Berre SEKUNDAR frå heteslag idag,redda min kjære meg ved å ta meg med på lufting… det var ikkje til å halda ut med varmen lenger!
Granvin er ei lita perle (ei av mange) i Hardanger,berre 20 minuttar med bil heimefrå.På vegen passerar me Skjervefossen, men den var ikkje på sitt mektigaste idag.Dette er eit ynda fotoobjekt for turistane,og det er berre månadar sidan det sist gjekk liv tapt her… dei går for langt ut på kanten og mistar fotfestet. Ingen kjem levande frå eit slikt fall,for fossen fortset på andre sida av vegen også.
Opp med naustdørene og ut med båten! Eg vil kjenna vind i håret…. Båten går ut på skinner, bokstaveleg tala! Det er ein gammal livbåt,det kan stå 20 personar på sida her utan at den lear seg.Motoren er også svært behageleg… høyres ut som ein gammal Gråtass der den kjem med sin dunk-dunk-dunk-lyd…
Å “herlighet” så godt det var å koma på sjøen!!! Og “nista” besto i jordbær og moreller servert på ein gammal fjøskrakk som står i båten,samt kald drikke i kjølebag pluss kaffi.
Litt halvhjarta prøvde me også fiskelukka,utan at det vart den store fangsten.Det var for varmt.Me brukar å få litt forskjellig i fjorden her,og sist fekk me både flyndre,uer,torsk og lange.Steinbit har me fått i store mengder,men det er lenge sidan me har sett ut garna no.
Men alt har ein ende – denne flotte dagen på sjøen likeså… Vetla-jento vår er heima på ferie,og har storkosa seg i båt idag ho også,men syntes det vart mange timar i ro… det første ho gjorde då me kom heim,var å hiva seg på sykkelen for ein trimtur i solsteiken… Medan eg pustar og pesar over ein kyllingsalat på kjøkkenet – litt mat må ein jo ha om det er aldri så varmt! – men å laga salat vert i alle fall den einaste form for trim for min del…!!
NYT SOMMARNATTA MINE VENNER!!!