torsdag, april 30, 2009

Ein hyllest -

- til siste dag av ein fantastisk flott APRIL !

første rhododendrontulipanvårløk   mai 09 010-tile Til og med peonen er komme med knupp!

fuglebad Nytt fuglebad til sommaren.

Ellers stullar eg på med mitt her i bloggverden – HEILT åleina føler eg meg for tida… ser på bloggrollen at det er mange nye og spennande innlegg som eg ikkje får sett,men i kveld skal eg  prøva å komma meg inn ved å skriva inn bloggadresser i staden for å klikka på lenkane. Håpet kan eg i alle fall ha… (dessutan kan eg også håpa på at dataen vert friskmeld innan dagen er omme….)

mai 09 028

mai 09 027 No skal eg ut att i hagen,eg har lete meg frista til å prøva å setta kvitløk,nemleg… har aldri prøvd det før. Torunn (Lyst på livet) er det som fristar til dette,så då eg såg det spira på ein kvitløk eg hadde liggande,bestemte eg meg for å setta den i jorda. Så får me sjå etterkvart kva det blir til… 15 poteter skal settast også.

mai 09 029

Og så er det øyeblikkeleg helg att,folkens!

onsdag, april 29, 2009

Vesle Nikoline -

       - fødd eit år for tidleg…. i alle fall eit årstal for tidleg.Eg hadde det travelt og vart fødd til jul i 1955,istaden for i januar 1956 slik planen var.

meg som liten 002 Det første eg hugsar,er jula då eg var 2 år og fekk bamse som breka når eg klemde den inntil meg.Eg vart sjølvsagt glad for bamsen og i pur glede sprang eg bortover stovegolvet og trykte bamsen godt inntil meg.Forskrekka og med eit hyl,kasta eg den frå meg og rett inn i juletreet.Gjet om det singla i julekuler…?

meg som liten 003 Eg vaks opp som nr.2 i ein søskenflokk på 4. Einsleg jente med 3 brødre i tillegg til 2 søskenbarn som også var gutar,har vel gjort sitt vil eg tru… Men det er 5 år mellom oss alle 4,så det var ikkje så mykje me leika saman,det vart heller barnepass.Då storebror skulle passa meg,vart det ofte “politi og røvar”,dei batt meg fast til eit tre (eg var alltid FØRSTE røvaren som vart fanga) og der sto eg til dei store gutane var ferdige å leika. Ein gong vart eg attgløymd ved eit tre oppi åsen….

meg som liten 001-tile Eg elska å klatra.Det er ikkje få bukser eg har spjerra …Mamma sydde alle klærne mine,og ein dag eg fekk ny pepitarutete bukse,var det med KLAR beskjed; INGEN klatring idag!! Det var fort gløymt då eg kom ut,og før eg visste ordet av det var eg høgt oppe i ei furu – med den nye buksa heilt sundreven – Eg lista meg inn og la meg under senga og SOVNA. Fleire timar seinare vakna eg til tomt hus. Alle i huset + alle naboane var på leiteaksjon etter Nikoline.

meg som liten 005 Som einsleg jente fekk eg ha alle leikene mine i fred.Dokkene mine hadde enorme garderobar for mamma strikka og sydde til den store gullmedalje.Og det er så forseggjort! Biser og legg,blonder og håndhekla kragar,bitte små blomsterknappar i blusar,ullkåpe med flanellsfor,regnsfrakk og sydvest osv. Eg hadde både bagvogn,trille,seng,kommode og korg med himmeltak,så utstyret var i orden… mangla berre jenter å leika med…

meg som liten 006 Då eg var 6 år fekk me BAD! Slutt på utedoen og skumle haustkveldar med storebror som SURT følge til do…. Badet var ein åpenbarelse med svarte,blanke fliser og vask,toalett og badekar i lys gult.Foreldra mine ga meg følelsen av at bad,ja…DET hadde dei laga KUN for mi skuld…! Men fjernsyn fekk eg dei ikkje til å kjøpa samme kor mykje eg masa, eg gjekk til naboen og såg barnetv, Pernille og Mr.Nelson…

meg som liten 012 Eg likte meg på skulen,var pliktoppfyllande og flink,og når sommarferien starta tok eg bussen til besteforeldra mine på Oppheim og var der stort sett heile sommaren.Det var onkel som køyrde bussen,eg sat framme på girkassa og fekk 5 kroner for å fylgja… Det var nok pengar for heile ferien det, 50 kuletyggisar kunne eg kjøpa om eg ville!! Gjet om eg følte meg rik ved feriestart!

meg som liten 010 Når hausten kom,tjente eg litt pengar på eldste bror min. Eg har alltid likt å plukka bær,han hata det,og me måtte alltid plukka inn ripsen og solbæra.Han betalte meg for å plukka sine bøtter,og me var godt fornøgde begge to. Før jul traska eg rundt og selde julehefter,slik vart det pengar til julegåver.Eg har alltid likt å klara meg sjølv,og følte meg stolt og sjølvstendig ved å ha eigne pengar.

