![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjLnq4iVK-hGE0dw8qBfBOToX-p3_y09JFs30l9ORqp-Tjob8ZkKK1_4OF565dOoT8V38EogTsH4LFwjQ59XU5tzeO4ctSqQ4NXFAtjqPh3jfINrMC151L837_W57hoDtHD80I9rLys_Swz/s400/planteskuret+016.jpg)
Lange,laaate dagar, seeiin frukost, vaaakre Hedemarken og BLUES!! Ikkje nødvendigvis i den rekkefølga.. Det vert "bloggtørke" i nærare 2 veker. Dei rundt meg påstår at eg er HEKTA og eg protesterar hardnakka. "NEI,eg e`kje hekta... (og veit det er ei sannheit med modefikasjonar...) Det er ikkje sommarferie for meg før eg har duppa tærne i Mjøsa. Men før det skjer,er det blues "for alle penga". Nemleg Notodden bluesfestival, og eg gler meg som ein unge gler seg til julaftan.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiJc3lXV8qe13VUbCm0YjybDPUdJCfZ02S1lxTTeplhu0WidWBusCEZfXnhEgSkyo-UI_8pz_CCtgV7krfZjhfi3vfKnwSpI6zxm7KQDR4pHPKVKWG6Vufjask-wQqZuT1Sb-NFUrchbQ74/s400/hyttehelg+053.jpg)
Torsdag 31. vert det The Queen of Blues: Koko Taylor på Bluestown stage, og fredag 1.aug.: The One and Only: Charlie Musselwhite!!! (tralla-la-la-la) Saman med munnspel-legendane James Cotton og Kim Wilson trur eg det skal verta bra trøkk på Tapperiet i Notodden! Eg er så glad for å få oppleva Chalie Musselwhite att, mitt store idol. Trur det er 3 eller 4 år sidan eg var på min første konsert med han og han traff meg rett i hjerte.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjg6AAmwee2yC51S2Kcx2DUqPGNHQhH5Le5KukNKYlNAsQw84dHXsN8OQ6dfjnPFb8Dq9Ch4nY_pwvBfQMyBBdY3p_y9_qqsS2TQ-6qC6r2NWYVIcOF858z6Cr1L9N86HqoYnX1Vrv8hNQ8/s400/hyttehelg+056.jpg)
Lørdag vert det å rusla rundt i by`n = kjenna bluesen på pulsen... Etter denne flotte starten på
ferien lokkar flatbygdene rundt Mjøsa og eit lite småbruk i Odalen ei vekes tid. Herleg! "Same
procedure as last year,miss Nikoline?" Jadå - men kan ikkje tenkja meg betre ferie...
Skulle berre ynskja eg kunne teke med meg alle dei vakre rosene som blømer i hagen akkurat no, dei skal i alle fall forevigast her på bloggen om ikkje anna.
HA EIN FORTSATT STRÅLANDE SOMMAR ALLE DER UTE!
(Eg kjem att om eit par veker...)