i alle fall sportsleg sett…
Brannmannen som er gammal hoppar – sågar kretsmester – har det ikkje vore så god å få kontakt med i ettermiddag under hopprennet i VM. Men eg kosar meg egentleg litt med å sjå på HAN like mykje som eg ser på skjermen, for eg ser kor han tek sats og rykkjer automatisk til med det samme dei hoppar utfor… og er det eit superhopp frå ein av nordmennene er det rett før han tek sats og fyk ut frå godstolen saman med han på hoppkanten… I dag var han ikkje så nådig då Romøren skulle vera med, og tippa på “kulen og ein halv” – og vart desto meir i ekstase då stakkars Romøren gjorde eit kjempehopp! Alt i alt ; det er berre å ta av seg hatten og gratulera både langrenn- og hoppgutane i dag!!
Apropos brannmannen – han hadde IKKJE gløymt bryllupsdagen sist veke ;0) (og det var det visst ingen i blogglandia som trudde heller…) Han hadde tråla alle blomsterforretningar etter roser,men var misfornøyd med utvalget og hadde havna opp med ein sammenplantning på siste butikk.
Og det var ikkje noko dårleg alternativ – både gåsungar og ein flott froskeprins hadde han med i korga. Eg veit det er mange der ute som påstår dei har verdens beste mann , men det er EG som har han!!!
Eg har ikkje fått tid å vera innom til så mange dei siste dagane, men ser det er fleire som lurar på korleis eg hadde laga kanten på mugrug`sen.
Eg hekla rett og slett heile bakstykket i fastmaskar og avslutta med ein “blondekant”. Deretter sydde eg på stoffet på framsida etter eg hadde vrangsydd det med fòr. Veldig enkelt og greit.
Så til slutt – eit bilde av huset etter påbygg,for endeleg kom eg meg så langt ned i hagen (i snømassane) at eg fekk med heile huset i kameraet. Men innvendig er me ikkje lenger enn dette:
Soverommet med walk-in-garderobe
- og her blir det bad. De skal få sjå litt etter litt som framgangen går…
Tusen hjarteleg takk for så mange gode gratulasjonar i forrige innlegg, og brannmannen sender ei helsing til alle som hadde god tru på han! (han lurde på om eg VERKELEG TRUDDE at han hadde gløymt dagen – og eg ber om unnskyldning for det)
Ha ein fin-fin søndagskveld, god veke i vente og sist men ikkje minst…. neste veke er me i vårmånaden mars!!!