torsdag, mai 28, 2009

Kaketine.

Eg skal ikkje trøytta dekan med alt eg har produsert denne veka, men av og til blir eg godt fornøyd med eit arbeid… slik som denne tina.

tine-tile

De som har boka til Edith Holden dreg sikkert kjensel på motivet.

mating-tile

Kaketina skal leverast saman med ein heil “haug” vindunkar (til 3liters vin),skrin,kjele og litt anna til eit husflidsutsalg i morgon. Trudde ikkje eg rakk det i løpet av veka,men med lange arbeidsdagar gjekk det bra.

fugl og roser

Neste produksjon er veggklokker, det kan de få ein kikk på seinare for det har eg ikkje vist her på bloggen før.. De får gje beskjed om de synes det blir for einsformig her hjå meg,så får eg prøva å finna på noko anna… men det er liksom dette eg har eg då… det er måling som utgjer det meste av tida i løpet av året når eg har det både som hobby og jobb.

mai 09 134

No er me jo lova så strålande sommarvær framover,så då kan det vel kanskje bli ei ny hagevandring å blogga om…

YNSKJER ALLE EI RIKTIG GOD LANGHELG OG PINSE  (dersom eg ikkje kjem att med nytt innlegg til helga,då..)

onsdag, mai 27, 2009

Sterkt begrensa…

Når ein skal ommøblera på kjøkkenet,seier det seg sjølv at det begrensar seg… ein kan jo ikkje flytta så mykje om på benkeskap eller overskap så lenge dei er fastmonterte….

Men litt er flyttbart,og her i huset vert ALT som ikkje er bolta fast,snudd rundt på fleire gonger i året (påstår min kjære…) og som nevnt tidlegare var det kjøkkenet sin tur forrige veke!

kjøkken1

kjøkken2

kjøkken3

September_152

September_149

mai 09 162 mai 09 180

Det er godt det er tak over altanen, idag har det vore øs-pøs regn og nysnø ligg langt ned i fjellsidene.Men med ulljakka på,kunne eg ta kaffien utandørs også i dagtidleg.

Dei siste dagane har eg hatt 10-12 timars arbeidsdag,men i kveld har eg teke “fri” og medan min kjære lagar pizza (VERDENS BESTE!!!) fann eg litt tid til eit lite innlegg..

Til alle min kjære bloggvener; eg har ikkje gløymt ein einaste ein av dekan!! Beklagar at eg ikkje har hatt så god tid hjå kvar og ein som eg ynskjer,men eg tittar innom så snart eg kan :0)

Ha ein fin-fin kveld! No skal eg nyta verdens beste pizza med iskald mjølk til… mmmm…

søndag, mai 24, 2009

God søndagskveld,mine venner :0)

Etter ei heil vekes bloggpause,ser eg det er veeeeldig mykje nytt og spennande på bloggane rundt om,og veeeldig mange koselege kommentarar å lesa hjå meg sjølv.Det vil ta si tid før eg er kome gjennom alt,så inntil vidare vil eg TAKKA HJARTELEG alle som har vore og er innom til meg og eg set STOR PRIS PÅ AT DE HUGSAR PÅ MEG OG AT DE ER HER I DET HERLIGE BLOGGLANDIA!

2 snille damer har også beæra meg med ein flott award! TUSEN,TUSEN TAKK TIL RUTH (Ullhedina) som alltid tek seg tid til å besøka meg og legg att koselege kommentarar i innlegga mine!! Den samme utmerkinga har eg fått frå ei bloggdame som kallar seg SPURVEN (Garn gir glede),for meg ein heilt ny bloggar,og då blir det ekstra spennande! TUSEN HJARTELEG TAKK!! EG SKAL GJE MEG TID TIL Å BESØKA DEG SNARLEG! Det er ei stor ære å få vera til inspirasjon for nokon.

Fra_Mammadragen_og_fra_Ruth

Etter 4-5 utruleg kjekke dagar med kjempekosleg besøk,går eg inn i nok ei ny og travel veke,der bloggen kjem i siste rekke nok ein gong. Men slik er det berre av og til…

mai 09 131

mai 09 132 Denne storsjarmøren har eg hatt besøk av no, har de sett noko flottare?? Ikkje rart han “gjer reint bord” på omtrent alle utstillingar han stiller på!

