– og me står framfor den aller siste av dei 365 dagane som har kome og gått i 2009. Som vanleg har det vore eit år som har strødd både gleder og sorger på vegen vår, men eg synes at hausten 2009 har kome med vel mykje av sistnemnde og sett oss på ein ekstra prøve.
Dei siste 3 månadane av året har me hatt 3 dødsfall og ein kreftdiagnose i næraste familie.Bortsett frå svigerfar,er det unge liv som brått og brutalt er borte,og eg merkar på kroppen at det har teke både nattesøvn og mykje energi. No kryssar me fingrane for Storajento vår som skal ha ny operasjon rett over nyttår og håpar at 2010 vil bringa med seg lysare dagar for oss alle.
Noko nyttårsløfter har me ikkje tradisjon for i heimen,men det nye året vil føra med seg store omveltningar i kvardagen for vår del.Bilda eg visar frå julepynta hus her i kveld,vert ganske sikkert dei siste.
Neste jul skal eg pynta i ny heim om alt går etter planen,og framande folk skal pynta til jul her på Solbakken – rart å tenkja på…. Rett etter nyttår set me i gang arbeidet med restaurering og påbygg på Gatehuset og reknar med at me flyttar inn utpå seinhausten ein gong. Nytt hus – Ny gate – Nye naboar….
Då er det godt å ha gamle,gode vener rundt seg, vener ein kan lita på og som er der når du treng dei. I morgonkveld skal me feira inngangen til det nye året saman med nokon av desse venene, noko som har vore tradisjon i ei årrekke. Eg gler meg til det!
Eg er tenkt å gå inn i 2010 med modige,faste steg og ta utfordringane som kjem så godt det let seg gjera, og kven veit – kanskje byr året på mest av glade og lette steg?
Så takkar eg for året som er gått, for alle inspirerande og flotte innlegg de har lete meg få ta del i, for alle fine og gode kommentarar de har gitt meg og ynskjer kvar og ein eit
Riktig Godt Nytt År !








































