lørdag, november 28, 2015

“FREM FRA GLEMSELEN”

Det var så mangt ein putla med i sin ungdom. Å hekla var ein av tinga. Det er mangfoldige år sidan eg hekla gardinkappe med englebord og det er også mangfoldige år sidan den sist var i bruk. Gulna og rukkete låg den gløymd og forlagt inni eit skap, omtrent som ei “attgløyma”.

SAM_2123-vert

Med litt fiksing, vasking og stryking er gardinkappa i år kome til heder og verdigheit att. Og då den kom opp i hallen kan eg nesten ikkje forstå at eg har lete den ligga i så mange år, det vart skikkeleg adventshøgtid synes eg.

SAM_2129-vert

Men ADVENTSTJERNA er slett ikkje noko som er dratt fram frå gløymselen… den er flunkandes NY!

SAM_2124-vert

Kjøpt av ei veldig koseleg dame i Trøndelag. Det er den fiiinaste adventstjerna eg har sett noko gong og så kjekt å pynta med så fint handtverk! Fin både med og utan lys.

SAM_2127-vert

Så her hjå meg vert adventstida starta med nytt møter gamalt i vindauga i år.

SAM_2134-vert

Ynskjer alle ein fin 1.søndag i advent i morgon :0)

onsdag, november 11, 2015

EG HAR SAGT DET FØR -

- og eg seier det om att -   eg kan ikkje fatta og begripa kor vekene vert av!!! Tykkjer eg arbeidar på spreng frå tidleg morgon med penslar og måleboksar, men likevel er det ikkje så mykje eg har fått produsert før det er ny torsdag og ope i utsalget mitt.

Og i morgon er det altså ny torsdag att…

NIKOLINEPRODUKT har ope i Blomvegen 5 frå kl 14. Då den siste timen har vore utan kundar dei dagane eg har hatt ope, reduserar eg no opningstida frå kl 19 til kl 18. Altså; du finn meg i utsalget fram til kl 18 i morgon (og komande torsdagar)

SAM_2098-horz-vert

Denne veka er det vorte nokre nye dørskilt for salg

SAM_2103-horz-horz

- gradestokkar og verstasjonar -

SAM_2106-horz-horz

- og så er nissane så smått byrja å titta fram – berre godt og vel 2 veker til advent veit du, og her hjå meg er det “første mann til mølla”-prisippet! Det meste målar eg berre 1 gong så når denne er seld .. ja..då er den ikkje å få seinare.

Velkomen innom i morgon :0)

torsdag, november 05, 2015

SÅ VAR DET PLUTSELEG TORSDAG ATT !

Dagane fyk avgarde og før eg får sukk for meg er det ny torsdag og ope hjå NIKOLINEPRODUKT att. innimellom bestillingar prøver eg å få måla opp litt nytt til utsalget også.

Denne veka har eg “slått meg” på sauer…

SAM_2090-horz

Velkommen innom meg i dag mellom kl. 14 og 19 , då er eg på plass :0)

torsdag, oktober 29, 2015

EI LITA PÅMINNING…

Hugs at NIKOLINEPRODUKT er å få kjøpt kvar torsdag mellom kl 14 og 19 i Blomvegen 5

20140219_210057-vert

VELKOMMEN :0)

mandag, oktober 19, 2015

EG YNSKJER VELKOMMEN

– til alle nye fylgjarar på bloggen min! 33 nye på ei veke er fantastisk kjekt!! VELKOMNE kvar og ein.

Denne veka vert det ope i utsalet mitt i Blomvegen 5

SAM_2083-vert

TORSDAG kan du ta turen innom frå kl 14 og eg vert å finna der fram til kl 19

SAM_2085-vert

Håpar du tek turen innom :0)

mandag, oktober 12, 2015

VEL BLÅST

Ei kjempekoseleg helg er over. Huset er tomt for både to og firbeint besøk og utsalget mitt er nokså tomt det også. For ein pangstart eg fekk på fredag!!!

