onsdag, september 28, 2011

Eg tek vare på det meste -

… og kan vel trygt kalla meg ein samlar, noko som kan vera til fortvilelse mang ein gong for han som bur saman med meg…!

DSCN3946-vert1

Då eg skulle tøma kleskapa etter svigerfar tok eg vare på alle pyamasar og skjorter, vaska det og spretta det opp i saumane. I sommar vart pyamasar,skjorter og dongeri til ein blå,blå duk – 

DSCN3947-vert

- eller eit teppe om ein vil det. Med blondekant…

pagekjøk1pagekjøk2

Kjøkkenet er ellers også fyllt med blå detaljar for tida før det om eit par månadar går over til raudt.

pagekjøk3

Men det var altså pyamasduken eg ville visa deg i dag – no må eg snart “hiva meg” på toget til Bergen – skal på MR i ettermiddag.

DSCN3945-vert

Ha ein fin-fin dag alle mann:0)

søndag, september 18, 2011

Ei hausthelg lakkar mot slutten..

Himmelen visar seg nesten dramatisk i haustkvelden -

DSCN3874-tile

- og i gårmorgon kunne me notera første frostnatta. Litt tidleg det,synes eg… men frostnetter betyr jo fine dagar då.:0) Eit anna tegn på haust kom i stova i kveld – tynne lette blondegardiner vart bytt ut med dei litt lunare “vinter-halvårs-gardinene” og ærleg talt synes eg det var riktig så koseleg.

DSCN3880-tile

Helga har vore av det gooode slaget . Bergenshelg i selskap med gode venner, overnatting på Hotell Norge, revy med RASKE MENN, godt vær og god mat! Med andre ord:HEILT TOPP! (riktignok regna det i Bergen i dag, men gårsdagen var mild og fin.) Då me ankom Voss i ettermiddag avslutta me helgesamværet med middag på kinarestauranten og gjekk kvar til vårt. Eg for min del – rett heim og hengde opp haustgardiner…..

velkommen

Litt haustfint er det blitt utfor døra også. Mykje har takka for seg (og mykje er framleis ikkje planta og laga ferdig…!!) i hagen,men ein del held stand endå. Hortensiatreet – som er det einaste som står att etter svigermor sitt mangfald av plantar her i hagen – blømer så det er ein fryd!

pagehort.pagejordb.

Og jordbær…. både bær og blomar i mengeder framleis!

pagekasse

Denne har blømd sidan tidleg i mai. Her synes eg også de må merka dekan den flotte blomekassa som Vetlajento har laga til meg, kjem litt dårleg fram kanskje…

tøm

No håpar eg på nokre fine haustdagar framover så eg kan gjera hagen vinterklar – som de ser så står hagestøvlane klare og ventar på soliga dagar:0)

pagevelk.

Håpar det er ei fin og god helg som snart er over for dekan også – eg har i alle fall fått lada batteria for ein ny vekestart. No startar det ny serie om Kennedy på NRK, den må eg ha med meg.

Ha ein fin kveld vidare alle som er innom meg:0)

tirsdag, september 13, 2011

Lat meg få presentera…

– mitt (vårt) fjerde barnebarn!

DSCN3804-tile

Fødd på sjølvaste terrordagen. Herlighet for ei lita god og snill jente! De kan tru Besto har storkosa seg nokre dagar no!!

Og storesøskena var svært stolte over den nydelege “familieforøkelsen”

DSCN3787-horz-horz

Dei overtok etter tur for kvar minste knyst som kom frå vesle Leah.

Men det tek på å vera så populær :

DSCN3819-tile-tile

No er huset tomt og Besto går og snusar rundt etter restane av babylukt som har fyllt huset dei siste dagane.

DSCN3799-horz

Trønderprinsessa vår har vore på shopping med Besten,berre dei toan,og då vart det VOSSATAUS på brystet.Dei hadde også kjøpt med seg body til Leah – VOSSAKRYP – huffameg… det hadde vel neppe blitt den teksten på dersom Besto hadde vore med… Gutane går sjølvsagt rundt med VOSSAKAR på brystet…!