meg som liten 007-tile Eg er vakse opp midt mellom to militærleirar,så mykje av barndomstida har eg brukt på å studera vakta i skilderhusa,seremonien ved firing av flagget (som var litt av eit rituale kan eg fortelja!) og når amerikanarane kom på vinterøvelsane var det stor stas! Masse spennande snop som var noko ganske anna enn den vesle Riegelen i sølvpapir som me bruka å få til barnetimen ved radioen. Pappa (som var militær) lika ikkje at me oppheldt oss i leiren,men snopet frista veldig!

meg som liten 013-tile Litt bortskjemt vart eg nok også,ialle fall på omsorg og kjærleik (og litt overbeskytta i eit “mannssamfunn”)og det var gode og trygge barneår. Sjølv om eg leika stort sett aleina,visste eg ikkje at ordet “kjeda seg” eksisterte ein gong! Eg har ALDRI kjeda meg,verken som lita eller stor (vaksen heiter det vel…) Eg trives godt i eige selskap og eg var ,eller ER, aldri opprådd for aktivitetar. Eg kunne visst halda på i det uendelege her, men ein stad går vel grensa….

meg som liten 009-tile Takkar RUTH (Ullhedina) for utfordringa, dette var veeeldig moro!

Har desverre ikkje scanner,så bilda er noko ullne og fotografert frå fotoalbum.Mykje av bilda frå eg var lita er vekke i albumet,håpar dei dukkar opp att ein eller annan gong.

GOD ONSDAG! 

(OG EG FÅR FORTSATT IKKJE KOMMENTERA HJÅ DEKAN!|§”#¤%)

Frustrert frue….

- eg kjem ikkje inn på bloggane…!! Det vil sei;eg kjem inn via bloggrollen,men må lesa i ein rasande fart før internett berre kuttar ut. Av og til røkk eg nett å lesa overskrifta på innlegg før det går i svart,av og til røkk eg kanskje til midten før de “forsvinn”.. Kva i sv…. er dette???? Kommentarar går jo slett ikkje an å prøva på,eg er ikkje inne på bloggen dekans så lenge at eg kjem meg ned til kommentarfeltet…. Må eg levera inn maskina skal tru?? Det har vore slik i 2 dagar (ingen problem så lenge eg held meg “heima” på min eigen blogg…)   HJELP!!!!!

EI STOOOOR ÆRE

Den fantasifulle og koselege dama som kallar seg STUBBETUFSA er eit menneske som lever etter DEN STØRSTE GLEDA EIN KAN HA,DET ER Å GJERA ANDRE GLAD trur eg….

Gisse3 Ho har laga ein utmerkelse BERRE til meg som ho seier,og eg vart heilt rørt til tårer over ei slik ære! Ho lagar ofte små “eventyr” i innlegga sine,og ein liten historie hadde ho laga om vesle GISSE også… No er Gisse flytta til vestlandsk natur og skal meir enn gjerne få snusa rundt i hagen hjå meg slik han håpa på… Og av og til skal han få vera med ved dataen når eg skal på bloggbesøk,slik at han kan få innom på besøk til Stubbetufsa! Borte bra,men heime best veit du…

meg som liten 004 

SEINARE I DAG

skal eg prøva å få laga innlegg om meg som lita jente. Har fått utfordringa frå Ruth med bloggen Ullhedina i Skottland. Ta turen innom henne og Stubbetufsa om du vil komma i godt humør! Begge skriv utruleg koseleg og med humor og sjølvironi :0)

Me snakkast…..

mandag, april 27, 2009

Gamle skattar

På hytta har me dette gamle,arva middagsserviset frå Figgjo.

Til bloggen 057 Det er etter besteforeldra til min kjære,og då det var arveoppgjer på Skei var det ingen som brydde seg om dette gamle “raklet” som hadde stått på garden i ein mannsalder! Gjet om eg var glad for DET!?

figgjo2 Settet er komplett til 12 pers. med middagstallerkar,suppe og desserttallerkar,samt 3 ovale og 1 rundt serveringsfat,potetskål,terrin og sausenebb.

figgjo Eg lurar på kor gamalt det kan vera…? Nokon som veit??

Ein annan skatt som står på hytta,er dette gamle fruktfatet. Det er arv etter mamma som hadde arva det etter sine foreldre.

Til bloggen 066 Fatet er frå Stavanger flint,er nokså djupt og måler ca.30cm i diameter.Det må vera nokså gamalt dette også.

kantmotiv fruktfat På kanten er det små motiv av frukt,bær og nøter. Er det nokon som kan fortelja meg meir om dette fatet også,kanskje?

fruktfat2 Til dei som lurte på om hytta ligg i Telemark… Nei,det er Vinje på Vossestrand,ca 20 min køyring frå Voss.Som de forstår har me altså ikkje lange biten å reisa for å koma i “paradiset”.

