ALTSÅ… DETTE ER IKKJE NOKO KONTAKTANNONSE…
Saka gjeld gamle badekar,nemleg.
Dette badekaret står i “Gatehuset” vårt,og der har det stått sidan 1947. Godt brukt og tusenvis av gonger skura med ATA skurepulver,og like mange gonger vore bada i av familie på 7, samt oppbevart plantar i i ferietider.
Som de ser så ber badekaret godt preg av bruken gjennom 60 år. Badekaret har eg ingen tanke om å kasta,det skal brukast på nytt bad.Etter ein runde hjå både byggevarehus og rørleggarar for å forhøyra meg om det finnes nokon som kan emaljera det om att,har eg forstått at slikt IKKJE let seg gjera her i bygda… Idag hadde me murar innom for å sjå på eit arbeid ang.ny ovn,og noko med det første han kommenterte var badekaret. Han anbefalte ikkje emaljering,for den gamle emaljen var så sterk. Me skulle rett og slett prøva å polera det opp att… Så det er her spørsmålet mitt kjem opp… ; finnes det nokon her i blogglandia som har erfaring med dette????? Eller er det nokon som veit om det er folk som emaljerar i Bergensdistriktet??? Alle tips tas imot med stoooor takk!
Gamle kranar er det flust av også i Gatehuset. Dei skal også få ein ny sjangse hjå meg… Litt tungvint å skru på to kranar for å få lunka vatn kanskje, men det skal me alltids stå ut med…

Flotte kranar! Har også med porselenknopp i midten med raudt og blått symbol på,men dei gløymde eg å ta bilder av då me var innom i huset i kveld.
Så har eg fått pakke i posten idag :=))

Koselege Lobelia er avsendaren. Eg kjøpte to gammeldagse emaljeskilt som skal brukast i Gatehuset, ein sjablon med olivenreklame som skal brukast til stoltrekk (også til Gatehuset) og nydelege sinkstjerner som skal brukast til advent.

Her er litt av “ingrediensane” til adventsdekorasjonen eg skal laga,så kan de vera litt nyskjerrige ei lita stund… de skal få sjå meir seinare… planane har eg klare,forståss….
Og snille Lobelia sender med ei lita gave også når eg handlar. Takk skal du ha ;0)
Då håpar eg på litt respons ang.badekaret,og takkar samtidig alle mine kjære bloggvenner for dei koselege kommentarane de legg att her hjå meg sjølv om eg er inne i ein frykteleg dårleg kommentarperiode sjølv… uff,denne tida MÅ eg snart få litt meir av..!!! (Nokon som veit kor eg kan få kjøpt litt ekstra av TID også forresten?)
HA EIN FLOTT TIRSDAGSKVELD !