DSCN3806

Men Besten har vore på shopping tidlegare i haust også han – til mi stooore overrasking var det møblar det dreia seg om denne gongen – det får komma i eit anna innlegg -

DSCN3828-vert-horz

badet går det framover smått om senn.

DSCN3783-tile-tile

Fann ein speigel eg så ABSOLUTT ville ha der inne,men den fanns berre i gullfarga. Då måtte det Hammerite og pensel til – og resultatet vart at speigelen passa perfekt inn! I kveld skal det monteras dusjkabinett.

DSCN3811-tile

Ha ein fin kveld alle saman:0)

Eit aldri så lite TILLEGG:dusjkabinettet manglar botn = ingen montering:0( !!!!!

torsdag, september 08, 2011

Her snakkar me VERKELEG gjenbruk!

(-no er eg visst riktig i gang igjen..:0)

Hugsar de dei første bosspanna me fekk kommunalt? Tette metalldunkar. Eit par slike har eg tatt godt vare på med tanke på eit spesielt bruksområde. Det første kjem her:

DSCN3765-tile-horz

Skikkeleg skrubbing og steaming måtte til!

DSCN3764-tile-horz

Etterpå var det fram med måling og pensel – og heklekrok… Måla kvit tekst “Skittentøy” og av ein eldgammal sund linduk klipte eg av ein ende og fellte inn ei hekla borde.

DSCN3771-tile

Neste skritt var å sy ein “sekk” inni spannet – den vart til av eit gammalt kvitt lerretslaken.

DSCN3777-tile

Og simsalabim !! Ein unik skittentøydunk til det nye badet… av berre gammalt!

DSCN3779-tile-horz

Neste prosjekt er denne snertne vesle greia her. Ei miniklerulle eg fann på Låven på Skarnes i sommar. Men vask og puss må nok til her også!

********************************************

Så kan eg vel sei at eg er på ein måte blitt til “gjenbruk” eg også…. I sommar fekk me (nokså uventa) tenåring i hus att – og for ein berikelse!! Men litt rart å troppa opp på foreldremøte på ungdomskulen att , det er faktisk 22 år sidan sist eg var innom dørene der…

DSCN3701

Kjekt er det i alle fall:0)

PS: DETTE bildet har tenåringen David valgt ut sjølv!! Eg hadde faktisk INGEN planar om å delta på bildet sjølv… men – men – kva gjer ein ikkje for sine kjære…?

tirsdag, september 06, 2011

Tida går…. og Nikoline består…

 

Det er vel på sin plass å erstatta midtsommarkransen med noko litt meir haustleg no etter kvart…. sjølv om eg IKKJE er tilbake som fast bloggar endå.

DSCN3736-vert-vert

Men eg er her altså framleis – stullar og steller og gler meg over hausten som er komen – mi absolutte favorittid!!

DSCN3725-vert-tile

Siste rom i 1.etasje på “gatehuset” (mine gode trufaste følgarar veit kva det dreiar seg om her) er snaaaart ferdig!

Kombinert bad og vaskerom – og då må det jo vera på stell sann…!

DSCN3737-vert-vert

Fargane går i ENGFIOL, EGGKVIT og GRÅ og eg er riktig fornøyd så langt.

Ein liten kuriositet frå den gong huset var nytt (1947) og hadde fått vassklosett – det var det ikkje så mange som hadde på den tid! Dermed var bruksanvisning i glas og ramme “særs nyttig”

DSCN3740-vert-vert

Det skal opp att på veggen – om ikkje anna så for å forsikra meg om at det ikkje på noko måte vert nytta avispapir til å tørka seg med!

Ha ein eventyrleg haust kjære venner, og tusen,tusen takk for alle dei fine orda de har lagt att hjå meg ( – likar jo litt å høyra at de savnar meg her i blogglandia.. hi.hi..)

Ha det godt – eg kjem nok att ein eller annan gong :0)