tirsdag, september 22, 2009

Så mange slags forberedelsar -

      - og ikkje alle er av det gode slaget -

Til bloggen 003 Til bloggen 027

Her blir det ein liten bloggpause framover. Dagane går med på sjukehuset og i “Gatehuset” etter å ha fått beskjed om at me må forbereda oss på dødsfall i næraste familie. Då min kjære ikkje har noko slekt her,må det ryddast og ordnast med overnattingsplassar i Gatehuset i forbindelse med gravferd.  Triste dagar og trasig forberedelse…. Men eg takkar hjarteleg alle som er innom meg og eg er nok snart tilbake med eit innlegg skal de sjå….

September 146

Håpar de forstår at tida ikkje strekk til for å vera innom å kommentera hjå kvar enkelt, men eg skal ta det att seinare :0)

HA EI FIN VEKE MINE VENNER!

søndag, september 20, 2009

God søndagskveld.

Dagen idag har gått i det ventande “gatehuset”. Har fått pussa glasruter og hengt opp gardiner,men alt er berre midlertidig(så ingen bilder derifrå)

0908140035_JPG-for-web-large-tile

Slik bur me idag,høgt og fritt og landleg. Midt i den husklynga de ser på bildet, står Gatehuset og ventar…

juni 068-tile

Tomt og trist står det der,og den sjebnen må det nok leva med ei stund til… Eg får mageverk berre ved TANKEN på at eg skal selja huset me bur i no,så korleis skal det bli den dagen det verkeleg skjer??  Huttetu… nei,lat meg snakka om noko kjekkare..

kransar 004-tile

Eg har plukka epler idag… det eg rakk frå ein hagestol.. høgare opp våga eg meg ikkje nett idag.  Så no har eg stått å renska og delt ein full berepose med epler som var prikkete og stygge. Noko er delt i båtar til eplepaiar,noko er hakka til muffinsfyll/kringler, og noko blir eplemos. Dei fine epla kjem på bordet.

kransar 005-tile

Igår fekk eg litt av løkane eg har bestilt,resten kjem i oktober. Argon (rottweileren) har hjelpt GODT til med å grava holer til tulipanløkane etter at eg skar ned spireaen i bedet. Det vart ikkje berre eg som kom godt til med å grava no…. store holer står klare til å putta løkane i, men det er verre med kvar det er blitt av jorda som skal fyllast på oppå løkane att.. den ligg strødd rundt på terrassen.

september 006-tile-tile

Og “babyane” mine har klart seg godt i haust,har røta seg og sågar komme med ein blomst og to. No gjeld det å berga dei gjennom vinteren.

No skal resten av søndagen tilbringast i sofaen med bølgeteppehekling og fjernsyn. Ha ein fin kveld du også :0)

fredag, september 18, 2009

Ein fin-fin fredag i skogen.

Takk for alle koselege og omtenksomme kommentarar! Alt står bra til med min kjære, han kom då heim omsider… Men korleis det skal gå med ein aktiv mann å halda seg i ro i 5 veker… ja, det blir vel eit anna kapittel…

i skogen 003-tile

Idag har eg hatt ein herleg dag ute i det fri. Fru Elg med sine to små vart observert på sopptur igår, så idag måtte eg ut og “berga stumpane” og redda det som reddast kunne. Elgen hadde rota og greve veldig, men det var att masse flott piggsopp til meg også.

i skogen 005-tile

Bra fangst dette…

i skogen 004-tile

Sjå så flott! Men så farleg,farleg…. Tenk om ein kunne konservera dei på ein måte og bruka dei i dekorasjonar! Eg ser for meg denne vakre lilla soppen saman med røsslyng og mose…

kransar 007-tile kransar 006-tile

Då eg kom heim gjekk eg sporenstreks på hobbyrommet og henta keramikksopp. Bjørkegreiner vart til krans,og med pyntesopp og kråkefot festa på med vikletråd vart det litt haust på ytterdøra.

kransar 001-tile kransar 002-tile

Røsslyngkrans vart laga sist helg og heng på smijernsporten for å ynskja alle ein god haust.

kransar 004-tile

Hausten er kommen på portsøyla også.

kransar 009-tile

Og med lett blanding av restane frå sommaren og litt nytt i haustens fargar utanfor inngangsdøra, ynskjer eg alle ei riktig god helg!

tirsdag, september 15, 2009

Tåkelagt….

blåbærtunet 001-tile-tile

Eit “gedigent” skilt… med dårleg sikt…?

Neidå, de skal få eit litt klarare innblikk…

Eg lova kunden som skal ha skiltet  å visa det på bloggen,men hadde nesten gløymt det. Men her er det altså,og sjølv om det ikkje er så mange dagane før det vert henta kan det jo likevel vera kjekt med ein liten “forhåndstitt”..

blåbærtunet 003-tile

Gamlefar på blåbærtur -

blåbærtunet 005-tile

- og vetleguten ser ut for å vera fornøyd :0)

Då gjenstår det å sjå om også kunden vert fornøyd når ho kjem på fredag….

