tirsdag, mars 31, 2009

Som sukkertøy

- og heilt utan kaloriar.....I siste nr. av Hjemmet var det oppskrift på hekla egg. Det frista med slikt småtteri.
På ei lita kveldsstund kan det bli mange egg....

I oppskrifta var dei stripete,men eg valde å hekla dei einsfarga og pynta med litt smalt silkebånd.
G amle garnrestar i Solberg terne frå 80-talet då gensarane skulle vera i pastellar, var ypparleg til påskeegg.
Eg har laga hempe på dei og så skal dei få pynta opp i bjørkeris som eg håpar får litt grønt på greinene til påske.

Ruskeværhelsing frå Nikoline


søndag, mars 29, 2009

Heisann!

Og dudliattentei ! For sola og deg og meg !God søndag til alle og einkvar! Her boblar det heilt over av ein utruleg barnsleg gledesrus for eg har nemleg VUNNE!!! Ikkje berre EIN gong heller,men TO gonger !
Det er jo slik her i vårt kjære blogglandia at det dukkar opp små "jubileum",både for antal besøkande,runde tal på innlegg,årsdagar osv. og då vankar det spennande premiar. Eg melder meg på hjå dei eg "kjenner", men gløymer det som regel fort att for eg er ikkje av dei som har vinnarlukka. Eg må vera fødd utan vinnar-gen trur eg,for eg har altså ALDRI vunne noko som helst i heile mitt liv!

Tidleg ein morgon denne veka,kom det ei tekstmelding på mobilen med gratulasjonar av nye sokkar.... eg var som eit stort spørsmålstegn. "Du har vunne!"..... Vunne...?? Eg tråla lokalavisa for å sjå etter loddtrekningar. Nei, ingenting der... "Sjå på bloggen din!" - Og DÅ erindra eg noko... Strikkeline (Monicas) hadde strikka vidunderlege sokkar til ei trekking, og eg - Nikoline _ vart trekt som vinnar!! For første gong i heile mitt lange liv hadde eg vunne!
Heisann! Og dudliattentei. For sokkane og deg og meg!
Min kjære vart "dregen"bort til dataen for å sjå og lesa slik at eg verkeleg hadde eit vitne til denne historiske hendinga. Han syntes sokkane var fine og var glad på mine vegne, men så kom det....
"Ja,ja.... 50 år til neste gong att no då...."
Dei 50 åra minka ned til nokre få dagar.For på lørdag var det trekning hjå Torunn (Lyst på livet) som feira 1års-dag på bloggen. Og kven vart trekt ut der trur du?? Eg las seeeeint nedover i innlegget hennar, for verkeleg å kjenna på skuffelsen lengst muleg (!) før eg såg kven vinnaren var. På lappen sto det Nikoline.... Eg fauk opp og veiva med armane,stolen velta,kaffikoppen velta... men ka farsken gjorde det... eg hadde VUNNE!! Endå ein gong!!
Heisann! og dudliattentei! For ---- og deg og meg. Eg veit nemleg ikkje kva eg har vunne hjå Torunn,men det spelar ingen verdens ting om det så er ein blyant ! For eg har nemleg vunne noko. For andre gong i livet.
Eg er barnsleg - eg VEIT det. Kjerringar på over 50 oppfører seg ikkje slik... Men pytt heller... Eg er fødd med " utan-å-legga-bånd-på-seg"-genet også antakeleg, og når ein i tillegg er fødd sånn litt utanfor allfarveg,vert resultatet deretter.....
Bilda i innlegget idag er av litt småpussel i veka som gjekk.

Medaljongar (medalje for vinnarlukka kanskje...?) av silkisleire. Kva eg skal med dei? Har ikkje peiling... men det var kjekt å laga. To av dei skal eg henga rundt halsen og setta meg oppe ved postkassa for å venta på postmannen som kjem med TO pakker til meg. Ei med sokkar i,og ei med - - blyant....?

Nå skinner sola i vinduskarmen.....
Heisann! Og dudliattentei! For søndagen og deg og meg.

fredag, mars 27, 2009

Helg og sommartid!

På laurdagsnatta skal klokka stillast om til sommartid folkens!
Ein time fram betyr lange lyse kveldar...
Eg hyllar sommartida med nokre bilder frå fjorårets hage og vil ynskja alle ei god helg,eg fer på hytta til snøen og vinteren der...
** Velkommen inn i min hage **


Ha ei strålande flott og lys helg!


onsdag, mars 25, 2009

Forberedelse til uteliv pluss utfordring og award.

Ei utfordring om å visa favorittmøbelet i heimen har eg fått frå Nita med bloggen Perlemor.
Dette skåpet er så absolutt ein favoritt!

Det er eit dataskåp, kjøpt på Ikea for mange år sidan. I vinter fekk det ein "make-over" og vart lyst. (har hatt innlegg om det tidlegare,med før/etter bilder)
Men det eg likar aller best,er at det rommar så mykje og når ein ikkje sit ved dataen er det berre å smekka att dørene og alt rotet er borte vekk!


Ein favoritt i heimen!


Så har eg fått ei utmerking (som eg skulle lagt ut for lenge sidan!) frå Astrid med bloggen Frå eit A4-liv. Tusen hjarteleg takk! Det er alltid kjekt å verta sett pris på!

**************

Ellers putlar eg litt på med tanke på utelivet som snart er i gang. Hagestova skal få starta med blå detaljar i år,og det er greit å ha alt klart når tida for "soliga dagar" er her.

