På trimturen i gårkveld, gjekk eg og ei venninne og småsnakka om kor fin kvelden var,og kor godt det var å gå i kveldsola sjølv om sveitten sila. Ho er ein ekte soltilbedar og kan ligga strekk ut i steikande sol i timesvis,og no ser ho såååå fram til sommaren… Uff nei,svarar eg – den som kunne spola bort heile juli og delvis august!! Nett no kunne årstida stått stille nokre veker…
Ho likar IKKJE å planta,ha hage og stulla og stella,ho likar best å SOLA seg – og no ventar ho berre på sommaren.
Ein liten setning frå bladet Hytteliv har sett seg fast hjå meg ; Det er SLØSERI å bruka våren til å venta på høgsommar,tida er for DYREBAR ti det -
Javisst er tida dyrebar,me veit ikkje (heldigvis) kva morgondagen bringar.No er halve mai gått og før me får sukk for oss,skriv me juni – og i juni er også halve året gått -
Eg har følelsen av at eg ikkje heng med i svingane lenger,det går rake vegen rett fram i eit forrykande tempo.Kvar vart det av den laaaaange januaren,den sure februaren,den lokkande mars-månaden og lure april? Vakre mai skulle eg nyta i lange drag – ja….då trur eg jammen eg må skunda meg om eg skal røkkja nytelsen før heile mai er over….
Så kjem eg til å tenkja på setningen frå Hytteliv att… Det er i alle fall sløseri å bruka dagen i dag til å tenkja på at mai er halvt oppbrukt,ein får heller snu litt på flisa og tenkja på at me har HEILE HALVE mai att endå.Mange nye,flotte,dyrebare og ubrukte dagar!
Hadde eg fått bestemma på jorda og over kalendaren,hadde me hatt “som følger”: januar-april-mai-mai-mai-juni-september-september-oktober-oktober-november-desember. Kanskje like greit at eg ikkje har noko å sei i den anledning,for eg trur ikkje at eg hadde hatt så mange venner….
Nei,nok vas – eg skal nyta dagen i dag,i strålande solskinn frå mai-blå himmel,grønt bjørkelauv og epleblomst, jord under neglene og lukten av nyslått gras.
Fram med stråhatten – Mai,du skjønne milde – here I come !
Bruk dagen i dag godt min venn – tid som er gått kjem aldri igjen.