Først skal eg jubla litt i dag… for eg er eeeendeleg i gang med litt måling att !!

Ein usedvanleg tålmodig kunde skal snart få dører på skåpa sine att, ho håpa på det i fjor haust også…


Heldigvis er det på ei hytte og ikkje i heimen der ein oppheld seg dagleg. Og som de ser av motiva så er det ei hytte ved sjøen som har mangla skåpdører i eit par år…
MEN – så er det ein ting som ikkje er mykje å jubla over. Det er meir ei skam! Eit landemerke i Vossabygda skal snart verta ei saga blott.


Hangursbanen med sine Dinglo og Danglo har frakta tusenvis av mennesker til fjells i nesten 50 år. Restauranten på toppen har vore eit utsynspunkt over vakre Voss for nesten alle turistar som har vore innom bygda i like lang tid.


Gondolbanen vart bygd i 1963 og navna på kabinane er komne av at dei - nettopp som navna tilseier – dinglar og danglar så mykje på si ferd over mastene og i vind. Eg hugsar godt kor moro me syntes det var i ungdommen, det kitla i magen over kvar mast, og spesielt litt seint på dag då vaieren begynte å verta slakk. Far min hadde aksjar og “aksjeutbytet” var gratisbillettar så det vart mange,mange turar opp i løpet av vinteren. I min ungdom var Danglo gul, i seinare år har den vore blå.

Nedre stasjon skal rivast og verta boligar til våren. Det er siste sesong kabinane skal dingla og dangla oppover i Hangurslia og Voss Resort som driv banen, har lova at det skal koma ny bane når plassering og finansar er på plass. DET ER LENGE SIDAN EG SLUTTA Å TRU PÅ JULENISSEN!

Og med dette hjartesukket ynskjer eg kvar og ein ei riktig god helg – enten de skal til fjells eller ei… :0)

