mandag, juni 25, 2012

Eg er så eitrande galen!!!

Ja, ikkje berre eitrande galen – men rasande forb…. egentleg!

DSCN5570-tile

På fredag hadde me nokre skikkelege vindrosser som tok med seg det meste som var laust – også duken eg broderar siste rest på,for den låg lett henslengt på hagebordet. Då eg kom ut fann eg att broderiet i hagen,saman med ei skjor… (skjære på “fint” eller sjur som far min sa) Skjorene her i Haugamoen er så tamme at dei er med på vatnerunden i hagen for å få dusja seg og sit på rekkverket og ventar på godbitar når me sit ute og grillar. Vanlegvis likar eg godt skjora, men er ikkje så sikker på at eg skal fortsetja med DET!

DSCN5562-tile

Antakeleg har ho trudd at dei broderte jordbæra kunne smaka godt, for ho dreiv eit nitidig arbeid med å få dei frå stoffet… Dette vart resultatet! Masse små hol med avhakka trådar, mest rundt kantane men også midt på duken. Eg var NESTEN ferdig med broderiet så eg veit ikkje heilt kva eg skal gjera med den… i første omgang får eg vel setta meg ned med “lappesaker” og sjå kva eg får til, men gleda med duken og broderiet er borte!

DSCN5564-tile

Men positive ting har heldigvis også skjedd – for på jonsokaftan fekk me vera med å feira to FLOTTE 50åringar ute på Sotra!

DSCN5573-tile

Tusen takk for ein kjempefin dag Anne Karin og Sidsel :0) !!

Og så ynskjer eg alle andre som er innom her ein fin-fin dag også! (med eller utan irriterande skjorer i hagen…)

søndag, juni 03, 2012

Litt framgang…..

DSCN5371-tile-tile

Eit lite livstegn frå ei litt sjaber Nikoline :0)

Forrige helg var me nordover i konfirmasjon til  eit av våre kjære barnebarn. Ein flott dag med ein flott gut som “gjekk inn i dei vaksnes rekker”

DSCN5436-tile-tile

I veka som har gått har det vore så som så med forma, men litt framgang i hageprosjektet har det då blitt… (men det går forholdsvis tregt – dog i riktig retning – på FRAM

MAI:

DSCN5307-horz-tile

JUNI:

DSCN5439-tile

(Som sikkert dei fleste har forstått så skal eg få meg drivhus) No skal det taksperrer på og i kjellaren står to flotte dører som skal malast og brukast i drivhuset. Hekla gardinkapper til dørene ligg ferdig og klare for oppheng – godt med alt som er gjort, er det ikkje så?

DSCN5366-tile

Eg ynskjer alle ein strålande søndag med DUFT AV SYRIN :0)

DSCN5443-tile