onsdag, mai 29, 2013

Ein vakker maidag

SAM_0904

Noko av det vakraste skaparverket gjev oss i maigåve – epleblomen.

Denne maidagen fekk me også vår førstefødde for 39 år sidan – verdas vakraste gutebarn.

Gratulerar med dagen Jens! ( det blir sommarfuglkake for 39.gong når du kjem heim til jonsok)

SAM_0903

Me feirar denne vakre maikvelden med jordbær på terassen i 26 VARME grader, ha ein fin-fin kveld alle :0)

fredag, mai 24, 2013

Hei Magne :0)

Rosene er raude

fiolane er blå

sitroner nokså sure

og EG er like så….

SAM_0893-tile-horz

  - fordi det meste av hagen har gått dukken under tjukke islag i vinter! Alle pionane bl.anna! Og hundrevis av tulipanløk som vart sett i jorda i fjorhaust – ikkje EIN av dei kjem!

SAM_0898-tile-horz

Inne i drivhuset kan eg SURA meg saman med sitronene mine…….

SAM_0885-tile-vert

Pallekarmane er blitt kvitmåla med svarte jernbeslag og eit lite dikt om frøet av Inger Hagerup.

SAM_0894-horz

Akkurat no er det 7 store,flotte sitroner på treet.

Nokre er begynt å få gulskjær i skalet, andre er så vidt i gang med voksteren.

SAM_0901-tile-horz

Ein får gleda seg over det vesle som har klart seg gjennom “istida” og så er det berre å starta opp att med hage og bed på nytt.

GOD HELG til både Magne og alle de andre som tek tida til å kikka innom meg :0)

tirsdag, mai 14, 2013

Me held oss helst innomhus

– både eg og plantane i denne seine,kalde våren.

SAM_0855-tile

Velkommen inn i drivhuset

SAM_0881-tileSAM_0875-tile

- som ikkje er heilt ferdig innvendig endå. Det manglar litt panel, lister på 3 glas og ein krane over vasken.

SAM_0859-tileSAM_0865-tile

Eg har sydd nye puter og stolane er nymåla, resten er gemalen sin jobb.

SAM_0875

Her skal det bli ein spennande krok (trur eg…) for her skal det plantast drueranke i den gamle stampen. Å hildrande du – når brannmannen og eg set oss ned med god vin i glaset og berre kan strekka handa ut etter søte blå druer på greinene – jadå,det er lov å drøyma -

SAM_0858-tileSAM_0859

Ein stor kasse med pallekarmar er under arbeid ( skal få nokre strøk måling og litt tekst ) og i den skal det blandt anna veksa sitrontre. Sitronene er allerede store, men endå grøne. Den første Rhododendronen er innkjøpt til Junibakken, den får også vera innomhus ei stund til så den ikkje skal frysa på føtene stakkar. Eføyen har overvintra og ser ut til å klara seg bra.

SAM_0876-tileSAM_0866-tile

Og – fordi det framleis er lov å drøyma – ventar eg på ein god og varm 17.mai og seier gratulerar så masse med dagen litt på forhånd!

SAM_0882-tile

No skal eg ha meg ein kaffikopp under markisa for å få varmen i skrotten att etter fotostunda i drivhuset.

SAM_0868-tile

Ha ein flott dag :0)