onsdag, februar 29, 2012

“Strikketøyet” mitt den siste veka….

– det finnes knapt noko herlegare!!!

Snart skal ho setta seg på flyet tilbake til Odense, men det vil eg ikkje tenkja på nett no…

IMG_0675

Kjem sterkare att om ikkje så brått…:0)

mandag, februar 20, 2012

Lysare tider

 – både ute og inne -

DSCN5040-horz

Trappegangen har vore min opphaldsplass i fleire dagar og jammen visar det att etter meg…

Haugamoen inne 022-horz

Dette (bildet til venstre om nokon skulle lura…!!) var utgangspunktet då me flytta inn, og forandringane er STORE og LYSE om du ser på bildet til høgre.

DSCN4998-tile-horz

På sikringskåpet har har eg svinga penselen og måla lukkelege sauer…

DSCN5001-tile

- og eg har også måla dei samme sauene på stoff til pose og eit par hjarter, men det er ikkje HEILT ferdig endå.

DSCN5062-horz

Og i dag kom siste finishen på i trappa, eit lite ordtak.

DSCN5045-horz

Så gjenstår litt bilder,lykter og gardiner – du skal få sjå det også når det er komme opp.

page1-horz

No ventar eg barn og barnebarn på vinterferiebesøk så eg skal rydda vekk målingsboksar og penslar for ei stund og BERRE kosa meg med “etterkomarane” som eg desverre ser så ALTFOR sjelden!

Ha ei god veke alle saman:0)

mandag, februar 06, 2012

På pinne nr.8 går det fort…

Eg strikkar. Til meg sjølv – noko uvanleg…

DSCN4872-tile-vert

Jakke nr.1 er ferdig. MED Amerikaknappar.Skiløpar er motivet. Ein gong i tida kjøpte i Noreg og frakta med til USA, kjøpte tilbake på loppemarknad og frakta heim att til Noreg – for så og brukas i strikkejakke til Nikoline. Hmm…

DSCN4967-vert

Apropos gamle knappar. Vinterveska har også fått gamle tinnknappar, eg beundrar desse gamle knappane med forskjellige motiv og har diverse utgåver i “tølene” mine. Eg kan ta dei fram berre for å sjå på dei og eg er spesielt glad i ein eg har med ekorn på.

DSCN4986-tile

Jakke nr.2 er godt i gang. Synes dette var eit utruleg flott mønster som eg fann i Familien.

DSCN5022-tileDSCN5025

Og så har eg strikka leggvarmarar – dei er også til meg sjølv…

DSCN4913-vert

Eg kosar meg i vinterkvelden innadørs, med tulipanar og lys på bordet, og ovnen ser du er omtrent raudglødande….

DSCN5013-tile

Ute pyntar det også opp med lys og tulipanar… i heimelaga lyslykt.

DSCN5021-tile

Takk for at du stakk innom og ha ein fin kveld du også :0)

fredag, januar 20, 2012

Den vesle kofferten med den lange historien -

      I 1949 gjekk ein ung maskinist i land i Newcastle mens skipet lasta ombord for frakt til Frankrike. Maskinisten hadde eit bestemt ærend i land – han skulle ha ein LITEN koffert som kunne romma det aller mest nødvendige.

DSCN4949

Då skipet ankra opp i Le Havre gjekk maskinisten i land – han ville prøva loffarlivet gjennom Frankrike og det var til dette formålet kofferten var innkjøpt. Etter å ha vandra landevegen – MED DEN VESLE KOFFERTEN – mønstra maskinisten på eit nytt skip i Marseille og sette kursen mot moderlandet Noreg.

Eit par år seinare stifta han familie og vart “landkrabbe”, bygde hus og vart yrkesmilitær. Den vesle kofferten vart lagt på loftet og gløymd (ein brukar ikkje KOFFERT i militæret ….*S*) Endå nokre år gjekk og maskinist-militæren fekk ei lita dotter som gjekk for GULLHØNA. Ho hadde ei mor som var ein kløppar med dokkeklær,sydde og strikka dei mest fantastiske garderobar! Då Gullhøna etterkvart ønska seg noko å ha alle desse dokkekleda i, dukka minnet om kofferten på loftet opp i hukommelsen deira og den vart henta fram i lyset att. Gullhøna lika ikkje kofferten – den var “brun og STYGG!!!” Faren fortalde om historien til Englandskofferten og mora fann fram ein boks med kvitmaling som Gullhøna kunne få mala med SJØLV og kofferten vart ein fast følgesvenn gjennom heile barndommen. Dagleg kunne naboane sjå ho trippa avgarde med gul dokkevogn og ein kvit koffert i hånda.

DSCN4954

Den 5 år yngre broren var veldig misunneleg på DEN KVITE KOFFERTEN, den hadde passa sååå godt å ha småbilar i !! Etter som åra gjekk slutta sjølvsagt Gullhøna å leika med dokker og etter mykje mas fekk broren lov å LÅNA kofferten til Matchboxbilane sine.

Mange år gjekk før Gullhøna ein dag oppdaga at kofferten var borte vekk – bror hadde teke den med seg då han flytta heimefrå og påstod hardnakka at kofferten var HANS! Det hjelpte ikkje kor mange gonger maskinistmilitæren og dokkeklærsyerska fortalde han historien og at det ikkje var hans koffert….

