mandag, september 24, 2012

Fine dagar i Odense

385574_4658584542056_1768685123_n

Takk for nokre flotte dagar og VELKOMMEN inn i familien Christian!

DSCN5861

Ein nervøs brudgom ventar på brura.

601599_10151557926275166_171269605_n

Brannmannen i eit stort øyeblikk…

DSCN5870

Etter at brureparet hadde sagt høgt og tydeleg JA var det vesle LEVIN MATHEO som vart velsigna og godtok vatn på hovudet utan ein lyd.

DSCN5865

Etter masse god mat er det godt med ein aldri så liten trimtur… Besten og Leah på spasering.

DSCN5851

Idag er det riktig DAGEN DERPÅ :0)

onsdag, september 12, 2012

Det er umiskjenneleg september…

Nysnøen er komen på fjella som omkransar Vossabygda -

DSCN5805-vert

 Haugamoen inne 020

- og fuglen har samla troppane for sydenreise -

Ha ein fin-fin septemberdag :0)

fredag, august 31, 2012

DEN SISTE OG DEN FØRSTE -

Hei på deg! Ja, tenk… den aller siste dagen av august visar på kalendaren og i morgon blar me om til september. Definitivt HAUST og sommaren me har venta på har framleis ikkje dukka opp – eller for den så fort forbi at me ikkje merka stort av den…?

Uansett kan me i alle fall ikkje gjera noko med det og den siste augustdagen er her med strålande sol og blå himmel, med andre ord ein flott UTEDAG!

Og på denne SISTE august dristar eg meg til å introdusera den FØRSTE (hald deg fast!) nissen.

DSCN5780

Ja,du ser rett – nisseproduksjonen i Nikolineheimen er i gang….

DSCN5772-vert

Den aller første er (nesten) fix ferdig – han har fått selskap av ei tova mus men ein liten ostebit manglar endå.

DSCN5776-horzDSCN5773-vert

Og så kom det fram ein kompis her ein kveld, med hua på snei og fine broderi på vottane sine…

DSCN5781-tile

Seinare på kvelden drista jammen den 3. seg fram også, og no kjem dei på “løpande bånd” vil eg tru.

DSCN5784-tileDSCN5788-tile

Fjesa er av cernit og steikte i ovnen, kroppen er av figurtråd, sjegget av saueull og klær får dei etter som det passar seg – ein gamal gensar kan bli uhorveleg mange små nissegensarar. Det verste var faktisk å gå i butikken og nesten tømma den for rottefeller – kassadama såg litt rart på meg men eg følte ikkje for å gje noko forklaring. Ho trur nok eg bur i eit hus med eit titals rotter…

DSCN5785-tile

Så er eg altså i gang med “haustproduksjonen”, er du komen i gang med noko også?

Gjer denne siste augustdagen til ein god og fin dag, den kjem aldri tilbake. Om den er tung og grå der du er – prøv med eit smil og sjå at det hjelper!

DSCN5780-horz

Tripp – trapp – tresko – og GOD SEPTEMBER I VENTE :0)

mandag, august 06, 2012

Meir drivhus….

I dag har eg lagt inn 74 bilder av drivhuset som er under bygging (– snaaart ferdig!! –) men eg er ikkje tenkt til å plaga deg med alle 74….  Eit aldri så lite billedras blir det uansett for det var så vanskeleg å velga ut berre nokre få ;0)

 

DSCN5660-tileDSCN5661-tileDSCN5669-tileDSCN5664-tileDSCN5688-tileDSCN5644-tileDSCN5659-tileDSCN5671-tileDSCN5706-vert

Og det siste bildet er tatt frå terrassen med ettermiddagskaffien i koppen. Kosar meg med hagearbeid i sola og nyt late feriedagar saman med brannmannen (eller så veldig LATE er ikkje dagane akkurat – men me kosar oss med arbeidet som me ser så godt resultat av begge to)

Det vart nokså på sparket dette innlegget med mykje bilder og få ord, men dog eit lite livstegn i alle fall.

tirsdag, juli 10, 2012

Prosjekt nett no…

Ei gamal butikkvekt – blytung og stygg!

DSCN5608-tile

Utgangspunktet var dette:

DSCN5605-horz

Og sluttresultatet vart dette.

DSCN5608-horz

Jordbær i mange fasongar….

DSCN5621-tile

Og vekta skal “sjølvsagt” stå i drivhuset!

Berre til pynt – eller kanskje til å vega jordbæravlinga på…??

mandag, juni 25, 2012

Eg er så eitrande galen!!!

Ja, ikkje berre eitrande galen – men rasande forb…. egentleg!

DSCN5570-tile

På fredag hadde me nokre skikkelege vindrosser som tok med seg det meste som var laust – også duken eg broderar siste rest på,for den låg lett henslengt på hagebordet. Då eg kom ut fann eg att broderiet i hagen,saman med ei skjor… (skjære på “fint” eller sjur som far min sa) Skjorene her i Haugamoen er så tamme at dei er med på vatnerunden i hagen for å få dusja seg og sit på rekkverket og ventar på godbitar når me sit ute og grillar. Vanlegvis likar eg godt skjora, men er ikkje så sikker på at eg skal fortsetja med DET!

DSCN5562-tile

Antakeleg har ho trudd at dei broderte jordbæra kunne smaka godt, for ho dreiv eit nitidig arbeid med å få dei frå stoffet… Dette vart resultatet! Masse små hol med avhakka trådar, mest rundt kantane men også midt på duken. Eg var NESTEN ferdig med broderiet så eg veit ikkje heilt kva eg skal gjera med den… i første omgang får eg vel setta meg ned med “lappesaker” og sjå kva eg får til, men gleda med duken og broderiet er borte!

DSCN5564-tile

Men positive ting har heldigvis også skjedd – for på jonsokaftan fekk me vera med å feira to FLOTTE 50åringar ute på Sotra!

DSCN5573-tile

Tusen takk for ein kjempefin dag Anne Karin og Sidsel :0) !!

Og så ynskjer eg alle andre som er innom her ein fin-fin dag også! (med eller utan irriterande skjorer i hagen…)

søndag, juni 03, 2012

Litt framgang…..

DSCN5371-tile-tile

Eit lite livstegn frå ei litt sjaber Nikoline :0)

Forrige helg var me nordover i konfirmasjon til  eit av våre kjære barnebarn. Ein flott dag med ein flott gut som “gjekk inn i dei vaksnes rekker”

DSCN5436-tile-tile

I veka som har gått har det vore så som så med forma, men litt framgang i hageprosjektet har det då blitt… (men det går forholdsvis tregt – dog i riktig retning – på FRAM

MAI:

DSCN5307-horz-tile

JUNI:

DSCN5439-tile

(Som sikkert dei fleste har forstått så skal eg få meg drivhus) No skal det taksperrer på og i kjellaren står to flotte dører som skal malast og brukast i drivhuset. Hekla gardinkapper til dørene ligg ferdig og klare for oppheng – godt med alt som er gjort, er det ikkje så?

DSCN5366-tile

Eg ynskjer alle ein strålande søndag med DUFT AV SYRIN :0)

DSCN5443-tile