og auksjonen er over. Men dette ga meirsmak!! Eg må med handa på hjarta sei eg synes klokka vart vel dyr,men såååå moro det var med auksjon!! Det freistar til fleire slike…
Og den som “gjekk av med seieren”,vart STRIKKEBESTA- Kristin- eller rettare sagt; mannen i hennar liv har bydd. No veit eg at Strikkebesta har gebursdag i slutten av denne månaden,så kanskje det er presang frå din kjære? Klokka hadde ein utropspris på 400 kr. og gjekk for 800, altså dobbelt opp… Som sagt synes eg det er i dyraste laget,så eg skal sjå om det vert noko småtteri å legga ved. Dette vesle skiltet f.eks…. Har du lyst på det?
I går hadde eg ein riktig god “GJORT – MASSE-DAG”….
Eg sydde nye gardiner til vindauga mot gata i huset som står tomt (det såg så trasig ut slik det var…) -
- eg dekorerte ei gammal gullfarga blomsterpotte med maling og decopage (til det samme vindauga)
- eg hausta den første sprø,herlige reddiken og brukte den i salat, eg kokte saft av 8 kg(!) rabarbra (og det tok verkeleg laaang tid!), og eg måla hus om kvelden!
I dag er det ein riktig dårleg “FÅR-IKKJE-GJORT-NOKO-SOM-HELST-DAG”! Ein slik dag som mor mi kalla BODLEDAG… og som svigermor sa; “dagen gjekk vekk i “vetlaputlo” (ho var frå Arna) Jaja… kall det kva du vil,men riktig irriterande er det uansett med slike dagar ein ikkje får noko ting frå hendene…
Til helga startar feriegjester-sesongen her i huset,og då går det slag i slag med sommarens gjester fram til me sjølve skal ha ferie i slutten av juli.
Det vert kanskje eit innlegg til her før dagen er omme,for eg kom akkurat på at de skulle få sjå dei nye hagemøblane våre.
Då ventar eg med å ynskja god helg til i kveld.. Og til Strikkebesta-mannen; tusen takk for handelen! Send meg ein mail med navn og adr. så får du snart pakke i posten :0)
(bak peonen skimtar du så vidt litt av dei nye møblane)
GOD DAG VIDARE ALLE SAMAN!
9 kommentarer:
Prisen ble vel som forventet for et så flott produkt.
Men vi har vel ikke så lett for å sette den rette prisen på egne produkter?
Ønsker deg ei flott helg og kos deg med besøk :)
Gratulerer med vel overstått auksjon... sikkert kjempemoro..og prisen var det du måtte ha for den...For et rivjern da..jammen fikk du gjort masse... men du må ikke slite deg ut vennen..snakker av erfaring..
God helg til deg O=)
klem kerstin
Jeg synes da ikke det ble forferdelig dyrt for den fine klokka. Kjempesnill den mannen som nok visste hva fruen ville bli best (og mest) fornøyd med.
Godt å høre at du har surre-dager også. Men jeg tror deg vel ikke helt, du har nok utrettet mere enn oss andre på gode dager, tross alt.
Uansett: god helg.
æ svima a:) så heldig ho vart...åsså xtra gave i tillegg....du e bærre så vannvittig flink å male...delikate motiv..akkurat etter min stil....ha en glitrende helg
Godt fornøgd her i garden! Ja, takk, begge deler, seier han.
Trur du sette han på ein idé... og den var ikkje akkurat dum:)
Gratulerer med vel overstått auksjon!
Skal si energien er på topp i heimen..så masse du fikk gjort !
Ja noen dager er slik og andre får en ikke gjort det grann:)
Ønsker deg ei flott helg!
Heisann!!
Høres ut som du fikk utrettet mye...kan godt ha litt avslapning da:o)
Slitan med nye møbler...må innom igjen å kikke senere:o)
ha en fin kveld:o)
:-) FLOTT!! kjekt at det gjekk så bra! :-)
Nydelige vinduspynt du har laga til huset i gata! ;-)
HA ei goood helg!
Monica
Jeg skulle så ønske at jeg hadde en slik inne/uteplass. I dag er det litt sol og litt regn og varmt, så det hadde vært akkurat det jeg trengte. Kan jeg få komme å sitte litt i din?
Ha en super helg.
Legg inn en kommentar