onsdag, mars 28, 2012

“På kjøretøyet skal storfolk kjennes…”

DSCN5218

Det er VÅR – det er spenning i lufta – sevja stig og alt vaknar til liv.

DSCN5215

Det er tid for skuleball og kjekk ungdom har pynta seg til fest. Våryre og fulle av spenning har dei forberedt ballet i lang tid – og det vart tidleg klart at “vår” ungdom hadde ynskje om å koma standsmessig til ballet i brannbil….

DSCN5220

Brannmannen stiller opp – som alltid. Den største spenninga var været, vart det opphald i regnet lenge nok til at gamle veteranbilen kunne brukas? Der sit dei utandørs.

DSCN5221

Og ja.. værgudane var med på laget, og desse flotte,staute karane er krye som påskehanar her dei sit… (og eg er kry som ei påskehøne og synes det er SÅÅÅ fine gutar – sjølv om ingen av dei er mine!!)

DSCN5224

“Fylgje” ventar på skulen, brannbilskyss er ikkje det ideelle med ballkjolar på. Så her forsvinn gutane nedover gata og har ein spennande kveld framfor seg.

Og her sit eg då, miiilevis frå den tida ein var 16 år og skuleball var aktuelt… MEN med våryr kjensle i den gamle skrotten,lukkeleg over livet uansett! No skal eg hoppa i dusjen og så skal eg ta meg ein rusletur i den fine vårkvelden med mine alldeles NYE VÅRSKO!

DSCN5227

* Livet er det du gjer det til *

fredag, mars 23, 2012

Kva er eg på utkikk etter trur du ?

pagenær-tile

Er det etter dei pelskledde i skog og mark – ? Nei.

DSCN5164-tile

Eller er det etter dei fjørkledde som kvitrar så muntert for tida – ? Nei.

DSCN5169-tile

Kan det vera etter påsken som står for døra – ? Tja…

DSCN5167-tile

Eller kikrar eg desperat etter VÅREN – ? Jaa !

DSCN5171-tile

Men aller mest AKKURAT NO er eg på utkikk etter ein plass eg kan få henga opp denne gamle ( og ubrukelege ) kikkerten rett og slett berre for stas…

DSCN5158-tile

Ei kjedeleg svart kikkertveske er pynta på med maling og decopage i staden for å gå i søppelbøtta.

Ha ei strålande helg folkens !! :0)

søndag, mars 18, 2012

Ut på tur–aldri sur…

– i alle fall ikkje sur når ein kan “promenera” i nystrikka jakke med tilhøyrande nysydd veske!

DSCN5146-tile

Må sei meg nøgd med vekas prosjekt:0) Jakka vart ferdig og ei lita skulderveske vart skapt.

page3

Her ser du kor mykje eit bilde kan lyga på fargane – samme jakka som på bildet over,men det er det øverste som stemmer best i fargen.

page2

Var visst framleis i “vår-rus” då eg begynte på veska for det har lurt seg med både fugl på grein og egg i reir… Og eit par ekstra lyklar kan vera godt å ha med i reserve – om uhellet skulle vera ute …

Kva har du styrt på med i helga? I morgon er det ny veke og endå eit lite steg nærare vår!

page1

God søndagskveld :0)

søndag, mars 11, 2012

Ein gammal gris er ikkje alltid så lett å bli kvitt…

Han her har “forfulgt” meg i over 20 år og hengt seg med på kvart flyttelass. Putta inn i eit skap gong etter gong – i mangel av både ramme og veggplass.

DSCN5109

Så her om dagen dukka han nok ein gong opp (eller fram frå eit skåp rettare sagt) og no har eg egentleg veggplass til han… men det mangla framleis glas og ramme. Plutseleg dukka det opp ein ny ide -

DSCN5123-tile 

- og det var å laga ei ramme av stoff!

Ein flekkete og misfarga damaskduk var “som skapt” til formålet!

pagedetaljDSCN5117-tile

No har eg eit grisete bilde eg er retteleg fornøyd med, og sjølv om dette er eit Eva Rosenstand-broderi som sikkert mange andre også har brodert i si tid, så er det INGEN som har eit som er likt på mitt :0)

DSCN5124

Her skal den opp så snart brannmannen min har laga til ei list den skal henga på.

Så moralen i dette må vera som det har vore – kast ikkje noko du er lei,er gammalt eller du trur du ALDRI kjem til å bruka meir – det kan ALLTID komma til nytte ein vakker dag!

GOD SØNDAG – med eller utan ein gammal gris på kjøkkenet :0)

onsdag, mars 07, 2012

Vårleg på kjøkkenveggen.

Det er altså slett ikkje slik at eg har noko form for bloggtørkelidelse – det er berre det at eg var FAST BESTEMT på å ikkje skriva nytt innlegg før eg hadde vore rundt om til mine bloggvener og lagt att ei lita helsing… Så er det slik fatt at eg har ikkje gjort det eg skulle og likevel blir det eit nytt innlegg her. Litt meir sjølvdisiplin hadde vore på sin plass når det gjeld Nikoline!!

DSCN5094-tile

Regnet piskar på glasrutene og vinden ruskar med seg alt som er laust i dag – men krokusen er begynt og titta opp av jorda og DÅÅ kjem eg i vårstemning uansett vær og vind. Med nyskura kjøkken frå tak til golv følte eg for litt “ommøblering” på kjøkkenveggen og laga det litt meir lyst og vårleg.

DSCN5099-tile

På denne veggen heng det også ei lita hylle med skuffer i. Allerede FØR me flytta inn hadde Feiarmester Harald bestemt at eine skuffa var HANS! Den samme feiarmesteren bestemte også kva som skulle stå på etiketten – FEIAREN SI…. Og kva har så feiarmesteren i skuffa si då..? Litt lakris og eit par karamellar som han kan kosa seg med FØR han skal på taket, litt flytande som han kan ta ein slurk og to av ETTER han har vore på taket (han brukar sykkel når han skal feia hjå meg altså…) og så har han sjølv bringa hit ei flaske antibac (steriliserande) for som han uttrykte det sjølv : eg likar å vaska meg etterpå,eg.. ( Og ja, feiarar vert jo fort veldig svarte på hendene) Nei, no er det nok tull, får gje meg før eg havnar heilt utpå viddene her…

pageHarald

Og mens eg ventar på sollyset i trappegangen så eg kan ta bilder av fix-ferdig oppussing der, skal de i neste innlegg få stifta bekjentskap med ein gammal gris… usj….

DSCN5103-tile

Til slutt i kveld sender eg ei varm takk til alle som gje meg så mange gode ord,og eg takkar for at så mange fortel at eg er til stor inspirasjon! Eg takkar for flotte mailar og eg LOVAR å koma med svar til alle som har spurt om eg vil mala sikringskapet deira:0) SNART! Takk til alle som kikkar innom til meg og gjer det kjekt å vera bloggar! GOD KVELD TIL ALLE :0)

DSCN5126-tile