fredag, november 13, 2009

Åååå…. det SNØR…!

Og er det noko som gjer meg GLAD i november,så er det snø!!

første snøen 004-tile

Eg synes dei siste dagane har vore litt tunge å koma igjennom, men då dei første snøfillene kom dansande i lufta i ettermiddag vart eg glad og lett til sinns :0) Og med snøen kom også ei bitta lita julekjensle… Her sit eg no og kjenner på kor eg gler meg til den gode adventstida – og til å finna julestemninga -

første snøen 001-tile

Julestemninga skal ein finna i heimen med ro,glede og forventningar. Det skal ikkje vera eit kaos og eit stress utan like,der det er om å gjera å setta verdensrekord i alt frå innpakning til pynt,mat og selskapsliv.

første snøen 003-tile

Julestemning skal ta tid. Julestemning er lukta av julebakst og clementiner,sylte og stearin. Julestemning er håndskrevne julekort med frimerke på, snøfillene som dansar i lufta, gløgg og julemusikk. Til og med stryking av juledukar og sølvpuss er med på å gje meg ei indre ro,glede og forventningar til den gode juletida me går i møte.

første snøen 005-tile

Eg er ei riktig JOLAKÅNA ! Eg byter ikkje ut julepynten etter kva som er “in” akkurat i år, eg hentar fram pappøskjene der det er samla julepynt gjennom 36 år og frydar meg over mine juleminner til kvar enkelt ting eg pakkar ut.. “Åja! Her er DEN,ja.. og denne laga Jens i 1979.. “  Så det tek si tid når eg skal kikka gjennom julepynten min forstår du…

Til bloggen 002-tile

Men no var jo ikkje tanken at dette skulle bli eit juleinnlegg i kveld,eg let meg visst riva med her i pur glede over den første snøen som kjem…

Til bloggen 014-tile

Det eg skulle innom for å sei, var:

RIKTIG GOD HELG ALLE MINE VENNER!!

onsdag, november 11, 2009

Eg skal ikkje lova meir enn eg kan halda -

- men det grensar til det kjedsommelege med innlegga mine for tida…  så dette blir endå eit innlegg med måla ting… og eg kan ikkje lova at det blir det siste heller -

trappekrakk 008-tile

Det er no ein gong slik at det er dette som er kvardagen min for tida, og då blir det dette eg bloggar om også.

trappekrakk 009-tile trappekrakk 010-tile

Eg har hovudet proppfullt av idear som skal prøvast etter julemessa.Då skal eg berre kosa meg med juleforberedelsar og laga ting til meg sjølv.No veit eg jo egentleg at det aldri blir tid til alt eg har lyst å gjera,men NOKON av planane skal i alle fall settast ut i livet.

trappekrakk 001-tile

I dag har det vore trappekrakkar på agendaen, og denne har motiv eg ikkje har vist før (første gong eg målar det) og det tok utruleg lang tid å få ferdig… det ser ikkje så mykje ut på trappa,men det er så mykje putledetaljar på det.

trappekrakk 002-tile

Men det var eit koseleg motiv både å sjå på og å måla synes eg.

trappekrakk 004-tile 

No har eg ei god veke på meg til å produsera på og eg er kommen dit hen at eg målar det eg giddar på denne veka og så får det bli som det blir… orkar ikkje dette stresset egentleg…

SÅ NO SKAL EG SPENNA BEINA PÅ BORDET,BLA I “LEV LANDLIG” OG KOSA MEG I VARMEN FRÅ VEDOVNEN! KVA SKAL DU I KVELD?

sammensett

mandag, november 09, 2009

Klokkeklart…

Søndagen var så god som ein novembersøndag skal vera igår… Eg tok heilt fri frå arbeidsrommet for å lada opp batteria til ny og travel veke,og det var godt kjenner eg…

klokker 001-tile

Det vart skogstur i mildvær,og sola smilte inn mellom granleggane. Eg samla kongler som eg måla utpå ettermiddagen, og litt andre skattar av det naturen har å by på vart med heim også…

klokker 003-tile

For at dette skulle verta den perfekte novembersøndagen, vart det lutafisk til middag! Noko av det beste eg veit… med tilbehøyr som seg hør og bør… steikt bacon,ertestuing,flatbrød og bondesmør. Som om ikkje dette var nok,slo fruen riktig til og laga dessert!!! Snakk om luksus… sviskekompott med fløyte… (dette var MITT bidrag i anledning farsdag…*kremt*)

Så med friskt mot starta eg dagen på arbeidsrommet før kløkka åtte i dagtidleg.

klokker 005-tile

Og klokkeklar som eg var idag,måtte det jo verta klokkemåling …

klokker 006-tile

Eine klokka med raudrevmotiv og den andre med fuglemotiv.

klokker 011-tile

Eg får ein del mailar (og også i kommentarar) der det er spørsmål om å få kjøpa div.av det eg viser her, men dessverre er ikkje dette varer for salg endå,det er varer til julemesse. Me får “snakkas” etter nyåret om det kanskje då vert produsert for salg gjennom bloggen.