Ynskjer alle ei fin-fin veke!

søndag, april 26, 2009

HYTTEKOS…

Til bloggen 044 Vårkveld på Vinje

Jau,visst var det koseleg å koma på hytta! Om våren sakkar noko akterut i forhold til her heime,var det likevel mykje meir VÅR enn eg hadde tenkt og håpa på. Me kunne sågar ta våronna…

snø Dette er det som ligg att av snø – etter takras på oversida av huset.

vårtegn Vårblomane har titta fram – det spirer og gror.

Til bloggen 036 Elva går vårflaumstor med eit intenst brus, ein lyd eg likar veldig godt. Folk spør ofte om me ikkje synes det er irriterande med elvesuset så nær – ??? Eit spørsmål eg aldri har forstått !

Til bloggen 035 Hagedammen er eit begredeleg syn… det er litt forskjellig å ta fatt på rundt omkring…

 

Til bloggen 033 Heile området her og langt,langt innover er dekka med liljekonvall om ein månads tid.Ein sommarkveld på terassen kan bera med seg ei nesten bedøvande lukt av liljekonvall.

Til bloggen 060Til bloggen 059Til bloggen 042   Jau då, våren er også komen til Vinje!

vårbleikt 

Soveromsgardinene og Nikolineleggane var omtrent like grå… Her blafrar blondegardinene i vårbrisen i håp om å bli kvite etter vask,medan dei vintergrå leggane har eit ørlite håp om litt brunfarge i sola.

Til bloggen 048 På fredagskvelden slo me eit slag for 60-talet med påsmurde SMØRBRØD! Kan ikkje hugsa sist noko slikt sto på menyen,men du så godt det var!

Til bloggen 041 Til bloggen 039 Til bloggen 047 Til bloggen 043

Eggerøre og peppermakrell

reker med majones

krydderskinke med heimelaga italiensk salat

og spekeskinke med potetsalat. Mmmmm…..

Til bloggen 052

Ha ein fin søndagskveld, i morgon er det siste mandag i april og ei kort arbeidsveke er i vente. :0)

torsdag, april 23, 2009

Litt ny hagepynt.

Medan eg ventar på å få planta sommarblomar, fall eg for fristelsen til litt nytt “dilldall” til hagen…

Til bloggen 037-tile Til bloggen 035-tile  Desse fuglane får pynta på bordet i sommarstova inntil vidare. Dei skal ut på eit lite bord saman med reir,blomar og større fuglehus seinare.

Til bloggen 042-tileTil bloggen 043-tile  Eit pinnsvin som snusar ut i lufta har funne seg til rette i starten av groa mi.Veit ikkje om det kan stå her når me set på vatnet,det må kanskje få ny plass dette også..

Til bloggen 044-tileTil bloggen 051-tile  Og så måtte nøtteliten få vera med heim også – sjølv om eg ikkje veit kvar det skal få plassen sin..

Eg likar godt slike “overraskelsar” rundt om i busker og blomar.Ting som ikkje står på strategiske plassar og som du ser med ein gong,men som i staden dukkar opp innimellom på ei lita hagevandring. Som sagt;som små overraskelsar.Det hender også at desse overraskingane kjem fram om våren,då har eg gøymt det så godt at eg har gløymt det vekk når hausten kjem (og som dermed er ødelagt av vinter og snø..) Og noko vert kanskje “gløymt” med vilje også… det er så masse nytt som fristar på hagesentera på denne tida…..

Til bloggen 036 I morgon ber det i veg til snø og drit,nemleg på hytta. Eg likar meg ikkje så veeeeldig godt der no om våren,men-men…

Ynskjer alle ei riktig god helg,nyt dagane og våren!

onsdag, april 22, 2009

Pakke i posten,

og tantehund-pass.

Til bloggen 015-tile Tidleg i dag kom NEMI på besøk til tante Nikoline og skal vera hjå meg fram til helga.Ho er lydig og snill,men litt aber er det at ho har løpetid og det er ein stor han-hund i huset frå før.. Så det vert pass i dobbel forstand.

Nemi og Argon-tile Dei har leika ute i tunet fleire gonger i løpet av dagen,og det har gått bra.Nemi er ei myndig dame som veit å sei ifrå når beilaren vert for nærgåande! Det er ingen tvil om kven som bestemmer der i gården,Argon legg seg langflat når ho ynskjer det… Jammen er dei til stor underhaldning desse firbeinte,og i tillegg er Nemi ei skikkeleg kosedokke så me har det heilt topp ilag!

Til bloggen 026-tile Og så kom postmannen med pakke i dag! Heilt frå Misvær kom det nydelege,gode,superflotte labbar!

nye sokkar-tile Tusen hjarteleg takk MONICA,dei var akkurat så fine som eg forestillte meg det!! Og dei passa perfekt! Eg er sååå glad for at eg vann desse,men dei er så fine at dei kan ikkje brukast anna enn til “staslabbar”.

Ynskjer alle ein fin-fin onsdagskveld!