Eg skal ikkje trøytta dekan med alt eg har produsert denne veka, men av og til blir eg godt fornøyd med eit arbeid… slik som denne tina.
De som har boka til Edith Holden dreg sikkert kjensel på motivet.
Kaketina skal leverast saman med ein heil “haug” vindunkar (til 3liters vin),skrin,kjele og litt anna til eit husflidsutsalg i morgon. Trudde ikkje eg rakk det i løpet av veka,men med lange arbeidsdagar gjekk det bra.
Neste produksjon er veggklokker, det kan de få ein kikk på seinare for det har eg ikkje vist her på bloggen før.. De får gje beskjed om de synes det blir for einsformig her hjå meg,så får eg prøva å finna på noko anna… men det er liksom dette eg har eg då… det er måling som utgjer det meste av tida i løpet av året når eg har det både som hobby og jobb.
No er me jo lova så strålande sommarvær framover,så då kan det vel kanskje bli ei ny hagevandring å blogga om…
YNSKJER ALLE EI RIKTIG GOD LANGHELG OG PINSE (dersom eg ikkje kjem att med nytt innlegg til helga,då..)