øystese Lørdag hadde me ein veldig flott tur der me køyrde den gamle vegtraseen mellom Voss og Bergen,over Hamlagrø og Bergsdalen,og gjennom Hardanger heim att. I den flotte parken i Øystese hadde me kaffipause og kosa oss i finværet.

mai 09 135 Hardangerfjorden med Folgefonna i bakgrunnen. Vakkert!

velkommen

oppstamma Bitte litt nytt til hagen har me “invistert” i til helga også. Velkommenskilt med korgoppheng frista min kjære til ein handel,og eg sjølv har kjøpt ein oppstamma plante eg ikkje hugsar kva heiter,men den kan overvintra frostfritt og er ein geraniumtype. Har planta den i ei gammal urne og pynta med hageredskapen i smijern.

argon4 Både Argon og eg savnar besøket som reiste i ettermiddag,og me trakkar litt rundt oss sjølve begge to…

Som sagt,det blir ei ny travel veke med lite tid til blogging for min del,men eg kjem forhåpentlegvis sterkt tilbake etter pinse og YNSKJER ALLE EI FLOTT MAIVEKE!!

page

mandag, mai 18, 2009

Eit lappeteppe…

Mange har kommentert lappeteppet av bestemorruter som var med i eit innlegg under her og som også har vore med i forskjellige innlegg tidlegare.Eit dumt teppe….eit dumt,halvt teppe for å vera presis..

Eg hekla det i fjor,i garnet Silja.Godt halvvegs i heklinga,fekk eg ikkje tak i meir garn av samme farge,og no har eg venta lenge nok på at butikken skal få det inn.Her er det berre EIN ting å gjera; spretta det opp!

AK og heklerute Med god hjelp av eldstejenta som var på besøk,er det ikkje lenger eit lappeteppe…. men lause lappar. Planen no er å “lura inn” kvite hekleruter innimellom,slik at eg får eit teppe som kan BRUKAST og ikkje berre ligga til pynt!

mai 09 120 Foreløbig er det berre 2 lappar som er ferdige av dei kvite, men det skal bli fleire etterkvart.På onsdag får me besøk av gode venner østfrå,og då ho sit med brukken fot for tida,reknar eg med at det blir mange hekleruter dei dagane me har saman fram til søndag… Vanlegvis sit ikkje den dama for mykje på baken,men akkurat no har ho ikkje noko valg… Gler meg masse,masse til nokre dagar med kos og late dagar i gode venners lag!!

hekling Apropos besøk… kanskje på tide å lokka fram hybelkaninene under sofaen og få vekk spindelvevet i krokane…? Men idag går eg berre å kikkar etter ein stor bil som skal komma med nye hagemøblar til sommarstova! Spennande med noko nytt og fjongt… De skal nok få sjå dei når eg har fått det på plass! Og så ommøblerar eg på kjøkkenet for tida,fare for at det blir eit innlegg og to frå det også…

mai 09 117

HA EIN FLOTT MANDAG!!

søndag, mai 17, 2009

“Et lite stykke Norge”

mai 09 116

GRATULERAR MED DAGEN ALLE SAMAN!

Hipp-hipp-hurra!!

fredag, mai 15, 2009

TIDA – min venn…

På trimturen i gårkveld, gjekk eg og ei venninne og småsnakka om kor fin kvelden var,og kor godt det var å gå i kveldsola sjølv om sveitten sila. Ho er ein ekte soltilbedar og kan ligga strekk ut i steikande sol i timesvis,og no ser ho såååå fram til sommaren… Uff nei,svarar eg – den som kunne spola bort heile juli og delvis august!! Nett no kunne årstida stått stille nokre veker…

mai 09 099 Ho likar IKKJE å planta,ha hage og stulla og stella,ho likar best å SOLA seg – og no ventar ho berre på sommaren.

mai 09 095 Ein liten setning frå bladet Hytteliv har sett seg fast hjå meg ; Det er SLØSERI å bruka våren til å venta på høgsommar,tida er for DYREBAR ti det -

mai 09 079 Javisst er tida dyrebar,me veit ikkje (heldigvis) kva morgondagen bringar.No er halve mai gått og før me får sukk for oss,skriv me juni – og i juni er også halve året gått -

mai 09 080 Eg har følelsen av at eg ikkje heng med i svingane lenger,det går rake vegen rett fram i eit forrykande tempo.Kvar vart det av den laaaaange januaren,den sure februaren,den lokkande mars-månaden og lure april? Vakre mai skulle eg nyta i lange drag – ja….då trur eg jammen eg må skunda meg om eg skal røkkja nytelsen før heile mai er over….

mai 09 081 Så kjem eg til å tenkja på setningen frå Hytteliv att… Det er i alle fall sløseri å bruka dagen i dag til å tenkja på at mai er halvt oppbrukt,ein får heller snu litt på flisa og tenkja på at me har HEILE HALVE mai att endå.Mange nye,flotte,dyrebare og ubrukte dagar!

mai 09 092 Hadde eg fått bestemma på jorda og over kalendaren,hadde me hatt “som følger”: januar-april-mai-mai-mai-juni-september-september-oktober-oktober-november-desember. Kanskje like greit at eg ikkje har noko å sei i den anledning,for eg trur ikkje at eg hadde hatt så mange venner….

mai 09 089 Nei,nok vas – eg skal nyta dagen i dag,i strålande solskinn frå mai-blå himmel,grønt bjørkelauv og epleblomst, jord under neglene og lukten av nyslått gras.

mai 09 096 Fram med stråhatten – Mai,du skjønne milde – here I come !