Ein liten duk til hagebordet, små broderte blomar i blått og kanting med franske nupereller frå Bea i Danmark.

Nokre blå Tildafuglar er også på gang,men de skal få fleire bilder når alt er ferdig.
Snøen er heldigvis borte att,og eg er på ny jakt etter vårtegn.Stadig nye ting dukkar opp av jorda,så det er ikkje tvil om at utelivsesongen nærmar seg!

Herlige dagar!

mandag, mars 23, 2009

På jakt etter vårtegn... - del 2


Optimisten lenge leve!

" Den største optimisten er han som tror fluen letter etter en plass for å komme ut av huset" - der har du vel meg....

Sist veke fryda eg meg over nye vårtegn kvar dag, idag vakna eg opp til dette!

Grønsaksengene på fredag -
Grønsaksengene i dag...

Krokusen på fredag -
Krokusen i dag....


Ha ein god vekestart !

søndag, mars 22, 2009

Hyttedør-motiv.

I dag har eg hatt "byfolk" her for å henta bestilling,og då kom eg på at eg har ikkje vist motiva her som eg lova tidlegare.
Dei vart så fornøyde at det resulterte i 3 nye dører til samme hytta,men det er snakk om skapdører så det vert litt betre å håndtera . Og når eg får måla akkurat det eg sjølv vil,er det BERRE MORO med bestillingar. (og det er trass alt levebrødet mitt,så eg må nok fortsetta med trollmotiv også,enten eg vil eller ikkje...)

Tiurleik
Eit motiv eg har brukt ein del,men som eg aldri vert lei og som eg kan variera i det uendelege.

Kvitebjørn kong Valemon
Ha ein god søndag vidare,enten det er i vårsola eller i snø og regn...

fredag, mars 20, 2009

På jakt etter vårtegn.

Eg FRYDAR meg! Frydar meg over vårdagen, løftar hovudet og snusar ut i lufta... snusar inn lukta av vårsol,mold og gamalt visna lauv.
Frydar meg over kvart nytt lite vårtegn som har dukka opp sidan gårdagen, og eg frydar meg over flugesurr i glaskarmen.
I kveldssola går eg på fotojakt for å fanga nokre av desse spede vårtegna slik at de kan ta del i gleda saman med meg.

Krokusen strekkjer seg etter dei siste solstrålene for i dag.
Det er knoppar mellom blada på blåveisen. Det er ikkje lenge før den lagar blå puter under bjørka no...
Snøklokkene trykkjer seg opp gjennom visna lauv frå hortensiaen.

Denne spede rosetten skal bløma med vakre blå klokker om 2-3 månadar,så den har eit stykke "å gå" endå...
Langt att har også klatrerosene. Flammentanz er spesielt vakker mot all skiferen me har på huset,og blømer veldig tidleg her i sørveggen.

Forøvrig kan du sjå kjøkkenaltanen midt på huset,og dei to glasa oppe på taket er soverommet de såg bilder frå i går. Derifrå har eg ei fantastisk utsikt mot fjella,sentrum og Vangsvatnet.

Bortanfor huset har eg kjøkkenhagen.Her ser det ikkje mykje ryddig ut etter vinteren,men om ikkje lenge skal det veksa frodig med reddik,salat,vårløk,raudbetar,gulrot og sukkererter... (dei små bilda er litt av fjorårs avling.)

Åååhh...!! Som eg FRYDAR meg over dagen! Sola kjem inn til meg klokka halv åtte om morgonen og skin heilt til klokka har passert seks om kvelden!

Med STOR optimisme og energi ynskjer eg alle ei strålande
flott helg!

torsdag, mars 19, 2009

Nei,veit du ka....

Etter sååå mykje arbeid,ytte ikkje bilda i innlegget noko rettferdigheit....
Dei vart alt for små,og ikkje gjekk det å klikka dei større heller! Så utan meir om eller men slengjer eg på nokre til,slik at de VERKELEG kan sjå kor "INNI HUTTAHEITI HERLIG" det er som Ruth skreiv i kommentaren her..
Slik ser altså "vinterrommet" ut.
Og no er det VÅR!!
Ser du sommarhatten min?
SÅNN.... no er eg fornøyd....!

Romantikk -

- heilt for meg sjølv....
Medan min kjære lever "herrens glade dagar" på Grieg-hotellet i Bergen,fann eg ut at jammen skal eg ha litt luksus i kvardagen her på "hotell Solbakken" også!
Det kom ikkje noko "stuepike" for å rydda rommet,men eg klarar det heilt ypparleg sjølv også.... fram med bøtter,klutar,såpe og kostar og bøtteballetten er i gang att!!
Vekk med haust/vinter og fram med vår/sommar!

Herleg sengetøy i engelsk broderi, tørka ute i sol og vind, og snøklokker på nattbordet.
Sommargardinene er på plass.

Ein eldgamal bluse. Håndsydde knapphol og perlemorsknappar,samt håndhekla mansjettar og krage. Det var ikkje mykje juks i faget før i tida.

Skittentøyposen rommar nattskjorta mi (og dette hånddukstativet skal malast når eg får tid!!)

Det er vel og bra med mykje skap vanlegvis,men ikkje når det skal vaskast....

Så eg blendar godt med tjukke trepersiennar når mørkret fell på, og kosar meg i lyst og romantisk sommarsoverom...

Kos deg med vårdagen du også :0)