onsdag, desember 10, 2014

Vesle Julie og gjengen.

Heilt sidan me flytta og busette oss sentralt har eg hatt ein draum om å opna eit lite utsalg i kjellaren, der eg kan tilby det eg syslar med i kvardagen. I sommar trudde eg verkeleg at draumen skulle oppfyllas dette året. Men først hadde me ein durabeleg jobb å gjera : tømma heile kjellaren der tusenkunstnaren svigerfar hadde samla på ALT du kan tenkja deg det går an å samla på gjennom 60 år! Det var små “stiar” å koma seg fram på i alle rom og me bar ut 19 TONN berre i metall…. Med stort pågangsmot sette me i gang med oppretting av veggar,tak og golv, isolerte og panela. Alle ledige stunder vart nytta til produksjon men då hausten kom måtte eg berre innsjå at dei ledige stundene vart alt for få og alt for korte. For å opna eit utsalg må ein fyrst og fremst ha varer å selgja.

I dag kan de få helsa på vesle Julie som vart så søt og blyg…

SAM_1790-horz

Kropp av lerret og ansikt av cernit. Det var så kjekt å laga denn vesle nissejenta så no har ho fått ein heil gjeng med seg.

SAM_1791-horzSAM_1792-horz

Her har du Jakob med fela, han er så grueleg glad i musikk og dans, Johanna har fyllt korga si med epler og Joar drassar rundt på halmbukken han er så glad i.

SAM_1795-horz

Jørid har grauten klar og Jarand er på veg ut for å skri på kjelke.

I samband med “hovudlokalet” er det eit lite rom eg har laga til julerom. Der er det begynt å fyllast nokså bra opp, men det er plass til MYKJE meir endå. Målinga mi har gått trått, berre nokre adventskalendarar har fått måla motiv.

SAM_1784-horz

Her har eg brukt litt forskjellig som gamle brødfjøler, drivved frå Vangsvatnet og målestavar som var tenkt til heilt andre ting – man tager hva man haver når ein står midt oppi det og inspirasjonsånda er på topp….

SAM_1785-horz

I neste innlegg tenkte eg du kan få sjå litt rundt omkring i julerommet mitt, og frå neste haust kan du også koma og sjå det “live” forhåpentleg vis.

Ha ein fin-fin dag :0)