Bruk dagen i dag godt min venn – tid som er gått kjem aldri igjen.

onsdag, mai 13, 2009

Titt-titt,her er eg…..

mai 09 080 Eg er ikkje gått HEILT i hi, har det berre litt travelt for tida. Det første som må vika i travle tider,er bloggen…

mai 09 069 Ei stille stund på kjøkkenaltanen før kvardagen startar for alvor.

mai 09 067 Eldstejenta er på besøk frå Sverige i forbindelse med klassefest i Bergen sist helg.Ho har teke litt av ferien sin her hjå oss og me nyt nokre dagar saman i finveret.

mai 09 068 Eg har såvidt begynt å pynta opp litt ute på altanen slik at det er koselegare å innta frukosten her,men det er ikkje planta noko særleg endå.

mai 09 071potetkasse1  På veggen har eg hengt opp ei gammal potetkasse som fungerar som hylle. Ein vakker patina på slikt gammalt treverk…

sukkerert Skiltet laga eg for mange år sidan,det skal forestilla sukkerert og eg har forma dei i cernit.Det er vel kanskje på tide å kvitta seg med det etterkvart,men det får henga der inntil eg har funne på noko betre.

mai 09 066 Medan eg sit her ein tidleg morgon og funderar over livet, sender eg ein ekstra varm tanke til ein spesiell og god bloggvenn. JORUNN,med bloggen Litt av mitt, ligg på sjukehuset med hjarteinfarkt berre 41 år gammal. Det gjekk bra heldigvis,og eg ynskjer god bedring og håpar ho snart er heima i eige stova att!

mai 09 077 mai 09 079

mai 09 075 Utsikta frå her eg sit i korgstolen min,er upåklageleg! Sola skin, eg let både tankar og auger gå “i fri flyt” medan eg samlar energi til den nye dagen som ventar.

mai 09 060 Håpar du får ein fin dag også!

mai 09 074

fredag, mai 08, 2009

Helg og ruskevær…

I dag har det likna meir på oktober enn på mai,pøsregn og vindkuler så sterke at naboen var redd at flaggstanga skulle fara.. Eg har helde meg innadørs og fyrt i ovnen,og så har eg verkeleg KOST meg med Lev Landlig. Eg visste om at det skulle vera artikkel om MIAS LANDLIV i dette nr.,og har gleda meg veldig til dette! MIA er den “ansvarlege” for at eg starta med blogging,og hadde fulgt bloggen hennar i lengre tid “i smug”.

mia2 Eit år seinare er ho framleis min store favoritt,trur aldri eg sluttar å sei ÅÅHHH!!! høgt for meg sjølv kvar gong eg ser det er nytt innlegg hjå henne.

mia1 Ho har eit fantastisk lite småbruk,der hønene spankulerar fritt, ein fabelaktig hage og ikkje minst eit fortryllande interiør! Ei dyktig dame,uansett kva ho driv på med. Jepp… Mia er min bloggar nr.1 !!!

jordbær Og eg stullar no med mitt… nett no er det jordbærduk til hagebordet eg held på med.Det var mønster til denne i Familien i fjor og eg kjøpte stoff då,men har ikkje kome i gang med den før no.Har endra litt på teksten og lagt til ei ekstra strofe av visa i forhold til mønsteret. Håpar den blir ferdig til jordbærsesongen er her…

mai 09 054 Kanna er ferdig også,ja.

smalahove

Slik ser vossingane ut om hausten… mat må me ha – og godt drikke til ordnar mange med sjølve også…

***************

Var ein snartur utom døra mellom 2 regnbyger for å sjå om grønsakbeda i “hauststormen”, og det såg bra ut heldigvis!

vår herre og eg Eg sår reddik og kvitløk (sjå..dei spirer!!) i minidrivhuset og Vår Herre har planta jordbær og natt-og-dag i steinrøysa mi.Eg set pris på begge deler….

HA EI RIKTIG GOD HELG!

mai 09 049