Så ynskjer eg alle ei god,ny veke og håpar alle har like flotte novemberdagar som me har her på vestlandet :0)

torsdag, november 05, 2009

Som dagene går….

– ELLER - “DENNA DAGEN,ETT LIV” som farbror Melker sa….

Tida flyg avstad fortare enn eg klarar hanga med! Eg målar og eg målar… men no måtte eg ha ein bøy-og-tøy-kvilepause og med ein litt sein lunsj koblar eg av framfor pc`en. (og nyttar tida med eit aldri så lite innlegg….) La meg med ein gong sei at det er IKKJE for å få skryt eg legg ut bilder av produksjonen,men eg veit det er mange som ynskjer å sjå kva eg målar om dagane.

maling gradestokk maling nærbilde

Gradestokkar i fleire variantar -

maling tiur maling 5-tile

Teskrin med 9 rom inni (kvart rom akkurat passe for teposar)

maling kjele maling spann

Kaffikjele og mjølkespann (skulle vel vore kyr istadenfor høner her,men…

maling postkasser

Og postkasser (med dei evinnelege trolla…!!!)

Når eg ikkje målar,ryddar eg… i Gatehuset… på kveldstid…..

Haugamoen inne 021-tile

Hadde vel aldri trudd eg skulle gjera dette; legga ut bilde av meg sjølv i arbeidsmondur og håret på “halv åtte”…. men her er eg altså (!!) på veg baklengs ned trappa med hendene fulle av ROT og SKROT ! Trur aldri me blir ferdige å rydda i Gatehuset nokon gong!

Haugamoen inne 013-tile

Tek med bilde av eit anna klenodie som finns i huset der (utanom Nikoline), denne gamle komfyren. Den skal heller ikkje kastas,den skal få ein liten plass på nytt kjøkken som “pynt” og minna oss på ei forgangen tid i Gatehuset….

God ettermiddag!  (i kveld skal eg ta meg tid til ein runde rundt om hjå kjære medbloggarar og sjå kva de held på med for tida :0))

tirsdag, november 03, 2009

Søkjer dame med erfaring… – er DU den rette??

ALTSÅ… DETTE ER IKKJE NOKO KONTAKTANNONSE…

Saka gjeld gamle badekar,nemleg.

badekar 001-tile badekar 002-tile

Dette badekaret står i “Gatehuset” vårt,og der har det stått sidan 1947. Godt brukt og tusenvis av gonger skura med ATA skurepulver,og like mange gonger vore bada i av familie på 7, samt oppbevart plantar i i ferietider.

badekar 003-tile badekar 009-tile

Som de ser så ber badekaret godt preg av bruken gjennom 60 år. Badekaret har eg ingen tanke om å kasta,det skal brukast på nytt bad.Etter ein runde hjå både byggevarehus og rørleggarar for å forhøyra meg om det finnes nokon som kan emaljera det om att,har eg forstått at slikt IKKJE let seg gjera her i bygda… Idag hadde me murar innom for å sjå på eit arbeid ang.ny ovn,og noko med det første han kommenterte var badekaret. Han anbefalte ikkje emaljering,for den gamle emaljen var så sterk. Me skulle rett og slett prøva å polera det opp att… Så det er her spørsmålet mitt kjem opp… ; finnes det nokon her i blogglandia som har erfaring med dette????? Eller er det nokon som veit om det er folk som emaljerar i Bergensdistriktet??? Alle tips tas imot med stoooor takk!

badekar 013-tile

Gamle kranar er det flust av også i Gatehuset. Dei skal også få ein ny sjangse hjå meg… Litt tungvint å skru på to kranar for å få lunka vatn kanskje, men det skal me alltids stå ut med…

badekar 017-tile

Flotte kranar! Har også med porselenknopp i midten med raudt og blått symbol på,men dei gløymde eg å ta bilder av då me var innom i huset i kveld.

Så har eg fått pakke i posten idag :=))

allehelgensdag og postpakke 007-tile

 allehelgensdag og postpakke 010-tile

Koselege Lobelia er avsendaren. Eg kjøpte to gammeldagse emaljeskilt som skal brukast i Gatehuset, ein sjablon med olivenreklame som skal brukast til stoltrekk (også til Gatehuset) og nydelege sinkstjerner som skal brukast til advent.

allehelgensdag og postpakke 010-tile-tile

allehelgensdag og postpakke 013-tile

allehelgensdag og postpakke 019-tile  

Her er litt av “ingrediensane” til adventsdekorasjonen eg skal laga,så kan de vera litt nyskjerrige ei lita stund… de skal få sjå meir seinare… planane har eg klare,forståss….

allehelgensdag og postpakke 009-tile

Og snille Lobelia sender med ei lita gave også når eg handlar. Takk skal du ha ;0)

Då håpar eg på litt respons ang.badekaret,og takkar samtidig alle mine kjære bloggvenner for dei koselege kommentarane de legg att her hjå meg sjølv om eg er inne i ein frykteleg dårleg kommentarperiode sjølv… uff,denne tida MÅ eg snart få litt meir av..!!!  (Nokon som veit kor eg kan få kjøpt litt ekstra av TID også forresten?)

HA EIN FLOTT TIRSDAGSKVELD !