søndag, november 30, 2008

1.søndag i advent.

- og kjøkkenet er adventspynta





. Kjøpmannsdisken vart slik i år.
_______________________________





Og på kjøkkenbordet vart det slik.
_______________________________

Vindfanget rakk eg også å få ferdig,det meste var laga på forhånd så det var berre å få sett det på plass.







Ei garnvinne frå ein vev saman med ei brikke er vorte til bord,og den gamle juletrefoten (som ikkje heldt tett lenger) har fått nytt liv som lysestake.
____________________________


Og jammen meg er det nokre nissar som har lurt seg opp i gangen...



Paul Bonner-nissar har eg mange av,men det er berre desse 3 som har lurt seg opp fr¨å kjellaren førebels.
_________________________________



Ha ein fin adventssøndag alle saman!

fredag, november 28, 2008

For seint å snu...

--- det er berre å hoppa i det,
for no er plakatar hengde opp og annonse til avisa levert....

Spennande,spennande!!!

Men eg må innrømma at eg kjenner det litt i magen.Rett nok er me 3 som produserar i ulike retningar,men me skal fylla eit STORT ROM og då trengs det varer!

Det er Trollkåno (Troll og Ting), og Kirsti (utan blogg) pluss meg,Nikoline,som har funne fram "storamotet" vårt og satsar på eiga messe i år.

"Fortsettelse følger...."

torsdag, november 27, 2008

"Sannheitens øyeblikk"

-- står for tur...
Jorunn "Litt av Mitt" vil gjerne vita litt meir om meg,og med fare for at de trur de har å gjera med ei total skrulle i blogglandia,let eg det stå til....

* Eg er Steinbukk,sta og stri frå den dagen eg vart fødd. Steinbukkar har også stor fantasi seiest det,og den har eg visst også hatt rikeleg av heilt frå barnsbein av... Dikterte stilane til min 5 år eldre bror leeenge før eg sjølv begynte på skulen (og han fekk alltid toppkarakter...)



* Eg er GRUELEG bortskjemt på kjærleik! Hadde ei mor med eit stort,varmt hjarta som auste ut si godheit utan begrensning,og ein heilt unik,snill og kjærleg far. I tillegg har eg ein mann som "ber meg på hendene" og 3 born som i alle år har fortalt kor glad dei er i mammo si.




* Eg løyser kryssord på senga KVAR kveld,uansett kva klokka er når eg kryp til køys.


* På musikkfronten er det stort sett berre BLUES,men er egentleg nokså "altetande" berre eg slepp å høyra på jazz eller dansebandmusikk.



* Minimum 1 gong i året MÅ eg sjå Mjøsa,trur eg har levd eit godt liv på Hedemarken i eit tidlegare liv...


* Eg er ein evig romantikar.Kan framleis kjenna blodet brusa i årene ved synet av kjærasten slik det gjorde då me møttes i 1972.Han var nok "den rette" og mannen i mitt liv...



* Eg har så mange "skrekkar"...
Flyskrekk,legeskrekk,tannlegeskrekk,frisørskrekk....


Så skal eg etter reglane utfordra 7 nye,og då håpar eg desse 7 tek utfordringa:
Liven
Monica S
Huldas Verden
Lykkelita
Trollkåno
Janne i Fagerlia
Magnys lille krinkelkrok


Då er det berre å trykkja på "PUBLISER INNLEGG" så fort som muleg,før eg angrar meg og slettar heile greia..

tirsdag, november 25, 2008

Nostalgi (og romantikk)

Nr.1 i rekkja av *dette skulle eg aldri gjera*
Eg har kjøpt pelspledd...brun sobel..
Det har seg nemleg slik at eg er begynt så smått å tenkja på det nye soverommet me skal laga på hytta.Det skal gå i lyse kremfargar med brune innslag,litt røfft og litt romantisk.Då hadde det vore kos med eit lunt og godt pledd lagt "litt sånn tilfeldig" på sengeenden, og då kjem eg til
Nr.2 av *dette skulle eg aldri gjera*
Strikka eit stort teppe!Men det har eg altså no bestemt meg for å gjera,og det skal monterast (når den tid kjem...)på den brune sobelen som underlag.Det må vel vera både røfft og romantisk eller?
Sjølv om det skal vera arbeid til etterjulsvinteren,er planlegginga av mønster i gang.


