- Birgitte Lid.
Eg har hatt innlegg om henne før. Eg skreiv om denne rivalinna i 2008 og trudde ikkje eg skulle nevna henne fleire gonger. Men i dag føler eg for å bringa henne på banen att.
No er ho så stygg og medfaren etter alle skogsturane ho og brannmannen har vore på at til og med EG føler medynk med henne…
Fredag 13/4 hadde brannmannen fødselsdag og konemor synes gåver skal vera til nytte og noko ein har bruk for. Til eldre ein blir,til mindre har ein bruk for og verre og verre blir det å finna noko nyttig å gje bort. Ikkje i min villaste fantasi hadde eg trudd eg skulle “investæære” i noko til Birgitt `n , men brannmannen har snart slite ut det meste som går an å slita ut på henne og verst av alt har det gått ut over setet – sjå på dette…!
Konemora og ungdommen i huset hadde ein aldri så liten traktorprat og konklusjonen vart at NYTT TRAKTORSETE MED FJØRING var det mest nyttige brannmannen kunne få til fødselsdagen sin. Så no kan dei snart gynga seg avgårde på skogsvegen – HO med si eksklusive HMV hurtigkobling og HAN med fjøring under bakenden…. (eg trur dette kjærleiksforholdet vil vara livet ut) Forholdet er intenst og spesielt kvar vår tilbringar dei svært mykje tid saman!
Apropos vår – i går sat me ute i varmande vårsol , i dag ser det slik ut på terassen og hagemøblane (og jadden meg har Birgitte klart å stikka fram det lange snyteskaftet sitt på dette bildet også!)
Det skiftar fort, men uansett så er det altså 14.april og første sommardag på primstaven i dag. GOD HELG :0)