GOD HAUSTKVELD !

mandag, september 14, 2009

Å vakna til ein strålande haustdag -

  - med fullada batteri etter hyttehelg og ei flunkande ny veke å ta fatt på, er ei prisverdig GÅVE ! Klar,kald haustluft og høg blå himmel gjev meg energi til tusen! Og når eg i tillegg finn mange,mange kjempekoselege kommentarar som de har lagt inn til meg i løpet av helga, får eg ein endå betre start på dagen! Dette er ein mandag eg føler eg kan gjera ALLVERDEN!!!

hytta

Frå oversida på hytta i går --- ein snill dag

Eg kom i gang med strikkeputene mine i helga, og den første er ferdig.

pute1

Dobbelt garn og tjukke pinnar gjer susen… då går det fort å strikka eit putetrekk. Eg er godt i gang med nr. to også, den er i offwhite med flettemønster.

pute6

Søndag vart det fjelltur, men eg hadde gløymt kameraet så det vert bilder av “fjellpynten” i staden for.

hytta,2-tile

Ein mosegrodd støypejernsgrill i haustskrud… Sprake,lyng og mose, mine favorittar!

hytta,3

Hausten er også teke med inn, litt av den i alle fall…

hytta,sept-tile Lørdagskveld på hytta.

Alle dei nye og spennande innlegga som er komne på lenkelista her i løpet av helga, skal eg kosa meg med i kveld. For no lokkar sola på meg og vil ha meg ut… og eg let meg villig lokka!

Ha ein strålande mandag alle saman!

fredag, september 11, 2009

Hadde tenkt -

- (mykje brukt dei to orda der ….) å vera innom kvar og ein for å ynskja god helg, men ser at tida ikkje strøkk til idag…. Difor tyr eg til kortversjonen og lagar eit lite innlegg i full fart for å seia  GOD HELG til alle !

Her skal helga tilbringast på hytta. Gler meg til å komma opp att og har utstyrt meg med litt nyinnkjøpt… Korger til det nye vindfanget me laga i ferien, masse garn til strikka puter, lys og litt anna småtteri.

ferien 2009 200-tile

ferien 2009 205-tile

Sist me var på hytta, vart det “ny” kjøkkenkrok. Amerikakiste og hyller.

  ferien 2009 202-tileferien 2009 198-tile

 ferien 2009 204-tile

Kista står åpen med litt diverse oppi… Den gamle sangboka til Haldor og Nikoline (besteforeldra mine), ein pyntehåndduk, nøkkelknippe,korger og kokebok…

ferien 2009 206-tile

Slik ser det ut i kjøkkenkroken no (ubloggifisert med blad og askebeger ser eg no i ettertid…)

Om været blir nokolunde skal eg på fjelltur for å plukka røsslyng til krans.

0905130025_JPG-for-web-large-tile

Her ser de området me har fritidshuset i (som me kallar hytte), huset ligg ved elva og der de ser vegen svingar og “går over i intet..” Bildet er lånt frå nettet og om de går inn på bruhuset.com finn de mange flotte bilder frå Vinje. Faktisk fann eg bilder frå heimen vår her også… Olemann hadde vore på sykkeltur forbi her…

VEL, KOS DEKAN I HELGA !

onsdag, september 09, 2009

Mens eg ventar -

- på at regn og vind skal roa seg så eg kan gå ut og lakka skilta eg laga til det vesle jubileumet mitt ( 20.000 besøkande), har eg sett i gang med å laga ny kjøkkenlampe…

UTGANGSPUNKTET

lampe 001-tile

er eit fuglehus eg kjøpte hjå Lenes Blomster i Notodden i sommar, med tanke på å gjera det om til lampe.

Eg kosar meg storleg med slikt arbeid… pyntar (og dillar  vel kanskje litt for mykje av og til…) På baksida av huset var det ei lita luke som eg skrudde av og festa att på framsida. Eit stakittgjerde må jo til…. og bebuaren sit på pinnen og skal nyta lampelyset med tid og stunder.

lampe 003-tile-tile

Det er vel kanskje ikkje heilt lovleg det eg driv med idag…? Tenkjer på det der med Nemco-godkjenning osv. Er det Nemco det heiter forresten? ( Halloen Jørn… godt du kjem om ein månad… så kan du kobla den om att og skriva Forenede montører på den med bitta lita skrift… *kremt*)

Då er det att å få litt hjelp av handymannen som skal bora hol til pæreholdaren gjennom pipa på huset. Skjermen held eg berre laust over her for at de skal få eit bedre inntrykk av sluttresultatet…

lampe 007-tile SLUTTRESULTATET

- OG NÅR EG HAR FÅTT LAKKA SKILTA (FORHÅPENTLEGVIS I LØPET AV DAGEN) SKAL DE FÅ DEI I POSTEN SÅ SNART LAKKEN ER TØRKA!

HA EIN SUPER ONSDAG :0)