Når ein surfar litt rundt på nettet er det utruleg masse fint å finna til inspirasjon og glede! Småbroderi er ein av tinga som verkeleg får det til å klø i fingrane og som gjev meg eit puff til å rota rundt i skuffer og skap etter stoff, broderigarn, blonder og dilldall…. (det er utruleg kva eg har….) Så er det fram med rutepapir og blyant for å setta saman småting frå her og der til eit mønster (og milde moses så mange timar av livet mitt eg har brukt til tegning på rutepapir - heilt frå eg var bitte liten har eg dreve med slikt!)
Eit broderi kan brukas til så mangt.
Og saman med knappestolpe frå ei utvaska skjorte, eit dongeriskjørt, gamle gardinbånd, nattdress etter svigerfar, ein blondebit og linning frå dongeribuksa til brannmannen kan det bli til DETTE :
EI VINTERVESKE :0)
Eg elskar slikt arbeid og eg stortrives med alle prosessane fram til ferdig resultat! No manglar det berre hankar på denne veska så kan eg ta den i bruk.
Neste veske er allerede godt i gang – det skal bli litt meir “sommar” – de får heilt sikkert sjå meir til denne framover….
Utanom brodering/sying er det jo sjølvsagt andre ting på gang *** Nikoline i eit nøtteskall ***…..
Denne søte frøkena skal eg kosa meg med til helga. Kva det skal bli…?? Vent og sjå…. :0)
6 kommentarer:
Så nydelig det første broderiet var, det med vinter og snø. Virkelig flotte sammensettinger av bilder og tekst. Nydelig.
Skjønne broderier. :))
Ha en fin dag.
Klem M
Det var ei kjempefin veske.
Jammen er du flink. Nydelige broderier på dei veskene.
Helt herlig.
Det er så en får lyst til å sy seg ei ny veske. Men den blir jo ikke så flott da. Ha ei fortsatt herlig uke :)
Du er bare helt Nikoline du! Fantastisk flott. Sånn kreativitet en stakkars totning bare kan drømme om....
Fantastiske broderier!
Og de skjønneste motiver,så flittig du er:)
Gleder meg til å se videre, du lager så mye vakkert:)
Ha en fin kveld.
Det er bare så herlig å komme inn her. Du sprer om deg av glede og inspirasjon. Noe så vakkert som dine saker og ting. Nesten skummelt å bruke det vinterbroderiet til veske, tenk om den blir sølt på? :) Lykke til med den vakre musen, gleder meg til å se det resultatet også. Knakende god helg til deg :)
Legg inn en kommentar