SAM_2059-vert

Hjarteleg TAKK til alle som kom både fredag og laurdag, kjende og ukjende, familie og vener, nye og gamle naboar. TAKK for mykje ros, mange godord og positive tilbakemeldingar. Ein fantastisk respons som eg ikkje hadde sett for meg i det heile! TAKK til damer som køyrde frå Bergen eins ærend for å handla hjå meg. TAKK for rosebukettar og flotte blomeoppsatsar frå venninner og svigerinne og TAKK til Åse & Rigmor for den koselege,flotte lykta. TAKK for fine ord på blogg og på facebook. Og sist men ikkje minst; TAKK for god hjelp og trivelege dagar saman, de to i Notodden.

Eg er heldig som har så mykje eg kan vera TAKKNEMLEG for!

SAM_2068-vert

Ynskjer alle ein god vekestart :0)

onsdag, oktober 07, 2015

OM TO DAGAR !!!

No har eg sommarfuglar i magen! På fredag opnar eg utsalget mitt. Og det visar att i heimen for tida…. lodottane fyk rundt øyrene når eg går over stovegolvet og kvar gong det ringjer på døra håpar eg indarleg det er ein loddselgjar og ikkje nokon som skal innafor døra! For skal ein opna utsalg går det ikkje an å bruka tida på å leika husmor. Eg held meg på loftet og målar og målar og målar. Stakkars Brannmannen går for lut og kaldt vatn og middagsmaten har det vore så som så med i lengre tid. Neste veke skal eg gjera det godt att – trur eg….

Velkome til NIKOLINEPRODUKT i Blomvegen 5, Haugamoen

SAM_2082

Opningstid denne helga er

FREDAG kl. 14 til 19

LAURDAG kl. 11 til 16

Ta deg ein tur då!

fredag, oktober 02, 2015

NESTE FREDAG.

Med skrekkblanda fryd skal endeleg ein gamal draum verta verkeleg! Det har teke si tid – heile 5 år – frå tanke til handling, men no hoppar eg altså ut i det.

Neste helg opnar eg det vesle utsalget mitt med eigenproduserte varer. NIKOLINEPRODUKT.

Eg har måla på det meste som kan målast på -

SAM_2052-horzSAM_2055-horzSAM_2059-vert

tre, metall og skifer

SAM_2056-horzSAM_2077-vert

og storkosar meg med det.

Den flinke brannmannen min har gjort

recovered4563-horz

så her er det snakk om totalforandring!!!

Det har også vorte plass til ein liten nissekrok og sjølv om det er i tidlegaste laget så kan de få ein liten sniktitt inn her også.

SAM_2070

Så står det att å sjå om det dukkar opp ei sjel eller to neste helg, uansett er det ei stor glede å ha fått draumen gjort verkeleg.

SAM_2050-horz

God helg :0)

torsdag, februar 05, 2015

Kalde vinterdagar

Med slike kalde dagar som me har no, er det fint å ha eit godt,varmt arbeidsrom. Og når inspirasjonen til måling også har dukka opp – ja,då er det berre å nytta på… ein veit aldri kor lenge det varar!

Så spørs det då om eg kan inspirera deg også :0) Eg har i alle fall fått nokre kjekke kommentarar om at dei finn inspirasjon her inne hjå Nikoline, veldig kjekt å vera til nytte på eit eller anna vis, sant?

Her har eg måla ei veeeeldig lang sag -

SAM_1902-vert

Nokre gradestokkar -

SAM_1906-vert

og velkommenskilt på skifer -

SAM_1918-vert

Elles så ligg prosjekta på rad og rekke bortover arbeidsbordet så for min del kan kalde dagar berre fortsetja framover. Eg fyrer i ovnen, set på “målemusikk”, finn fram palett og penslar og STORKOSAR meg for tida!

