– men broderimønster samla ho i alle fall på!
Eg har eit søskenbarn som er så heldig at ho har arva masse,masse gamle mønster og tegningar etter oldemora vår, og eg er så heldig at eg har fått tatt del i “herligheten”…
Til dåpsdagen min fekk eg ei lita kiste og syskrinet til oldemor i gåve av henne. Syskrinet hadde ho fått hjå sin bestefar (altså min tip-tip-oldefar) og det var fyllt med gamle mønster,tegningar og utklipp. Det har eg kasta då eg var jentunge … at det GÅR AN !!!! Men som sagt, eg har fått “litt igjen” og eg ser no kven eg har arva min lidenskap for ord og initialar av. Det er dusinvis med variasjonar av alfabet og visdomsord m.m. etter oldemor.
Duken bredes,bordet Prydes, The og kaker mykke bydes. I huset vorde ro, fred, Kjærlighet og tro.
Uten arbeid og umag, ingen rett lykksalig dag.
Små ord av kjærlighet sagt hver dag, gir hjemmet lykke,trivsel og behag.
Eg skal ta godt vare på denne skatten etter vår kjære oldemor frå Lurøy på Helgelandskysten, og eg håpar eg ein gong får tid til å sy/brodera ein del av dette ho har sete og gjort før meg.
******* ******* ******* ******* ******* ******* *******
Så over til MI SAMLING – dagens fangst etter søndagstur i skogen.
Dette skal det bli mykje fin julepynt av….
Og mens konglene kosar seg på 50 grader i ovnen og blir lubne og blanke, er det så smått begynt å bli hjerter av mosen. I garasjen står det ei vindusramme, ei lyslenke, einerbusker og eit par skøyter som fristar veeeldig å få gjort noko med – men det er framleis 2 veker att til advent så eg må la det bero ei stund til…. LYST Å SJÅ KVA DET BLIR??
Med 1000 idear i hovudet ynskjer eg deg ein flott søndagskveld og kreative veker fram mot advent:0)