torsdag, mai 10, 2012

Ny postkasse :0)

Hei,hei. Har du lyst å sjå den flunkande nye postkassa mi?

Det var det eg visste… *blunk*

DSCN5317-tile

Postkassa er kjøpt hjå Landlige Hjem der Anki yter rask og topp service!

DSCN5319-vert

Men eg klarde sjølvsagt ikkje “dy meg” når eg ser slike fristande sinkflater som kan målast på – eg måtte fram med penslane…

DSCN5325-tile

Motivet vart (som så VELDIG ofte) fuglar. No ventar postkassa på oppheng, men først skal det snekrast stakittgjerde langs gata. Her foregår det mykje for tida, på alle kantar av huset, så neste innlegg skal handla om akkurat det! Då skal me sjå om det har vore noko framgang på prosjektet de fekk eit glimt av i forrige innlegg og jammen fekk eg meg ein god latter mang ein gong når eg las kommentarane og alle dei fantastiske forslaga om kva dette skal bli:0) Takk for at de framleis giddar å legga att nokre ord til denne sløve Nikoline som er så slapp på kommentarfronten for tida!

Ha ein flott maidag då!

onsdag, mai 02, 2012

Sol frå klar himmel -

                    dag etter dag -

og då må blogg vera blogg fram til regnet kjem….

DSCN5295

No er ein mangeårig draum i ferd med å bli oppfylt :0) Dette er i alle fall ein begynnelse…

DSCN5291

Ha ein flott kveld!