søndag, februar 27, 2011

Ein lang og innholdsrik søndag,

i alle fall sportsleg sett…

Brannmannen som er gammal hoppar – sågar kretsmester – har det ikkje vore så god å få kontakt med i ettermiddag under hopprennet i VM. Men eg kosar meg egentleg litt med å sjå på HAN like mykje som eg ser på skjermen, for eg ser kor han tek sats og rykkjer automatisk til med det samme dei hoppar utfor… og er det eit superhopp frå ein av nordmennene er det rett før han tek sats og fyk ut frå godstolen saman med han på hoppkanten… I dag var han ikkje så nådig då Romøren skulle vera med, og tippa på “kulen og ein halv” – og vart desto meir i ekstase då stakkars Romøren gjorde eit kjempehopp!  Alt i alt ; det er berre å ta av seg hatten og gratulera både langrenn- og hoppgutane i dag!!

DSCN2968-vert

Apropos brannmannen – han hadde IKKJE gløymt bryllupsdagen sist veke ;0) (og det var det visst ingen i blogglandia som trudde heller…)  Han hadde tråla alle blomsterforretningar etter roser,men var misfornøyd med utvalget og hadde havna opp med ein sammenplantning på siste butikk.

Og det var ikkje noko dårleg alternativ – både gåsungar og ein flott froskeprins hadde han med i korga. Eg veit det er mange der ute som påstår dei har verdens beste mann , men det er EG som har han!!!

DSCN2971-vert

Eg har ikkje fått tid å vera innom til så mange dei siste dagane, men ser det er fleire som lurar på korleis eg hadde laga kanten på mugrug`sen.

DSCN2974-vert

Eg hekla rett og slett heile bakstykket i fastmaskar og avslutta med ein “blondekant”. Deretter sydde eg på stoffet på framsida etter eg hadde vrangsydd det med fòr. Veldig enkelt og greit.

DSCN2978-vert DSCN2980-vert

Så til slutt – eit bilde av huset etter påbygg,for endeleg kom eg meg så langt ned i hagen (i snømassane) at eg fekk med heile huset i kameraet. Men innvendig er me ikkje lenger enn dette:

DSCN2981-vert

Soverommet med walk-in-garderobe

DSCN2982-vert

- og her blir det bad. De skal få sjå litt etter litt som framgangen går…

Tusen hjarteleg takk for så mange gode gratulasjonar i forrige innlegg, og brannmannen sender ei helsing til alle som hadde god tru på han! (han lurde på om eg VERKELEG TRUDDE at han hadde gløymt dagen – og eg ber om unnskyldning for det)

Ha ein fin-fin søndagskveld, god veke i vente og sist men ikkje minst…. neste veke er me i vårmånaden mars!!!

onsdag, februar 23, 2011

Ein av våre merkedagar.

DSCN2947-vert

I dag kan me feira 37 års ekteskap min kjære og eg…

DSCN2955-horz

Kaka er komme i steikeovnen og i kjøleskapet ligg det herleg røykt blåkveita som skal vera til middag.

DSCN2957-horz

MEN – eg har ikkje høyrt noko frå ektemannen i dag… han brukar ALLTID å ringa eller komma innom i løpet av arbeidsdagen på bryllupsdagen vår, men altså ikkje idag…!? Har han gløymt dagen vår skal tru? I så fall er det FØRSTE gongen på desse 37 åra…

I alle fall – GRATULERAR med dagen kjærasten min :0)

pute DSCN2952-vert

Den runde puta er ferdig, og s-n-a-r-t er eg ferdig med 4 *mugrugs*- krusunderlag.

DSCN2958-horz

Ha ein strålande februardag!

onsdag, februar 16, 2011

Siste nytt…

Då brannmannen gjekk på vakt fredag ettermiddag og Nikoline vart aleina i heimen og kunne stulla og stella med kva ho ville, bestemte ho seg for å fronta symaskin-fobien sin…

Og veit du kva – ??  - det gjekk som ein leik – !!

DSCN2928-horz

Frå ei gardin,svart botn med roser, kjøpt på brukten for kr.5,- (fekk den hjå Trollkåno) klypte eg ut rosemotiv som eg så sydde på rute/prikke-stoff i beige fargetonar.

DSCN2930-horz

Dette er tenkt til hagemøblane me skal ha på takterassen (dei er i brun rotting så dette vil passa bra i fargane trur eg)

DSCN2928-horz-tile

Ei rund pute er i emning, samt ein liten duk til bordet. På duken er det sydd rosemotiv i kortendane og no held eg på med broderi *La vie en Rose*på langsidene.

