mandag, september 16, 2013

På arbeidsrommet akkurat no -

Ikkje akkurat inspirerande for måling … men innimellom blir det eit bitte,bitte lite snev av dekorstrøk også. Ikkje BERRE literboksar,stor kost og rulle.

SAM_1155-horz

For ei stund sidan tok eg fram stormotet mitt og tømde heile arbeidsrommet. I kjellaren sto ein gamal kjøkkeninnredning, trekvit og lakka, og det var både benkeskåp og overskåp. Med ein grundig salmiakkvask, sliping og pussing, heftgrunning og deretter fleire strøk med grått var det klart for montering på arbeidsrommet.For godt 2 veker sidan skulle Brannmannen  sykla rallarvegen og me skulle montera skåp dagen etter. Det vart litt annleis enn me planla – for Brannmannen fekk hjarteinfarkt midt oppå fjellet og resten av turen vart i luftambulanse… Det enda heldigvis bra!  Men skåpa vart ståande på terrassen sjølvsagt. Litt (ganske) forbarka på meg sjølv og sjølvhjelpheita som eg manglar bestemte eg meg for at DETTE SKAL EG KLARA SJØLV – og eg kan med stoltheit sei at eg har til og med bora hol for alle knottar og håndtak i dørene før eg skrudde dei på!

SAM_1145-horzSAM_1146-horzSAM_1147-horz

No vil vel nokon flira litt og lura på om eg er heilt god oppi knotten – skryta av slike ting – men for meg som har fobi mot ALT som durar av verktøy er det ein bragd skal eg sei deg!

SAM_1148-horzSAM_1158-horz

Men SLIK som dette har eg det altså no… og resten står “på stas” i stova og der får det stå inntil Brannmannen er restituert og kan løfta litt meir enn kaffikoppen sin. Benkeplata som står her er blytung og skal dessutan kappast av, og det er GRENSER for kva eg kan skryta på meg av ting er får til med verktøy som durar.

SAM_1153-horz

Så innimellom rot, permar, bos og rusk og rask riggar eg meg til på den eine benkeplata eg har og dyppar penslane i måling.  - Slik av og til -

Skiene frå naboen som flytta er begynt på forandringa, dette er den første ferdige. Med gradestokk.

SAM_1151-horz

Nestemann ut er dette paret som det skal monterast lysholdar på , og nr.3 er så vidt i gang med blyantstrekar av to gutar som baskar seg oppover i snøen. Det aller kjekkaste med å måla på ski er at eg får måla VINTER som eg likar aller,aller mest å måla.

Takk til alle som tittar innom, ha ein fin-fin kveld!