
Har de lyst å sjå nokre detaljar før eg kan komma med FØR/ETTER-bilder av det heile?? (Kan ikkje setja meg til å venta på svar,så eg knipsar i veg,eg...)
Dette er veggfargen slik den ser ut på dagtid og på kveldstid. Den heiter "Hvete" og er ein veldig lun og behageleg farge for meg som ikkje vil ha det kvitt.
Skapet er snart ferdig,men det skal malast innvendig og då må alt av data ut først! Litt av ein jobb,det..
Dette er veggfargen slik den ser ut på dagtid og på kveldstid. Den heiter "Hvete" og er ein veldig lun og behageleg farge for meg som ikkje vil ha det kvitt.
Skapet er snart ferdig,men det skal malast innvendig og då må alt av data ut først! Litt av ein jobb,det..Ideen til avis og decopage fekk eg før jul,då eg laga kremmerhus og lavendelposar med bokark og roser. (Har til og med brukt samme serviettar..)




Eit anna skap har fått nye knottar,gardin innafor rutene og 2 små kransar.


Veit ikkje kva eg endar opp med i kofferten,som de ser har eg prøvd meg fram med forskjellige alternativ... trur eg held ein knapp på det siste,men...
Vinduslister/karm skal malast, 2 bord og ein stol skal malast, 2 hyller og dataskapet innvendig skal malast... puuh... men helga er vel lang ?




Litt nytt småtteri vert det alltids når ein pussar opp,men eg skal prøva å bruka mest muleg av det eg har.Med litt fixing og trixing er det utruleg kva ein kan få "nytt" frå gamalt...
Så treng eg litt hjelp med hukommelsen her...
Slike merker som er i nederkant på desse tidsskriftboksane har eg sett på nettet,men har ikkje peiling på kvar eg såg det.Veit nokon om kven som kan ha slike for salg???Skulle så gjerne hatt nokre...
Eg er SÅÅÅ takknemleg og glad for at de held ut med meg og skriv kommentarar gong på gong utan at de høyrer eit pip herifrå,men tida har ikkje strukke til den siste veka. Eg kikkar innom dekan og held meg "oppdatert",og i løpet av kvelden og helga får me sjå om det ikkje let seg gjera å gje ein lyd både til den eine og den andre (eller "gj eit ORD er vel rettare sagt...)


Veit ikkje kva eg endar opp med i kofferten,som de ser har eg prøvd meg fram med forskjellige alternativ... trur eg held ein knapp på det siste,men...
Vinduslister/karm skal malast, 2 bord og ein stol skal malast, 2 hyller og dataskapet innvendig skal malast... puuh... men helga er vel lang ?



Litt nytt småtteri vert det alltids når ein pussar opp,men eg skal prøva å bruka mest muleg av det eg har.Med litt fixing og trixing er det utruleg kva ein kan få "nytt" frå gamalt...
Så treng eg litt hjelp med hukommelsen her...
Slike merker som er i nederkant på desse tidsskriftboksane har eg sett på nettet,men har ikkje peiling på kvar eg såg det.Veit nokon om kven som kan ha slike for salg???Skulle så gjerne hatt nokre...Eg ynskjer kvar og ein ei kjempeflott helg!!

















Først og fremst er det mjølkespannet vårt.Eg har traska mang ein gong på små bein for å henta mjølk i dette spannet,og etter at mjølka kom på flasker og seinare i kartong,har spannet vore årleg i bruk i bærskogen.Elles i året står det på ei hylle på kjøkkenet.
Denne vasen gav mamma meg då ho hadde fått beskjed om uhelbredeleg kreft.Ho visste at eg hadde eit "forhold" til denne heilt frå eg var lita. For det første var den det finaste me hadde i stova syntes eg,og for det andre knytte det seg ein "dramatisk" historie til den som hadde brent seg fast i minnet mitt.... Ein julaftan plukka eg opp det største og finaste gravensteineplet som låg på fatet.Eg sat og lukta både vel og lenge på det store ,gode eplet før eg bestemte meg for å spara litt på det.Eg tryngde det ned i denne vasen - med det resultatet at ingen fekk det opp att før det var gamalt og innskrumpa...
Eit stort maleri av "Seljefløiten" er det sikkert mange som har i sitt eiga,hjå meg er det berre "mellomlagra" då eldste sonen vår arva det etter morfaren sin med instruks om at det skulle henga i stova så lenge me bur i huset.Dette maleriet har også ein eigen historie som eg ikkje skal koma meir inn på her,men kan fortelja at guten som står modell for Chr.Skredsvig er søskenbarnet til bestefaren min.


Så er det syskrinet mitt (det har eg visst vist fram før,men...) Det er dåpsgåve frå oldemora mi. Petrine Klæbo frå Moflaget "Til Erindring ifra Din Bestefar",så dette ergamalt .



Som sagt;eg kunne fortsetja og fortsetja her,men skal halda meg "i skinnet" og avslutta med ein akvarell av nyare dato. Det er eit sauemotiv av Geir Nymark, ein akvarell som også minner meg om ei svunnen tid...












