eg hoppa til neste mappe,"juksa"litt,eller...?
Bildet er frå i sommar,då me møtte borna i Oslo og gjekk for å sjå den nye operabygningen.Det var ein flott dag,med rusletur gjennom Spikarsuppa,på KarlJohan og avslutta med middag på restaurant.
Bildet er teke inne i operaen.

Eg måtte klarera innlegget med "modellen",og fekk til svar at det var ok. med eit bilde hvis det ikkje såg "altfor gale ut ".... Men vår kjære Astri-Marie er alltid like flott og alltid blid,snill og omtenksom! Då ho var lita,pleide eg å sei at her trengde me ikkje sola,me hadde Astri-Marie...


Operaen i Bjørvika var vel verd eit besøk!

Trur dei fleste har fått denne utfordringa no,så eg vel å sei at eg gje den vidare til dei som ikkje har fått den!

Ha ein framleis fin kveld!

Løysing på mysteriet?

Før helga hadde STUBBETUFSA eit innlegg der ho ba om hjelp til å finna ut av eit håndarbeidsredskap.

http://stubbetufsa.blogspot.com

Kan løysinga vera dette??
For i ein kommode fann eg eit slikt redskap og to broderte putetrekk som mamma har laga,trur det er frå 50-talet.Eg kan ikkje hugsa at putene har vore brukte i heimen då eg vaks opp,så antakeleg har ho ikkje vore heilt fornøyd med arbeidet.På det andre putetrekket er det ein hund,brodert i loddent garn og karda opp etterpå,men fann det ikkje att i farten.

Eg kan faktisk hugsa ho brukte denne "vispen" ein gong,på eit eller anna broderi i beige,men det har eg ikkje funne att.
Ha ein flott onsdag!


tirsdag, februar 24, 2009

Man tager hvad man haver...

Noko som har irritert meg ei god stund,er dette synet her når eg kjem inn på badet -- og snakka om å gjera noko med det,har eg gjort lenge. Så fekk eg ånden over meg og då skjer ting FORT! Det skal ordnast NO.......
Men kva har eg å hjelpa meg med skal tru...? Jau,eg har kvit spraymaling,eg har eit 15 år gamalt stoff liggande og som kan passa med fargane,og eg har litt blonde... Dette må eg vel kunna bruka?

Hylla er malt kvit,korgene er spraya kvite og nytt trekk er sydd.

Det er "standard" i blogglandia at det skal vera før/etter bilder.Det må eg sjølvsagt fylgja opp eg også. Men treng eg skriva kva som er FØR og ETTER?

Med det samme eg heldt på ved symaskina (me er IKKJE gode venninner!) sydde eg to posar av ein gardinrest,putta små såper oppi og no ligg dei her og luktar herleg liljekonvall.

Ein irritasjon mindre.... og det var fort gjort når ein berre kom i gang!



mandag, februar 23, 2009

Såtid.


Det er endå ei stund att før eg kan kosa meg i planteskuret mitt som de ser,men tida går så fort at før eg får sukk for meg står eg nok der med jord under neglene og fyller i krukker og kar...
Og forberedelsar er så smått kome i gang innadørs.

Det er såtid :0)
Grønsaker er det for tidleg å finna fram,dei må venta til snøen er borte og telen er ute av jorda.Litt tidleg er det for erteblomst og blomkarse også når eg ikkje har drivhus.Dei spirer så fort,og då vert det for lenge å venta i vinduskarmen...


Frø av sommarblomar sår eg først i kartongar,etter spiring priklar eg ut og plantar i små drivhuskasser med mange rom.Fordelen med desse kassane,er at dei har gjennomsiktige lok.Det hjelper til å halda jorda fuktig og det er det viktigaste av alt for dei små plantane.



Lykkelig er den som i såtid sår
uten å tenke på hva fold han får

når høsten kommer
H.Wildenvey


*******************

I dag har min kjære og eg 35 års brullaupsdag. Det er nesten utruleg å tenkja på at det har gått så mange år!
I 1972 sende me laaaange augnekast etter kvarandre, i 1973 forlova me oss og i 1974 gifta me oss. Eg trur me trygt kan sei at me fann "den rette"! Tradisjonen tru,vert det samme menyen som på den store dagen for 35 år sidan. Så idag skal det altså serverast røykt svinekam - på ein mandag -



(dette skiltet heng på soverommet og er ei god påminning til dagen)

Eg takkar deg kjære,for både gode og vonde dagar me har klart å takla saman,for all kjærleik du gje,for tålmodigheita du har og for at du fortel meg kvar dag (nesten i alle fall...)kor glad du er i meg! Livet ville vore fattig utan deg.


søndag, februar 22, 2009

Siste innspurt...

av fargeveka som Mette utfordra oss til å ta sist mandag. Eg må sei eg har oppdaga nye sider ved både meg sjølv og heimen... Å starta dagen med litt hjernetrim og skjerpa fargesans har slett ikkje vore dumt! Somme dagar har vore enkle,andre meir til hovudbry,men eg trur at den svære gjengen som har delteke har "landa" bra på alle fargane :0) Dette har vore moro,så TUSEN TAKK FOR OPPFORDRINGA,METTE!!

