onsdag, juli 22, 2009

Gje oss latter,vin og glade netter…

-- MORALPREIK OG SODAVATN DAGEN ETTER….

kallen og katten 004 Og dagens moral lyder så her (i desse heite sommarnetter):

Gje deg mens leiken er god. For mykje av det gode kan føra til UTMATTELSE,UTMAGRING,DEHYDRERING – og er ein riktig uheldig…. eit egg kan også bli resultatet når ein leikar for lenge..

kallen og katten 001

ELLER :

Etter den søte kløe,kjem den sure svie……

kallen og katten 003 Berre spør denne høna ! (når ho kjem til hektene att…)

kallen og katten 008

Kallen og katten – bestilling på ei dør

mandag, juli 20, 2009

Ein liten prøve – har nokon prøvd før?

tørka marikåpe Stauden Stormarikåpe er ein kjekk plante å ha i bedet. Den er så fin å bruka saman med både roser og andre blomar i bukettar,den held seg fin lenge,og den er flott der den står i hagen. I dag har eg plukka inn bukettar og hengt til tørk – men eg anar ikkje om det går an å tørka den…. Tenkjer den hadde vore fin å bruka i kransar til hausten og vinteren.

Dette er derimot meir “bankers” for desse har eg tørka mange gonger før.

mynte og lavendel Mynte og lavendel

litt av kvart 012-tile Kruspersille

stikkeholdar Litt maling er det blitt også. Fyrstikkholdar…

litt av kvart 017-tile litt av kvart 019-tile ….og ein rotekopp. (her har eg att å skriva på den) Sjølv om eg har bestillingstopp,er det ein del arbeid som kjem i hus likevel. Først er det dei eg har sagt ja til tidlegare som kjem med bestillingar,og har eg sagt ja,ja…så har eg sagt ja… Så har eg nokre gode og veldig koselege kundar som eg ikkje har lyst å sei nei til,og dermed så har eg ei lang liste også no når eg går på ferie.. Ja,ja..som sagt;det er koselege kundar som er fornøyde berre dei får det ein eller annan gong… og då er det jo ikkje så ille og slett ikkje noko å klaga over:0)

litt av kvart 025-tile Så må eg nesten visa bilde av pipeholurten som veks meg alldeles over hovudet – bokstaveleg talt! Eg brukar å klippa den kvar veke og halda den i sjakk vanlegvis,men i år tenkte eg den skulle få veksa fritt  så lenge det gjekk. No går det ikkje lenger, her kan me ikkje sitta på stolane lenger. Må nok fram med rosesaksa før eg reiser på ferie.

Dette vart visst litt av eit tutti-frutti-innlegg i dag… skulle berre innom for å høyra om nokon hadde prøvd å tørka marikåpe før.. men dei som kjenner meg veit at eg er vanskeleg å stoppa når eg først kjem i gang! Slik vart det i kveld også…

HA EIN FIN-FIN SOMMARKVELD!

onsdag, juli 15, 2009

ÅÅHHH !!

– det kriblar i kroppen av glede – endeleg er tida her for det eg elskar over alt av kvardagssyslar : MATAUK !

første innhausting 002-tile Dagen har så vidt våkna,gradestokken viser 20 varmegrader og eg kan tusla berrføtt gjennom graset for å plukka rips til gele. Ripsen heng i store klasar og lyser som raude edelsteinar. Eg ser rundt om i hagen ;

innhausting-tile - ertene er frodige og runde og må så smått haustast inn og forvellast,persillen og mynten er klar,og kvitløken er på gang – og mine 15 settepoteter er begynt å bløma!

jordbær-tile Jordbær plukkar eg kvar dag.