Dei gamle strikkebøkene etter mamma inneheld eit hav av flotte mønster. Men jammen er det mykje rart å sjå også...


Kva med å strikka badebukse til gemalen før sol og varme kjem att?

Denne er jo nydeleg,den strikka eg faktisk til mine ungar også.Slike ting går aldri av moten.


Her er vesle Nikoline i 1956,med strikka kjole og kyse frå ei av dei gamle mønsterbøkene.


Sjå på alle desse flotte mønstera!
Teppet skal strikkast i lappar så eg kan riktig boltra meg i mange av desse gamle mønstrane.
Punkt 3 *dette skulle eg aldri gjera* dukka opp då eg fann fram gamle fotoalbum for å visa strikkakjolen frå mønsterboka.Vart sittande å bla og mimra,snakk om nostalgi!
Hadde vel aldri trudd eg skulle leggja ut bilder av meg sjølv på nettet,men dette er så gamalt at "skitt au"....


1959
Vesle Nikoline (saman med eit søskenbarn) i sin første bunad, og håndveske(?)

1962
Her basar eg i snøen i heimasydd kjeledress saman med Lady.

1969
Ti år etter bunadsbildet er det denne habitten som er "in".Slengbuksa er heimasydd og VELDIG tøff!

1972
Og ti år etter kjeledressbildet er det russedressen som gjeld.

Etter den tid har det berre gått "den gale vegen",så eg trur eg med sikkerheit kan lova at dette er det siste de får sjå av Nikoline.Seinare årstal vert "sletta av forfattaren".Er det ikkje så det står når kommentarar me ikkje bryr oss om vert sletta?

Kos dekan fram mot advent!

søndag, november 23, 2008

Prøvepynting til advent.

Tidleg heim til ISKALDT hus i dag....
Huff a meg! Her er det berre å starta med vedfyringa frå kjellar til loft! No durar det koseleg i svartovnen og det sprakar lystig i peisen,medan eg kjenner varmen kjem krypande smått om senn.
10 kalde,blå grader er det utanfor døra i dag,og dei første kuldegradene er alltid så kalde!

Medan eg ventar på god husvarme,syslar eg litt med "prøvepynting"til advent.
Ei gamal trekasse skal fungera som hylle i vindfanget i desember.
Har "kledd" botnen med englebilde.

Eg er så forlikt i desse englane her, har brukt dei til det kjedsommelege antakeleg...

Dei har fått selskap av hjerter og lys, litt mose &kongler.
Når resten kjem opp på veggen her(tova sokk og skøyter) og det vert dandert på kommoden under,trur eg nok det skal verta riktig julestemning.

I riktig stemning kjem eg også når eg "surfar" rundt på bloggane her,det skal eg kosa meg med i kveld. Og så takkar eg for alle dei kjekke kommentarane de har lagt att hjå meg,eg skal prøva å få tid til ei lita helsing hjå kvar og ein seinare i dag!
Ha ein fin-fin søndag ettermiddag!!!

fredag, november 21, 2008

Hyttehelg.

