- herre jemini….!
I gårkveld hadde me besøk av eit ungt,koseleg par som har så lyst på huset her (HADDE lyst på, kanskje – etter gårkveldens “visning”…) Neidå, eg trur dei såg potensialet trass rotet. Eg hadde ingen planar om visning rundt i huset så det var milelangt frå det ein kan kalla styla rom!
Arbeidsrommet ser ut som det er bomba,alle skap er tømde og alt ligg spreidd utover for sortering, og det andre gjesterommet er oppfylt med dyner/puter og klær…
Som om ikkje dette skulle vera nok å fordøya for dei stakkars, losa pinadø min kjære dei ned i kjellaren også! Eg kjenner hetetoktene tek meg framleis berre ved tanken på det! Og tanken på at alt var spolert fòr gjennom toppetasjen på meg ved første trappetrinn mot kjellaren,for me ynskjer sterkt at desse to kjekke ungdomane skal overta heimen vår. Dei er “dei rette”…
Så i dag er det starta storopprydding i 2.et. og så får me leva i spenning og håp om interessa framleis er til stades for kjøp. Heldigvis høyrdes det ut for at dei såg forbi rotet og konsentrerte seg om romma i staden for.
No må det vel seiast at den egentlege grunnen til oppryddinga i dag er at desse to “slampane” kjem heim på sommarferie snart. Og for at dei skal finna fram til senga må mor ta i eit tak på forhånd… Dette bildet var forøvrig veldig representativt for dei to ser eg – guten likar seg best med ei bok mellom hendene og vetlajento må ha aktivitet rundt seg! (ho les mykje ho også,men det skjer på nattestid når alle andre søv…)
Men først av alt no, står 3 dagar avspasering på agendaen – og då kan du jo gjeta kvar dei dagane skal tilbringast…..
PARADIS (les:Odalen) here we come!!!
PS: I manko på sommarbilder i år,er alle bilda her henta i arkivet mitt. OG – rosene som eg trudde var borte,kjem flott i år også:0)