Det var visst eit deprimerande innlegg eg hadde sist, men i dag er eg “høgt oppe” att for i dag skin sola!!
Vakna tidleg og såg blå himmel etter gamalt, og kjende energien pitra i kroppen før eg kom meg på beina… Tenk at det kan vera såååå stor forskjell på dagane berre sola tittar fram ! Dagen skulle starta med grunning av veggplater var meininga, men det var for kaldt i rommet så tidleg, men energien måtte nyttast må veta ;0)
Det vart verkstaden og fram med måling,lim og serviettar før klokka halv åtte på morgonen…
Men no må eg i gang med veggplatene så dei er ferdiggrunna til tapeten kjem i hus.
Takk for alle gode og oppmuntrande kommentarar frå hjartevarme bloggarar, vær og kulde spelar så visst ingen rolle så lenge ein befinn seg i blogglandia!
Ha ein fin-fin mandag og ei flott veke – håpar sola skin der du er :0)