søndag, november 18, 2012

Med litt åleinetid fylgjer alltid store planar…

Ungdomen i huset skulle på VossaLAN frå fredag til søndag, Brannmannen skulle på julebord fredag og med påfølgande møte heile lørdagen. Med slike utsikter har eg alltid stooore planar for alt eg skal gjera når eg har berre meg sjølv å ta hensyn til…

Eg burde vita betre etterkvart – dagane går mest med til VAS ! Blandt anna har alle gamle julemagasin vorte NØYE gjennombladd, det er jo så himla godt å krølla seg saman i godstolen med fyr i ovnen og tjuvsmaking på årets julebrus – (der er det KUN Hansa sin på glassflaske som gjeld!!) Og sjølvsagt kjem ein litt i julestemning med sprudlande raud julebrus i glaset ;0)

pute 2-horz

JULEPUTE er resultatet.

pute 3-horz

Og JULESTJERNER.

Det ser ut for at jula vert ein anelse brun i år…. Stoffet eg har brukt ser ut som det er slitt og “skrukkete” lær, det er puta sydd av og stjernene er av papp (frå Panduro) som eg har trekt med samme stoffet. Det gjeld også hjarta som er festa på puta. Det har i tillegg fått eit måla årstal på til pynt.

pute ute-horz

På puta har eg sydd på eit motiv frå julestoffet eg kjøpte på Vestlandstreffet og som eg har vist fram i tidlegare innlegg. Til sludd nesta eg fast ei kunstig lerkegrein med nokre sting. Kanskje ikkje heilt egna til å sova middag på, men det er då heller ikkje meininga.

SAM_0152SAM_0165

Men eg må jo ha litt fleire puter som passar til – “Ei svale gjer ingen sommar”…eller “Ei einsleg julepute gjer inga jul”

God søndagskveld :0)

søndag, november 11, 2012

Helgeprosjektet–”kjøkken”–ferdig!

Og det var fort gjordt når ein først kom seg i gang…

SAM_0143-vert

Ved komfyren har det stått ein kvit og uferdig vegg og venta på flislegging i 2 år. No var eg HEILT FERDIG med å sjå på dette uferdige -  men det vart noko anna enn flislegging til slutt -

SAM_0125-vert

FØR OG ETTER :

page

UNDERVEGS :

Alt rotet er plukka bort, vaska veggen med salmiakk, måla den perlegrå slik som kjøkkeninnredningen er og så var det Brannmannen sin tur med plank,sag og hammar…….

kjøkken 1-vert

Ei gammal rusta dør fann eg under masse rot og rask bak garasjen, den er no pussa og blitt eit lite blikkfang over hylla.

SAM_0142-vert-horz

Veldig fornøyd :0)

SAM_0144-vert

Men her på bloggen har det skjedd ein “liten katastrofe” !!! På eit eller anna vis (det er nok eg sjølv som har gjordt noko eg ikkje veit om…) så er heile lenkelista mi borte vekk! Her skal eg få litt av ein jobb…! Eg får starta med å gå inn på dei som har kommentert i tidlegare innlegg og så får det komma litt etter litt som det dukkar opp… puuhh… du forstår kva eg skal bruka søndagen til kanskje??

gml dør-vert

GOD SØNDAG TIL DEG OGSÅ :0)

PS: Brannmannen er nok blitt smitta etter alle åra saman med meg for han lurte på om eg ikkje skulle skriva noko på hylla over komfyren… og ja, må nok det!

tirsdag, november 06, 2012

Ein sterk og flott gut

har kjempa sitt livs kamp og vann!!

155932_285155268268982_1314843434_n

Takk for alle gode ord og varme tankar kjære bloggarar!

mandag, november 05, 2012

Eit forferdeleg døger…

– som no ser ut til å enda bra.

SAM_0081

Ingenting er verre enn når det skjer noko med barn og barnebarn .. og denne helga slo “lynet” ned i heimen. Vesle Levin på 4 mnd. ,det yngste barnebarnet vårt, vart innlagt på sjukehus i hu og hast med mistanke om hjernehinnebetennelse. Ikkje lenge etterpå kom den frykta beskjeden – hjernehinnebetennelse konstantert og heile familien innlagt på isolat.

SAM_0080

Det vart lange timar der redselen skaka i heile kroppen, og samtidig skal jo sjølvsagt “ ho MOR “ vera den sterke som skal gje optimisme,håp og trøst til resten av familien. Det er ikkje så grådig lett når meldingane tikkar inn på tlf og det står “ mamma, eg er så redd”….

SAM_0089

Siste meldinga i gårkveld ga større håp, feber og puls var på veg ned og krampane hadde gitt seg. Dermed ga det ei slags nattero og tid til litt UTPUST att. No er den verste faren over og det gjenstår å sjå om det kan ha vorte skade på nervesystemet – og eg trur alt vil ordna seg bra!

IMG-20121021-WA0002

Ta vare på dagen i dag – det er så uvisst  kva morgodagen bringar.

426729_258900654227777_1950726487_n

PS:I dette øyeblikk kom meldinga eg har venta så sårt på… faren er over!