fredag, januar 20, 2012

Den vesle kofferten med den lange historien -

      I 1949 gjekk ein ung maskinist i land i Newcastle mens skipet lasta ombord for frakt til Frankrike. Maskinisten hadde eit bestemt ærend i land – han skulle ha ein LITEN koffert som kunne romma det aller mest nødvendige.

DSCN4949

Då skipet ankra opp i Le Havre gjekk maskinisten i land – han ville prøva loffarlivet gjennom Frankrike og det var til dette formålet kofferten var innkjøpt. Etter å ha vandra landevegen – MED DEN VESLE KOFFERTEN – mønstra maskinisten på eit nytt skip i Marseille og sette kursen mot moderlandet Noreg.

Eit par år seinare stifta han familie og vart “landkrabbe”, bygde hus og vart yrkesmilitær. Den vesle kofferten vart lagt på loftet og gløymd (ein brukar ikkje KOFFERT i militæret ….*S*) Endå nokre år gjekk og maskinist-militæren fekk ei lita dotter som gjekk for GULLHØNA. Ho hadde ei mor som var ein kløppar med dokkeklær,sydde og strikka dei mest fantastiske garderobar! Då Gullhøna etterkvart ønska seg noko å ha alle desse dokkekleda i, dukka minnet om kofferten på loftet opp i hukommelsen deira og den vart henta fram i lyset att. Gullhøna lika ikkje kofferten – den var “brun og STYGG!!!” Faren fortalde om historien til Englandskofferten og mora fann fram ein boks med kvitmaling som Gullhøna kunne få mala med SJØLV og kofferten vart ein fast følgesvenn gjennom heile barndommen. Dagleg kunne naboane sjå ho trippa avgarde med gul dokkevogn og ein kvit koffert i hånda.

DSCN4954

Den 5 år yngre broren var veldig misunneleg på DEN KVITE KOFFERTEN, den hadde passa sååå godt å ha småbilar i !! Etter som åra gjekk slutta sjølvsagt Gullhøna å leika med dokker og etter mykje mas fekk broren lov å LÅNA kofferten til Matchboxbilane sine.

Mange år gjekk før Gullhøna ein dag oppdaga at kofferten var borte vekk – bror hadde teke den med seg då han flytta heimefrå og påstod hardnakka at kofferten var HANS! Det hjelpte ikkje kor mange gonger maskinistmilitæren og dokkeklærsyerska fortalde han historien og at det ikkje var hans koffert….

DSCN4956

Kofferten var flytta og inneheldt småbilar, men den var ofte samtaleemne når søskena treftes – DEN KVITE KOFFERTEN -  Gullhøna gav etterkvart opp og innsåg vel at slaget sannsynlegvis var tapt. Det vart lenger og lenger mellom kvar gong temaet kom opp og til slutt var det ingen som lenger nevna den kvite kofferten i familien.

På veslejulaftan i 1995 feira Gullhøna 40årsdagen sin og bror kom med pakke som “skrangla” Då ho fekk av papiret åpenbara DEN KVITE KOFFERTEN seg med ein stor marsipangris oppi og eit “unnskyld”

DSCN4962

GULLHØNA er sjølvsagt meg – Nikoline på landet – og snipp,snapp,snute – så var kofferthistorien ute

-- NESTEN --

DSCN4953

No inneheld den 63 år gamle vesle kofferten (25x40cm) glansbilder i staden for dokkeklær, men det aller første målearbeidet mitt frå 1960 er intakt. Utan å gjera noko med akkurat DET har den likevel fått piffa seg opp litt i løpet av dagen i dag med musefrøken “på loffen” og eit ordtak som dokkeklærsyerska skreiv i minneboka til Gullhøna.Dermed har eg fått teke med litt frå dei begge føler eg, mine kjære foreldre som gjekk så altfor,altfor tidleg bort.

DSCN4958

Ei fin,god helg ynskjer eg deg som er innom -

og om du skulle lura…. kofferten gje eg ALDRI ifrå meg ein gong til… :0)

onsdag, januar 18, 2012

RESTEFEST på nyåret…

Når ein surfar litt rundt på nettet er det utruleg masse fint å finna til inspirasjon og glede! Småbroderi er ein av tinga som verkeleg får det til å klø i fingrane og som gjev meg eit puff til å rota rundt i skuffer og skap etter stoff, broderigarn, blonder og dilldall…. (det er utruleg kva eg har….) Så er det fram med rutepapir og blyant for å setta saman småting frå her og der til eit mønster (og milde moses så mange timar av livet mitt eg har brukt til tegning på rutepapir -  heilt frå eg var bitte liten har eg dreve med slikt!)

DSCN4878-tile

Eit broderi  kan brukas til så mangt.

DSCN4897-tile

Og saman med knappestolpe frå ei utvaska skjorte, eit dongeriskjørt, gamle gardinbånd, nattdress etter svigerfar, ein blondebit og linning frå dongeribuksa til brannmannen kan det bli til DETTE :

DSCN4905-tile

EI VINTERVESKE :0)

Eg elskar slikt arbeid og eg stortrives med alle prosessane fram til ferdig resultat! No manglar det berre hankar på denne veska så kan eg ta den i bruk.

DSCN4881-tile

Neste veske er allerede godt i gang – det skal bli litt meir “sommar” – de får heilt sikkert sjå meir til denne framover….

Utanom brodering/sying er det jo sjølvsagt andre ting på gang *** Nikoline i eit nøtteskall ***…..

DSCN4907-tile

Denne søte frøkena skal eg kosa meg med til helga. Kva det skal bli…?? Vent og sjå…. :0)