Ha slike fine vinterdagar du også :0)

PS: ser det er nokså “blurrete” bilder dette, men,men…

tirsdag, januar 06, 2015

GODT NYTT ÅR!

SAM_1854-tile

Me har alt brukt 5 dagar av det nye året og er godt i gang med den 6. Håpar du har fått ein fin start.

SAM_1841-tile

Her i huset er me ikkje heilt ferdige med jula endå

SAM_1847-tile

- og den siste julegjesten nyt framleis gode dagar heime hjå mamma og pappa, men i morgon ber det tilbake til Oslo og kvardagen også for henne. Andre julegjester er forlengst reiste…

SAM_1833-tile

To sjarmtroll frå Odense har feira norsk jul hjå Besto og Besten, her er dei klare for avreise i nystrikka stas som Besto strikka til jul. Og etter mange,mange år utan nissebesøk på julaftan kom han jammen meg innom i år!

 SAM_1826-vert

- men i år heitte han visst “Jolemand” høyrde eg.

Då ynskjer eg alle ei riktig god fortsetjing på det nye året og takkar så mykje for alle fine og koselege kommentarar på innlegga mine. Eg har framleis problem med å få sendt kommentarar herifrå men skal gjera alvor av å få hjelp til å retta på det av nokon som er litt flinkare enn meg med teknologien.

SAM_1808-tile

Litt snø – meir snø – og endå meir snø…. FINE vinterdagar :0)

onsdag, desember 10, 2014

Vesle Julie og gjengen.

Heilt sidan me flytta og busette oss sentralt har eg hatt ein draum om å opna eit lite utsalg i kjellaren, der eg kan tilby det eg syslar med i kvardagen. I sommar trudde eg verkeleg at draumen skulle oppfyllas dette året. Men først hadde me ein durabeleg jobb å gjera : tømma heile kjellaren der tusenkunstnaren svigerfar hadde samla på ALT du kan tenkja deg det går an å samla på gjennom 60 år! Det var små “stiar” å koma seg fram på i alle rom og me bar ut 19 TONN berre i metall…. Med stort pågangsmot sette me i gang med oppretting av veggar,tak og golv, isolerte og panela. Alle ledige stunder vart nytta til produksjon men då hausten kom måtte eg berre innsjå at dei ledige stundene vart alt for få og alt for korte. For å opna eit utsalg må ein fyrst og fremst ha varer å selgja.

I dag kan de få helsa på vesle Julie som vart så søt og blyg…

SAM_1790-horz

Kropp av lerret og ansikt av cernit. Det var så kjekt å laga denn vesle nissejenta så no har ho fått ein heil gjeng med seg.

SAM_1791-horzSAM_1792-horz

Her har du Jakob med fela, han er så grueleg glad i musikk og dans, Johanna har fyllt korga si med epler og Joar drassar rundt på halmbukken han er så glad i.

SAM_1795-horz

Jørid har grauten klar og Jarand er på veg ut for å skri på kjelke.

I samband med “hovudlokalet” er det eit lite rom eg har laga til julerom. Der er det begynt å fyllast nokså bra opp, men det er plass til MYKJE meir endå. Målinga mi har gått trått, berre nokre adventskalendarar har fått måla motiv.

SAM_1784-horz

Her har eg brukt litt forskjellig som gamle brødfjøler, drivved frå Vangsvatnet og målestavar som var tenkt til heilt andre ting – man tager hva man haver når ein står midt oppi det og inspirasjonsånda er på topp….

SAM_1785-horz

I neste innlegg tenkte eg du kan få sjå litt rundt omkring i julerommet mitt, og frå neste haust kan du også koma og sjå det “live” forhåpentleg vis.

Ha ein fin-fin dag :0)

søndag, november 30, 2014

Det står til liv framleis.

