I strålande haustvær skal eg ut og røyka kjøt i dag,men først skal eg gje ein lyd frå meg her på bloggen. Egentleg er eg veldig “gira” etter ein inspirerande tur til Kjerringtorget i går ( i øsande-pøsande regn heile dagen til ende!) men alt av hobbysaker er pakka ned og eg har heller ikkje tid til slike aktivitetar i desse flyttetider.
Lyst til å sjå litt av nytt småtteri til det nye kjøkkenet?…
- store flotte krukker som min kjære har kjøpt på Snoka
- blomsterpotter kjøpt på Plantasjen (men eg har malt dei grå sjølv)
- gamle former og ei sukkersaks frå Låven på Skarnes, og urtesaksa kjem frå Lobelia
- nytt lite veggskap
- og ei eggbøtte til spiskammerset.
Ellers på kjøkkenet er det 3 nye taklampar (frå Ikea) og dei gamle spisestuemøblane er ferdig oppussa. Dei har fått forskjellige urtenavn på ryggen og grått lintrekk. På bordet er det malt Vel Bekomme (på latin)
Ein kikk inn i stova…. så de ser det er framgang … sjølv om det er eit stykke igjen – Me har fått lys i taket,men her manglar det maling og listverk endå.
Under linoleumsbelegg og golvplater kom det fram eit flott grangolv, og idag er det golvslipar i gang der. Har planar om å beisa golvet etterpå.
Og på lørdag vart eg nesten rørt til tårer…
Foreldra til ho som (saman med sambuar) har kjøpt huset vårt,kom på besøk med ein flott,diger haustplante og eit takkekort - (i tillegg til eit lys med eit fint ordtak) Så er det ikkje berre ME som selgarar som er takknemlege for at huskjøpet gjekk i orden…
No skal eg ut og nyta dagen i strålande sol,og eg gler meg til å kjenna lukten for første gong i år av det som er haustlukt nr.1 for meg : Lukten av røyken som siv ut frå røykhuset når eg har fått kveikt i ….
Ha ein flott haustdag alle saman :0)