DSCN4956

Kofferten var flytta og inneheldt småbilar, men den var ofte samtaleemne når søskena treftes – DEN KVITE KOFFERTEN -  Gullhøna gav etterkvart opp og innsåg vel at slaget sannsynlegvis var tapt. Det vart lenger og lenger mellom kvar gong temaet kom opp og til slutt var det ingen som lenger nevna den kvite kofferten i familien.

På veslejulaftan i 1995 feira Gullhøna 40årsdagen sin og bror kom med pakke som “skrangla” Då ho fekk av papiret åpenbara DEN KVITE KOFFERTEN seg med ein stor marsipangris oppi og eit “unnskyld”

DSCN4962

GULLHØNA er sjølvsagt meg – Nikoline på landet – og snipp,snapp,snute – så var kofferthistorien ute

-- NESTEN --

DSCN4953

No inneheld den 63 år gamle vesle kofferten (25x40cm) glansbilder i staden for dokkeklær, men det aller første målearbeidet mitt frå 1960 er intakt. Utan å gjera noko med akkurat DET har den likevel fått piffa seg opp litt i løpet av dagen i dag med musefrøken “på loffen” og eit ordtak som dokkeklærsyerska skreiv i minneboka til Gullhøna.Dermed har eg fått teke med litt frå dei begge føler eg, mine kjære foreldre som gjekk så altfor,altfor tidleg bort.

DSCN4958

Ei fin,god helg ynskjer eg deg som er innom -

og om du skulle lura…. kofferten gje eg ALDRI ifrå meg ein gong til… :0)

onsdag, januar 18, 2012

RESTEFEST på nyåret…

Når ein surfar litt rundt på nettet er det utruleg masse fint å finna til inspirasjon og glede! Småbroderi er ein av tinga som verkeleg får det til å klø i fingrane og som gjev meg eit puff til å rota rundt i skuffer og skap etter stoff, broderigarn, blonder og dilldall…. (det er utruleg kva eg har….) Så er det fram med rutepapir og blyant for å setta saman småting frå her og der til eit mønster (og milde moses så mange timar av livet mitt eg har brukt til tegning på rutepapir -  heilt frå eg var bitte liten har eg dreve med slikt!)

DSCN4878-tile

Eit broderi  kan brukas til så mangt.

DSCN4897-tile

Og saman med knappestolpe frå ei utvaska skjorte, eit dongeriskjørt, gamle gardinbånd, nattdress etter svigerfar, ein blondebit og linning frå dongeribuksa til brannmannen kan det bli til DETTE :

DSCN4905-tile

EI VINTERVESKE :0)

Eg elskar slikt arbeid og eg stortrives med alle prosessane fram til ferdig resultat! No manglar det berre hankar på denne veska så kan eg ta den i bruk.

DSCN4881-tile

Neste veske er allerede godt i gang – det skal bli litt meir “sommar” – de får heilt sikkert sjå meir til denne framover….

Utanom brodering/sying er det jo sjølvsagt andre ting på gang *** Nikoline i eit nøtteskall ***…..

DSCN4907-tile

Denne søte frøkena skal eg kosa meg med til helga. Kva det skal bli…?? Vent og sjå…. :0)

lørdag, desember 31, 2011

Takk for året som har gått.

Det har vore eit nokså turbulent år med mykje sorg og uro, men også med store gleder.

furte_engel-tile

Det verste har nok vore all sjukdomen i vår næraste familie på begge sider med tilstandar som kreft og hjartestans der ein ikkje visste kva utfallet ville verta, men innimellom all uvissa,vonde dagar og nattevåk har det vore store glimt av glede.

I slutten av juli kom vesle Leah til verden (vårt 4.barnebarn) og me fekk ein SUPER tenåring i heimen, David på 15 år!

DSC00648 (Kopier)-tileDSCN4734-horz

Hus og atter hus har stått på agendaen gjennom heile året,så eg får la dette bildet vera representativt for 2011…..

mai 09 150-tile

No går me inn i 2012 med EITT stort ynskje – at det skal enda bra med alle i familien og at storebror kan erklærast frisk utpå vårparten!

Sorger og gleder i kvardagen er vel Å LEVA – sjølve livet – men eg håpar på at det ikkje vert like mykje av det i året som kjem som det var i året som gjekk. Litt mindre LIV med andre ord.

Då takkar eg for all glede de har gitt meg gjennom bloggen i “gode og vonde dagar”, eg har sett stor pris på kvart enda ord!

DSCN4645-horz

Ynskjer alle eit riktig GODT NYTT ÅR og takkar for det gamle. Måtte kvar og ein få fine,nye dagar!

Nyttårshelsing frå Nikoline

torsdag, desember 29, 2011

Bekymringsmelding–korleis vil dette ende???

Kalendaren viser 29.desember -

DSCN4749-horz

Adventstakar står framleis i vidaugskarmen og nissane kosar seg framleis i “rampelyset”…

Og i mildværet tok eg ein rusletur rundt i hagen. Til stor bekymring….

page1

Slik ser det altså ut i blomsterbeda – alt spirer og gror! Aller verst synes eg det var å sjå clematisen stå med store skudd der til og med bladverket var godt utvikla :0( Det kan jo ikkje gå anna enn gale!

page1-tile

Melsdagane i fjor baud på meterhøg snø og mellom 25 – 28 iskalde grader, i år ruslar ein rundt huset på barmark og ser det spirer og gror. Kontrastane er store! Har du teke ein titt i dine blomsterbed…??

nissar-tile

Tusen takk for alle gratulasjonane med vel overstått gebursdag, riktig koseleg!! Og framleis god jol :0)