Så er det alt fredag att,kor vart resten av veka av??
Nei,ikkje veit eg...
Brannmannen min skal på julebord i kveld,og når slike "matchomen" skal ha fest er det ikkje plass for damer. Så eg skal åltså ikkje vera med,men sant og seia fristar det ikkje så mykje heller. Og sant og seia synes eg dei skal få ha ein skikkeleg gutakveld (gutar og gutar fru Blom...) Dei fortjener honnør for den jobben dei gjer og ein tenkjer gjerne ikkje over kva fabelaktig innsats brannvernet gjer i løpet av året.Det er ikkje ein jobb for pinglar å vera brannmann. Ikkje for sofagrisar heller... Det nyttar ikkje å vera i dårleg form når ein skal klatra seg oppover bratte urer i Raundalen ved jernbanebrann,drassa på tunge slangar oppover og i tillegg vera kledd i tung uniform.Då må ein vera bra trena.Det nyttar heller ikkje å vera pingle når ein må få på seg gassmaska og gå inn i flammane i brennande hus for å leita etter folk.Det verste er vel likevel når dei kjem til ei bilulykke og kanskje må skjera ut personar frå vraket,hardt skadde eller døde.
Jaudå, brannmannen fortjener så absolutt å kosa seg og ha det moro på julebord i kveld!
Men no var det ikkje akkurat meininga å skriva eit hymne til brannmannen då eg skulle ha eit innlegg i dag,det vart no berre slik...
Eg skulle innom for å ynskja alle ei god helg. Eg skal ha ei heilt datafri helg. Har pakka og er klar for hyttetur. Med reker og kvitvin i sekken,vandrar eg lystig avgårde og skal ha ei skikkeleg KOSEHELG! Så gler eg meg til å koma heim søndagskvelden og kan kosa meg med alle nye og juleinspirerte innlegga rundt i blogglandia... ooops... er det vorte slik at eg allerede savnar dataen før eg har forlete den...?? Eg vel å tolka det slik at eg savnar alle dei gode bloggvenene eg har fått her... Det er DEKAN eg savnar når eg ikkje har tilgang til dataen!
Ha ei strålande helg alle saman!!!

onsdag, november 19, 2008

Eit lite ekstrainnlegg utan tittel...

Eg har fått ein award. Det har eg gjort mange gonger før også,og like glad vert ein kvar einaste gong,men denne gongen vart litt spesiell. Det var den enormt fine omtalen saman med awarden som rørde meg til tårer i dag.. Den er frå Monica s http://acinomevats.blogspot.com/



Grunnen ho oppgjev for å overlevera denne awarden til meg fekk eg meg ikkje til å skriva,for dette er vel dei finaste ord eg nokon gong har fått... men eit bilde er liksom litt enklare...
Sjå her kva ho skriv :


Tusen hjarteleg takk,Monica!
Det er heilt utruleg kor snille folk det er i bloggverden! Eg sluttar ikkje å undra meg over all denne hjertevarmen frå damer som egentleg er heilt framande mennesker... Eg er audmjuk,men også veldig stolt av å få så mykje positiv ros som eg gjer. Ein STOR klem til alle!!!


5 veker att til julaftan

-- las eg på ein blogg i dagtidleg... og når ein veit kor fort ei veke fyk avgarde... ja,då forstår eg at i år er eg ikkje i rute!

Mes friskt mot trampa eg ned kjellartrappa, (må trampa hardt slik at alt det skumle som kan vera der,høyrer at eg kjem...) for heile julestasen befinn seg nemleg i underetasjen.

Ein liten smugkikk inn i
skapa for å sjå at alt er på plass i år også...
Det snøar ute,det er passe rå luft og det er mildt, så dette er ein ypparleg dag for å få juledukane ut på snora!


Skuffene her åpnar eg nesten med andakt,det er like kjekt å sjå over kva ein har kvar gong,år etter år.
Det er dårleg med lys så bilda vert deretter,men det er vel stor sannsynlegheit for at de får sjå skuffeinnhaldet i andre samanheng når pyntinga er i gang om eit par veker...


Eit gamalt kjøkkensett som kom på plass kvar veslejulaftan så langt tilbake som eg klarar hugsa av barndommen.


Dompap i fleire variantar.


Små linposar, det trur eg var ei nyinvesrering i fjor,faktisk...


Vaskerommet neste --

- og opp i skyllekummen med seg! -


Har visst ein jobb å gjera her også... men det får verta ein annan dag...


På døra ut frå vaskerommet har eg måla ei lita påminning til meg sjølv.
Det kan vel kanskje passa som ein avslutning på innlegget i dag?