DSCN2932-horz

Når eg no var komme over vegringa for å sy på maskin tok eg fram lappane til sengeteppet også. Eller – sengeløpar heiter det visst på fint – det skal brukast på senga saman med hekla sengeteppe. – når eg får nytt soverom -

Huff,dette var eit grådig dårleg bilde ser eg no…

DSCN2936-horz-tile DSCN2945-horz-tile

Brannmannen går av vakt på fredag,men går rett på ekstra øvelse i fjellet så når han kjem heim lørdagkveld går eg ut frå at teppet og duken er ferdigsydd. (Synes faktisk det er svært behageleg å ha berre seg sjølv å ta hensyn til innimellom – bruka dagen som det passar seg, eta når ein er svolten og plystra langt etter middagen om ein vil det…)

DSCN2933-horz-tile

Ja,så dette var siste nytt på Junibakken denne gongen…. No må eg setta meg med symaskina att.. :0)

torsdag, februar 10, 2011

Nokon som ventar på VÅREN??

På Voss er det i alle fall laaangt frå noko vårstemning utfor husveggene i dag!

DSCN2914-vert

Slik er utsikten mot hagen nett no… ser ikkje ut… Alt er eit einaste snøråk  og eg ser knapt nabohusa. Ser du snøen oppover stoveglaset?

DSCN2919-vert

Og slik ser det ut inne på gatealtanen. Ikkje mykje innbydande og setta seg ned med kaffikoppen ved bordet her.. Men eg kosar meg storleg på det nye arbeidsrommet mitt sjølv om det er kjempetregt å komma i gang med noko fornuftig arbeid….

DSCN2902-horz

Kan jo på ein måte seia eg er begynt – for eg har tegna opp eit mønster og to som skal bli til veggfjøl med oppskrift til ostekake + eit skilt med ordtak… sjølv om det ikkje er kome lenger enn på eit ark matpapir (*han rose seg sjølv han som ikkje har bygda å lita på*)

Om ikkje så lenge skal eg på “torsdagstreff” med Trollkåno og ei anna venninne (IKKJE-bloggar), me møtes på kafè og skravlar eit par timar og har det VELDIG triveleg!! Men skal eg komma meg ut må eg aller først fram med snømåka for å laga meg veg.

DSCN2920-vert

Her kjem ein seg omtrent ikkje fram til trappa utanfor inngangsdøra eingong!

Ha det fint då :0) 

lørdag, februar 05, 2011

Verkstaden….

I kveld står døra “på vid vegg” om du har lyst å komma innanfor, i motsetning til sist då du kun fekk eit glimt i forbifarten av eit dunkelt rom med døra på gløtt…

DSCN2896-vert

Arbeidsplassen – før/etter :

DSCF8301-vert

Avslapping - om ein føler trang til det… før/etter

DSCF8290-vert

Her er det framleis eit konglemerat av skøyteledningar – det må eg læra meg å leva med fram til elektrikaren kjem att, men det går jo an å stryka klær slik det er no også. (Og stryketøykorgene er IKKJE tomme ser du…)

DSCF8285-vert

No står det att ei brannmurlist og røyr til vedovnen, såååå er rommet klart for bruk!!

DSCN2853-vert DSCN2872-vert

Det er ikkje rart at det tek lang tid å få det ferdig slik som eg dillar på… her har eg malt små skilt til alle korgene – med nummer på – og permane har fått mjukt tapettrekk med metallhjørner (tidlegare var det nokså fargerikt i blått,raudt,kvitt,gult,svart,grønt…og burgunder…

Bitte litt nytt har eg bevilga meg :

litt nytt-vert

Skikkeleg SJEFSTOL! Og eg har strikka puff med dundynefyll så det blir godt å spenna kalde fotar på.

håndtak-horz

Elles har eg brukt ALT gammalt som kunne brukast av det som var på rommet frå før. Gamle skåphåndtak/skuffehåndtak/dørhåndtak er blitt skrudd av,pussa og vaska og skrudd på att.

DSCN2841-vert

Nede på garasjeloftet har min kjære snekkarverkstaden sin, og no lyser det i vindauga og Rod Stewart-musikk dundrar i veggene så då lovar det godt for at siste lista til MIN verkstad snart er på plass *blunk*

DSCN2847

De skal nok bli “plaga” med fleire reportasjar frå verkstaden framover – eg er såååå fornøyd med det min kjære har fått til (de ser jo sjølve korleis det såg ut då me tok fatt på det – og dei bilda er teke ETTER at me hadde rydda oss gangveg inn!!

Riktig god lørdagskveld alle som er innom :0)