- og heilt utan kaloriar.....
I siste nr. av Hjemmet var det oppskrift på hekla egg. Det frista med slikt småtteri.
På ei lita kveldsstund kan det bli mange egg....
I oppskrifta var dei stripete,men eg valde å hekla dei einsfarga og pynta med litt smalt silkebånd.
G amle garnrestar i Solberg terne frå 80-talet då gensarane skulle vera i pastellar, var ypparleg til påskeegg.
Eg har laga hempe på dei og så skal dei få pynta opp i bjørkeris som eg håpar får litt grønt på greinene til påske.
Ruskeværhelsing frå Nikoline
I siste nr. av Hjemmet var det oppskrift på hekla egg. Det frista med slikt småtteri.
På ei lita kveldsstund kan det bli mange egg....
I oppskrifta var dei stripete,men eg valde å hekla dei einsfarga og pynta med litt smalt silkebånd.
G amle garnrestar i Solberg terne frå 80-talet då gensarane skulle vera i pastellar, var ypparleg til påskeegg.Eg har laga hempe på dei og så skal dei få pynta opp i bjørkeris som eg håpar får litt grønt på greinene til påske.
Ruskeværhelsing frå Nikoline
God søndag til alle og einkvar! Her boblar det heilt over av ein utruleg barnsleg gledesrus for eg har nemleg VUNNE!!! Ikkje berre EIN gong heller,men TO gonger !
Det er jo slik her i vårt kjære blogglandia at det dukkar opp små "jubileum",både for antal besøkande,runde tal på innlegg,årsdagar osv. og då vankar det spennande premiar. Eg melder meg på hjå dei eg "kjenner", men gløymer det som regel fort att for eg er ikkje av dei som har vinnarlukka. Eg må vera fødd utan vinnar-gen trur eg,for eg har altså ALDRI vunne noko som helst i heile mitt liv!
Tidleg ein morgon denne veka,kom det ei tekstmelding på mobilen med gratulasjonar av nye sokkar.... eg var som eit stort spørsmålstegn. "Du har vunne!"..... Vunne...?? Eg tråla lokalavisa for å sjå etter loddtrekningar. Nei, ingenting der... "Sjå på bloggen din!" - Og DÅ erindra eg noko... Strikkeline (Monicas) hadde strikka vidunderlege sokkar til ei trekking, og eg - Nikoline _ vart trekt som vinnar!! For første gong i heile mitt lange liv hadde eg vunne!
Dei 50 åra minka ned til nokre få dagar.For på lørdag var det trekning hjå Torunn (Lyst på livet) som feira 1års-dag på bloggen. Og kven vart trekt ut der trur du?? Eg las seeeeint nedover i innlegget hennar, for verkeleg å kjenna på skuffelsen lengst muleg (!) før eg såg kven vinnaren var. På lappen sto det Nikoline.... Eg fauk opp og veiva med armane,stolen velta,kaffikoppen velta... men ka farsken gjorde det... eg hadde VUNNE!! Endå ein gong!!
Heisann! og dudliattentei! For ---- og deg og meg. Eg veit nemleg ikkje kva eg har vunne hjå Torunn,men det spelar ingen verdens ting om det så er ein blyant ! For eg har nemleg vunne noko. For andre gong i livet.




Det er eit dataskåp, kjøpt på Ikea for mange år sidan. I vinter fekk det ein "make-over" og vart lyst. (har hatt innlegg om det tidlegare,med før/etter bilder)
Men det eg likar aller best,er at det rommar så mykje og når ein ikkje sit ved dataen er det berre å smekka att dørene og alt rotet er borte vekk!

Ein liten duk til hagebordet, små broderte blomar i blått og kanting med franske nupereller frå Bea i Danmark.











Det er knoppar mellom blada på blåveisen. Det er ikkje lenge før den lagar blå puter under bjørka no...
Snøklokkene trykkjer seg opp gjennom visna lauv frå hortensiaen.
Langt att har også klatrerosene. Flammentanz er spesielt vakker mot all skiferen me har på huset,og blømer veldig tidleg her i sørveggen.
Bortanfor huset har eg kjøkkenhagen.Her ser det ikkje mykje ryddig ut etter vinteren,men om ikkje lenge skal det veksa frodig med reddik,salat,vårløk,raudbetar,gulrot og sukkererter... (dei små bilda er litt av fjorårs avling.)









