Hurra for 17.mai og vèl overstått dag!
Flagget vaia i sur vind og regnet gjorde det klissvått – men været kom seg heldigvis utover dagen. Som ein liten dokumentasjon for meg sjølv tok eg med bildet frå 17.mai i fjor til samanlikning…
HURRA for at storajento har vore på besøk og lagt inn bilder frå mitt nye kamera på dataen! Eg har i grunnen aldri sett på meg sjølv som tungnem,men idag fekk eg bekrefta at det mååå eg vera – for makan til tungvinte greier med overføring frå kameraet!! “100” operasjonar som går heilt i stokk for ei gammal dame… nei,det blir nok berre innlegg når eg har besøk og får assistanse er eg redd for…!
Det 3. HURRAET er for framgangen av kjøkkenet og at eg hermed kan visa bilder av det (takka vera storajento..) Eg veit det er mange som ventar på bilder frå Junibakken, og sjølv om det er langt fram før det er ferdig så kan de få ein liten sniktitt:0)

Dette var soverom og bad. No kjøkken -

Det 4. HURRAET tilegnar eg min kjære. Det er mangt og mykje å ropa hurra for når det gjeld denne mannen, men akkurat i dag hyllar eg han for at han er ein flott brannmann! Denne situsjonen under her har ikkje så mykje med brann å gjera,men likevel….
Simon Snorkel kom til god nytte då han måtte på taket for å ta mål av pipehella som er sund.Med liften på brannbilen og meterstokk på lomma var “den biffen” ordna på nokre minuttar…
Er han ikkje flott,brannmannen min? (denne spørsmålformuleringa fekk meg til å tenkja på fødselen til vetlajento vår… ho hadde jordfar som tok imot sitt aller første barn åleina,og etterpå gjekk han rundt med henne på armen og viste ho fram til ALLE med samme spørsmålet; ER HO IKKJE VIDUNDERLEG VAKKER?? - og kven kunne svara “nei” til han då?) Men jau, brannmannen min er flott på alle måtar!
Dagen idag er gått over til kveld, me kan spenna beina på bordet og maula siste restane av nasjonalkosten og berre nyta livet.
For sjølvsagt har me hatt alt det tradisjonelle på bordet. Spekemat,dravle,rømmegraut,wienerpølser m.potetkaker,kaker,sjokoladepudding og sist men ikkje minst – rips m.vaniljesaus! Trur aldri eg har feira nokon 17.mai utan rips…!
Eg takkar så masse for alle kommentarane,eg set så stor pris på at de held meg med følge framleis,sjølv om det blir smått med tilbakemeldingar for tida… Om eg ikkje finn tida til å kommentera hjå alle så er eg innom hjå kvar og ein på lista mi når eg ser det er nye innlegg,så eg held meg nokolunde oppdatert folkens…
Riktig god kveld og avslutning av nasjonaldagen vår !