Så var det ripsgeleen,ja….

rips-tile 1,5 kg.halvmoden rips og 3 dl.vatn blir kokt på svak varme til det har safta seg. La safta sila seg både vel og lenge gjennom sylteklede eller ein koppehåndduk.Kok opp att safta (hugs å skumma godt av for å få klar og fin gele) og la det koka på svak varme i ca.20min. uten lokk.Bland inn 750-800 g.sukker pr.liter saft og rør til sukkeret er smelta. Fyll geleen på glovarme glas og sett på lokk.

Så kan geleen nytast utover vinteren,f.eks.på vaflene til ettermiddagskaffien…

Men no er ripsen min klar for nytt oppkok,den…

første innhausting 014-tile

SKULLE BERRE YNSKJA AT ALLE HADDE EIN LIKE GOD DAG SOM MEG I DAG!!

TILLEGG:

første innhausting 019-tile

Geleen er ferdig :0)

mandag, juli 13, 2009

Tilbake til det gamle…

I dag har eg hatt ein aldri så liten ryddesjau på bloggen, og jammen santen havna eg tilbake til min gamle header også!

rose og sommarfugl Vart nesten litt nostalgisk då eg såg det gamle bildet… det er frå tida FØR BLOGGVERDEN hadde omfavna meg,og eg hadde dette som header i lang tid etter eg begynna med blogging.Så fekk eg lyst på forandring,og forandringar har det blitt mange av,dei siste månadane har eg hatt nytt bilde som skulle passa til årstida.

Men no var altså tida komen for å gå tilbake til det gamle….

sommar 2017-tile-tile Eg har også ordna litt på sideelementa,og lagt inn litt variabelt av det eg målar.Har i tankane at eg skal byta litt på desse bilda også,men tida får visa kva det blir til.Det er uansett litt vanskeleg å sjå detaljar,då det ikkje går å forstørra bilda som ligg på sidemenyen.

sommar 2018-tile-tile Dagane går stort sett til måling for tida,må nytta tida no når det ikkje er så varmt. I dag er det blitt stor kaffikjele og 2 stikkeholdarar. På kveldstid er det “Gatehuset” som blir prioritert…. rydding-rydding-og atter rydding utanfor huset, og i går tok me for oss snekkarverkstaden. 3 store sekkar fulle med sagflis og spon og like mange sekkar med skrot og søppel… Det er nok å ta tak i der i gården….!!

sommar 2020-tile-tile

Med desse nydelege rosene som står i fullt flor no,ynskjer eg at de alle har ein kjempefin sommar og nyt dagane i lange drag!!!

roser

torsdag, juli 09, 2009

Ein tålmodig kunde…

Først av alt må eg beklaga at eg er så dårleg til å besøka mine kjære bloggvener for tida,men eg har rett og slett ikkje funne tid til datamaskina i det siste.Når endeleg den verste varmen har gitt seg,malar eg “på spreng” for å ta att det eg ikkje fekk gjera når det var så varmt.

Så her er resultatet denne veka…

skapdører 005 Eg må sei at denne kunden har vore svææært tålmodig… ho trøstar seg med at det er lett å finna fram service når det manglar skapdører.. heldigvis er det på ei hytte,så dei slepp å sjå på skapet som manglar dørene til dagen!

skapdører 020 3 dører til eit framskap.

skapdører 002 Med det samme eg var begynt på dette motivet,angra eg  grusomt… Raudrev er det finaste dyret eg veit om,og då likar eg ikkje å mala det… blir aldri fornøyd. Det samme gjeld blåklokker,eg malar det aldri fordi eg synes den er så fin.

skapdører 014skapdører 004 Elg og tiur har eg ikkje noko spesielt forhold til,då er det enklare og “dura i veg” med motivet.

skapdører 012 skapdører 006 skapdører 015

Det er endå 2 veker att før ferietid,så eg kjem nok snart innom til kvar og ein etterkvart, men fram til dess:

FRAMLEIS RIKTIG GOD SOMMAR !!!

lørdag, juli 04, 2009

Midtfjords er livet slett ikkje så verst likevel…

Berre SEKUNDAR frå heteslag idag,redda min kjære meg ved å ta meg med på lufting… det var ikkje til å halda ut med varmen lenger!

