Først av alt vil eg sei tuuusen takk for alle dei koselege kommentarane på forrige innlegg! Det ser ut for at 50tals-generasjonen har funne kvarandre her i blogglandia :0)
I dag prøver eg meg på litt mobilbilder sjølv om tlf.er hauggamal og ikkje tek verdens finaste bilder akkurat….
Hugsar de innlegget i fjor om dei 2 gamle bosspanna? Det første vart pussa opp og brukt slik :
Og det andre hadde eg andre planar for sa eg -
- og her er planen sett ut i livet. Eg skal ha det i drivhuset for å romma jord til vårplantinga.
På eine håndtaket har eg knytt fast ei sinkause som har fått litt dekor på seg. Så har eg måla “plantejord” på spannet. Gler meg til å få drivhuset ferdig innvendig – men enn så lenge er det 1000 andre ting som skal gjerast før vinteren tek skikkeleg tak…
Til slutt eit lite blinkskudd frå shoppingtur i Odense – MÅTTE jo berre innom her då!
Ha ei strålande helg gode venner:0)