Då eg var å handla møtte eg ein mann som såg alvorleg på meg og sa; 20.mai! Eg undra meg over kva han meinte, men det var siste blogginnlegg han sikta til. Det har gått både vår,sommar og haust sidan sist eg var innom her altså….

Eg veit ikkje sikkert kva årstidene og tida er brukt til, men denne helga har me i alle fall ei god og avslappande helg på hytta.

SAM_1738-vert

Med nye senger og nye vinterdyner har me sove som bjørnen i hiet medan vesle Helene Harefrøken har vore på besøk heilt til terassedøra om natta. I vindauga i gangen sat Mikkel Rev å vakta. (Her har eg prøvd meg på serviettdecopage på lykter)

SAM_1756-vert

Me har også investert i ny sofa i stova og måla litt anna inventar.

SAM_1755-horz

Den gamle gyngestolen som eg elska å gynga meg i som lita jente, har fått ny farge og eg har strikka nytt pledd til den. Pleddet er strikka i 100% ull og fora med skinnpledd så her skal ingen frysa!

recovered75544-horz

Men den aller største forvandlinga er likevel i kjellaren. Endeleg er badet fix ferdig!!! Hugsar de bildet frå då me starta?

SAM_1740-horzSAM_1750-horz

Slik vart resultatet. Me er kjempefornøyde.

SAM_1758SAM_1759

Det einaste fornuftige eg har drive med i helga er koparpuss…. fornøyd med resultatet der også :0)

Ein god og stemningsfull søndagskveld i kyrkja med vakker julemusikk skal avslutta helga.

10522164_10154818461955417_3284450324160732062_o

God adventstid til alle som er innom her :0)

tirsdag, mai 20, 2014

Set KRYSS i taket -

  - for her kjem det ENDELEG eit blogginnlegg att. Det er egentleg berre tull å ha denne bloggen “oppe å gå” for den er til dei grader forsømd! Men så plutseleg kan eg få eit illebefinnande og får lyst å dela noko og då er det jo kjekt at den er her…

SAM_1418-horz

Me har hatt ein fantastisk vår med mykje sol og godvær, men for min del har den også vore veldig trist. Eg mista bror min brått og uventa og dei fine vårdagane har gått i sorg. Heldigvis er det slik at sorga avtek med tida, men savnet etter Helge vil vera med meg for all tid. Det er ein del av livet det også.

No går i alle fall dagane med til hagearbeid og me kan nyta utelivet frå morgon til sein kveld. Og det er nettopp eit lite hjørna av hagen eg fekk lyst å visa deg i kveld. Kan ikkje akkurat kalla det ei hagevandring – det er berre kjøkkenhagen eg har nokre bilder frå.

SAM_1458-horzSAM_1461-horz

For ei tid sidan ytra eg ynskje om ein vannpost nærare bær og grønsaker. Og vips – Brannmannen ordna “biffen”. Flott? Det synes i alle fall EG. Ein gamal messingkran var prikken over i`en. På toppen står ei rusta vassbøtte med eføy i og på bakken ei bøtte med reddik. Den gamle baljen heng der kun for pynt.

SAM_1464-horzSAM_1467-horz

I gårkveld tok me turen til Blomsterdalen (ved Bergen) og kjøpte blomsterkasse. Solid og god, funksjonell og flott. Så dagen i dag har gått med til å planta jordbærstikling. 30 stk. Det tok si tid. No håpar eg dei vil trivas i høgden og gje oss masse søte raude jordbær. Og med denne nye “ervervelsen” er kjøkkenhagen min ferdig.

SAM_1468-horz

Så må eg få takka alle som kikkar innom her hjå Nikoline og ei spesiell takk til alle de som legg att koselege kommentarar. Eg må vera verdas dårlegaste bloggar når det kjem til kommentering der eg er innom på besøk, så eg veit så vel at eg slett ikkje fortjener at de skriv så kjekt til meg.

Då ynskjer eg alle ein strålande mai . det som er att av den :0)