Det er jo slik her i vårt kjære blogglandia at det dukkar opp små "jubileum",både for antal besøkande,runde tal på innlegg,årsdagar osv. og då vankar det spennande premiar. Eg melder meg på hjå dei eg "kjenner", men gløymer det som regel fort att for eg er ikkje av dei som har vinnarlukka. Eg må vera fødd utan vinnar-gen trur eg,for eg har altså ALDRI vunne noko som helst i heile mitt liv!
Tidleg ein morgon denne veka,kom det ei tekstmelding på mobilen med gratulasjonar av nye sokkar.... eg var som eit stort spørsmålstegn. "Du har vunne!"..... Vunne...?? Eg tråla lokalavisa for å sjå etter loddtrekningar. Nei, ingenting der... "Sjå på bloggen din!" - Og DÅ erindra eg noko... Strikkeline (Monicas) hadde strikka vidunderlege sokkar til ei trekking, og eg - Nikoline _ vart trekt som vinnar!! For første gong i heile mitt lange liv hadde eg vunne!
Heisann! Og dudliattentei. For sokkane og deg og meg!
Min kjære vart "dregen"bort til dataen for å sjå og lesa slik at eg verkeleg hadde eit vitne til denne historiske hendinga. Han syntes sokkane var fine og var glad på mine vegne, men så kom det....
"Ja,ja.... 50 år til neste gong att no då...."
Dei 50 åra minka ned til nokre få dagar.For på lørdag var det trekning hjå Torunn (Lyst på livet) som feira 1års-dag på bloggen. Og kven vart trekt ut der trur du?? Eg las seeeeint nedover i innlegget hennar, for
verkeleg å kjenna på skuffelsen lengst muleg (!) før eg såg kven vinnaren var. På lappen sto det Nikoline.... Eg fauk opp og veiva med armane,stolen velta,kaffikoppen velta... men ka farsken gjorde det... eg hadde VUNNE!! Endå ein gong!!
Heisann! og dudliattentei! For ---- og deg og meg. Eg veit nemleg ikkje kva eg har vunne hjå Torunn,men det spelar ingen verdens ting om det så er ein
blyant ! For eg har nemleg vunne noko. For
andre gong i livet.
Eg er
barnsleg - eg VEIT det. Kjerringar på over 50 oppfører seg ikkje slik... Men pytt heller... Eg er fødd med " utan-å-legga-bånd-på-seg"-genet også antakeleg, og når ein i tillegg er fødd sånn litt utanfor allfarveg,vert resultatet deretter.....
Bilda i innlegget idag er av litt småpussel i veka som gjekk.
Medaljongar (medalje for vinnarlukka kanskje...?) av silkisleire. Kva eg skal med dei? Har ikkje peiling... men det var kjekt å laga. To av dei skal eg henga rundt halsen og setta meg oppe ved postkassa for å venta på postmannen som kjem med TO pakker til meg. Ei med sokkar i,og ei med - - blyant....?
Nå skinner sola i vinduskarmen.....Heisann! Og dudliattentei! For søndagen og deg og meg.