i Granvin 006i Granvin 001  Granvin er ei lita perle (ei av mange) i Hardanger,berre 20 minuttar med bil heimefrå.På vegen passerar me Skjervefossen, men den var ikkje på sitt mektigaste idag.Dette er eit ynda fotoobjekt for turistane,og det er berre månadar sidan det sist gjekk liv tapt her… dei går for langt ut på kanten og mistar fotfestet. Ingen kjem levande frå eit slikt fall,for fossen fortset på andre sida av vegen også.

i Granvin 009i Granvin 013  Opp med naustdørene og ut med båten! Eg vil kjenna vind i håret…. Båten går ut på skinner, bokstaveleg tala! Det er ein gammal livbåt,det kan stå 20 personar på sida her utan at den lear seg.Motoren er også svært behageleg… høyres ut som ein gammal Gråtass der den kjem med sin dunk-dunk-dunk-lyd…

i Granvin 016i Granvin 025  Å “herlighet” så godt det var å koma på sjøen!!! Og “nista” besto i jordbær og moreller servert på ein gammal fjøskrakk som står i båten,samt kald drikke i kjølebag pluss kaffi.

i Granvin 019i Granvin 030  Litt halvhjarta prøvde me også fiskelukka,utan at det vart den store fangsten.Det var for varmt.Me brukar å få litt forskjellig i fjorden her,og sist fekk me både flyndre,uer,torsk og lange.Steinbit har me fått i store mengder,men det er lenge sidan me har sett ut garna no.

i Granvin 028i Granvin 032  Men alt har ein ende – denne flotte dagen på sjøen likeså… Vetla-jento vår er heima på ferie,og har storkosa seg i båt idag ho også,men syntes det vart mange timar i ro… det første ho gjorde då me kom heim,var å hiva seg på sykkelen for ein trimtur i solsteiken… Medan eg pustar og pesar over ein kyllingsalat på kjøkkenet – litt mat må ein jo ha om det er aldri så varmt! – men å laga salat vert  i alle fall den einaste form for trim for min del…!!

NYT SOMMARNATTA MINE VENNER!!!

i Granvin 023

fredag, juli 03, 2009

Lite med søvn og liten virkelyst -

- lite med motivasjon og lite blogging……

No må det vel snart vera slutt på denne varmen ??! Det er nok mange som kosar seg i dette været,men eg er definitivt ikkje ein av dei!! Eg klagar HØGLYTT berre så de veit det..

Sukk og stønn og pust og pes og huff!

SÅNN! (men det hjelper lite det også)

Me får ta ein runde med vatnekanna i hagen,og de må hjelpa til… SOLREVEN har tatt meg så eg har ikkje krefter til den jobben på eiga hand…

flammentanz Rosene treng litervis med vatn både morgon og kveld.

pipeholurt Pipeholurt veks ikkje på Voss og klarar seg ikkje på vinteren.. vel.. denne veks opp 3 etasjar og vidare opp på taket og er 25 år gammal…

juli 002 juli 005 Peonar likar seg godt i sola og struttar av glede over mangel på regn.Her trengs ei heil kanne med vatn..

juli 027juli 025   Denne ynskjer velkommen på portsøyla.

juli 010 juli 011

Ellers får det bli ein vannskvett  både her og der. Det er berre å følga på med vatnekanna… 1 time om morgonen og 2 timar på kveld går det i vatning.

juli 017 juli 047

Og vatning er alt eg har ORK til i løpet av dagen,så det blir omtrent 0 tid til blogging og kommentarar herifrå. Men når regnet kjem,kjem eg også i form att og DÅ skal eg innom på besøk og skriva MASSE kommentarar…!! Berre vent…

juli 028

GOD HELG OG GOD SOMMAR TIL ALLE SOM ER INNOM TIL MEG :0) 

juli 023