Eg starta veka med å visa bokhylla som var vorte kvit innvendig,så då kan det passa å avslutta med skapet som også fekk ei kvit innside. Skapet var svart utanpå frå før og dermed glir desse bilda flott inn i fargevekas slutt der fargen er svart/kvit i dag...

Dette fine kortet i svart/kvitt har MiaMaria (Vitt hus med vita knutar) laga til meg. Det er egentleg eit julekort,men eg er så glad i det at eg har det framme endå :0)

Ein god fastelavenssøndag til alle!
Nyt krembollane i dag...

lørdag, februar 21, 2009

Ein vrien laurdagsfarge...

Etter jakt på lilla farge både høgt og lågt i dag, enda det opp med at eg måtte ty til billedarkivet..
Eg finn rett og slett ikkje snurten av lilla i heimen , og Mette med bloggen Koselig-Koselig har gjeve oss (i alle fall meg ) ei vrien oppgåve med å velgja LILLA til fargeveka i dag...


Dette er mitt bidrag i dag... og tenk;det er ikkje lenge før me ser dei tittar opp av jorda att no!

Ynskjer alle ei god helg!


fredag, februar 20, 2009

Eg treng eit mannfolk!


Min kjære stiller IKKJE opp som modell i jakka si for fotografering!
- og i dag skal det vera orange fredag i fargeveka til Mette...
- Så dukka denne kjekkasen opp - ein veltrena og sunn atlet (fast i fisken) stiller meir enn gjerne opp!
(men ærleg talt;det likna meir og meir på Michael Jackson enn ein atlet etterkvart som både "nase" og "auger" datt i golvet under fotoseansen...)


Kanskje me skal gå for det sikre,det som held seg musestille i ro framfor fotoapparatet?



Appelsinjuice og mandariner er både sunt og godt, pickles til lørdagskyllingen er litt sunt,men godt,og krem til fastelavensbollane på søndag er berre GODT...
Eit ORANGE bidrag vart det i alle fall til slutt :0)
God fredag!

torsdag, februar 19, 2009

Påskegul torsdag --

-- men ingen gule påskekyllingar.
(Mette ,Koselig-Koselig,oppfordrar til gul torsdag)

Ingen påskekyllingar,nei,men.....
Derimot kan de få ein liten titt på mitt Ferdinand Finne-service "SITRON". Ingenting er vel så GULT som den gule kanten der...?


Gul skål til havregrauten og sitroner på juicemugga er ein sprek start på dagen. Og med ein gul blom bak øyra og ei sitron i lomma idet du går ut døra på veg til jobb - og dagen er PERFEKT!

Og middagen vert sjølvsagt servert på sitroner når du kjem heim i ettermiddag...

Ha ein fin dag då!!

onsdag, februar 18, 2009

Litt anna enn grønt...

- sjølv om me på langt nær er ferdige med onsdagen....
No er stova ferdig vaska,og med vasking fylgjer som regel ommøblering her i heimen. Og etter ommøblering fylgde måling....

Hyller og skap er blitt kvite og lyse innvendig.
Bokhylla var luta furu inni tidlegare,så dette vart stooor forandring!


Etter 3 strøk med fargen Krem,pynta det opp med eit romantisk bilde (frå nettet) og litt skrift inni hylla.


I glasklokka er det ranunklar og på boka står det ei lita lykt frå Lisbeth Dahl.


Favorittboka (så absolutt !) har fått ein liten krans av eucalyptus.


Til og med golvlampen har fått ny "hatt"... Har tenkt på å sy ny skjerm i årevis - no vart det gjort!

Praktfulle bøker med vakker vestlandsnatur
- og ættebøker som ofte blir bladd i då eg syslar med ættegransking.

*********************
Ja, det var "pynteinnlegget" for i dag,så då er det vel berre å fortsetta bøtteballetten i neste rom...
No står kjøkkenet for tur! Puuhh....