onsdag, desember 29, 2010

Har du fine romjulsdagar?

– det har i alle fall eg… men det er for kaldt dette her! Det går hardt utover vedlageret og sofaslitasjen er stor!

No er datamaskina mi tilbake frå verkstad, lydlaus og flott! ( den dura og bråka noko forferdeleg,så den har vore til rep. i Kongsvinger – reklamasjonsrep.) Eg fekk jo ikkje lagt ut julebilder slik eg ønska,så i dag skal de få eit billedras frå julepynta heim… Orkar de det,eller….?

Forresten ; dette er eit aldri så lite innlegg til heile REGNSKAPSAVDELINGEN PÅ NOTABENES HOVEDKONTOR som fylgjer bloggen min (nokon har “sladra”..ho.ho.ho..), sååå kjekt!! Og nokre kommentarar har eg også fått frå trivelege damer på kontoret, set STOR pris på det :0)

Vel, her kjem litt av jula på Junibakken -

DSCN2385-horz  DSCN2405-vert    DSCN2461-horz DSCN2429-vert DSCN2435-horz DSCN2432-vert DSCN2423-vert DSCN2457-horz DSCN2456-horz

Heng du framleis med..? Då vil eg i så fall ynskja deg fortsatt fine romjulsdagar (eller melsdagar som me seier her i bygda) og takka for alle som besøkjer meg og tek seg tid til å legga att nokre ord – eg har vore så ALTFOR dårleg til det sjølv i desse flytte/byggetider!

Ha ein god dag:0)

mandag, desember 20, 2010

Ein fin inngang til siste juleveka...


I gårkveld sang me jula inn i den staselege Vangskyrkja, i regi av VOK (Voss og omland kantori) I bitande kulde , snø som knirka under skosålane og raude roser i kinna var det godt å komma inn i ei varm og pynta kyrkje.

Skuldrane senka seg og julegleda og forventningane jula ber med seg seig inn i kroppen saman med all den vakre julesangen.
Dette var ei god opplading til siste innspurt av juleforberedelsane.

I kveld er eg innom på lånt maskin,det begrensar seg derfor med både tekst og bilder.... Maskina mi er i Kongsvinger på "juleferie" ser det ut for... Måtte levera den inn til rep.før garantien gjekk ut (den dura så infernalsk!), men det tek visst si tid !
Eg vil ynskja alle,både familie,bloggvenner og andre venner ei
RIKTIG GOD JUL :0) Nyttårshelsing ventar eg litt med i håp om at min eigen data er på veg heim att.

GOD JUL


mandag, desember 06, 2010

Den store rullekakebakedagen.

Av alle kakeslag er rullekaker det viktigaste her i huset når ungane kjem heim til jul. Så i dag har Nikoline hivd seg rundt med eggedosisen,du….

DSCN2297-vert

Ovnen er ny og ukjend,men det gjekk bra – rullekaker på “løpande bånd” med godt,nyrørt bringebærsyltetøy, mmmm….

DSCN2301-vert

Eit av privilegia til kokken – smaksprøve:0)

DSCN2305-horz

Og når ein først er i gang med rørebollar og mjøl oppover armane kan ein like godt blanda saman til ei røre ekstra. Synes sjølv eg har vore ganske så lur i dag; med nøtteallergi har eg laga nøtteruter – då seier det seg sjølv kor mykje eg kan eta av desse…. Eit slankande kakeslag for min del! Det største norgesglaset er oppfylt og ventar på julegjestene. Det fine sinkhjarta har Alva laga til meg.

DSCN2295-vert

Ruth ,utflytta trønder i Scottland, har laga nydelege pulsvarmarar til meg,dei kom i posten i dag. Som om dette ikkje var nok hadde ho lagt med endå eit par,litt enklare (som eg gløymde å ta bilde av) så tusen,tusen takk Ruth! Du er ein racer med strikkepinnane!

DSCN2308-horz

Vel, veka har starta bra denne desembermandagen, pakke i posten, lovnad om at snekkarane kjem for å bygga soverom og bad til meg og vellukka julebakst. Kva meir kan ein vel forlanga då? Ynskjer alle ei flott veke, og håpar de er i rute med juleforberedelsane de også:0) På spiskammerset begynnar det å sjå bra ut ang. baksten ser du. God mandag og takk for alle besøk og koselege kommentarar!

lørdag, desember 04, 2010

Flashback…

Det er tid for julegavehandel – og butikkane bugnar av fristande ting!

Alle gåvene som skal sendast ligg ferdig innpakka,pynta og klare for posten.

DSCN2293-tile

Men så var det dette med fristelsar då…. det vart ei (eller eit par) lita førjulsgåve til meg sjølv også. Eit utruleg herleg pelsteppe og vintersleg pute til hallen.

DSCN2277-tile

Då eg heldt på og “dandera” herlegheita kom eg plutseleg på ein episode då eg var 6 år. Veka før jul bar det avgårde på Vangen for den store julehandelen, eg hadde fått eigne pengar og portemonè for første gong og mamma skulle halda seg i bakgrunnen og eg skulle ordna alt “på eiga hand”. Det gjekk jo veldig greit det,eg kjøpte det eg lika sjølv til alle, blandt anna vart det ein stor marsipangris til pappaen min som ikkje smaka snop av noko slag (bortsett frå den jula han skar eit stykke av grisen,smatta og skrytte av at det var den BESTE marsipanen han hadde smaka noko gong!!) Mamma fekk glansbilder med glitter på (og var SÅÅ fornøyd,brukte dei faktisk i sangboka si også!)

D

Men så til poenget:

Til bror min,som var 5 år eldre enn meg, kjøpte eg julebukkmaske. Dette var relativt nye ting som var kome i gummi for første gong,og eg kjøpte eit gutefjes. I butikken hadde dei også jentemasker,sååå fiiine!! Før eg tenkte meg noko meir om,sto eg med ei fin jentemaske innpakka også. Vèl heima vart det sett merkelapp på med TIL MEG SJØLV FRÅ MEG SJØLV og på julaftan låg den under treet.

DSCN2287-tile

Mamma hadde sjølvsagt fått med seg heile hendelsen,men sa ingenting om det før eg var vaksen. Det ho aldri gløymde var då eg pakka det opp på julaftan… Alldeles forundra og med tindrande auger heldt eg opp maska og ropte “SJÅÅ kva eg har fått då!!”

DSCN2286-tile

Kva anna eg fekk den jula anar eg ikkje,men julebukkmaska til meg sjølv frå meg sjølv hugsar eg godt at eg “fekk”…

Og i dag har eg altså “fått” eit fin-fint pledd og ei pute med vintermotiv.

SJÅÅ KVA EG HAR FÅTT DÅ!!!

DSCN2288-tile

torsdag, desember 02, 2010

Jolaførebuing…

I alle år har eg tatt på meg målearbeid fram til midt i november, etter det har det vore heilt stopp på bestillingar. Då vil eg ha tida for meg sjølv for å kosa meg med alt som høyrer jula til. I år derimot – er ALT snudd på hovudet… eg har sagt nei til alle henvendelsar om måling heile året – fram til desember…

I dag har eg svinga penselen att etter gammalt,for eg har lova (i eit overmotig augeblikk) å måla 4 bunadskrin før jul.

STEP BY STEP…

DSCN2254-tile DSCN2262-tile  DSCN2264-tileDSCN2266-tile

Då var det første ferdig (nesten),har att og måla navn/dato på skrinet

- og då er det berre 3 att…………….

Ha ein flott fredag,

DSCN2274-ver2t