fredag, april 30, 2010

GOD HELG!

jan-juni 2008 056-horz

I morgon kan me bla om til MAI på kalendaren, ein herleg månad!

Statusen ang. fotoapparatet er den samme,så eit bilde frå slutten av mai i fjor får duga idag…

Ynskjer alle ein strålande 1.mai og riktig god helg !

lørdag, april 24, 2010

Ja,er det ikkje det eine – så er det det andre…

(sa jenta,ho blødde nasablod….)

I DAG STREIKA FOTOAPPARATET !

Eg lirkar og lurar med på/av-knappen,men det er 0 kontakt å få… Og eg hadde så masse bilder frå gatehuset som eg skulle visa idag,men kva hjelper det – når eg ikkje får lagt dei inn på maskina…? det var ikkje så veeeldig spennande bilder så det gjer ikkje så mykje likavel.. me har fått opp ein vegg på kjøkkenet og fått i skyvedøra inn til spiskammers – det var berre det eg ville visa…

Eit par bilder frå det siste eg har pusla med kan de jo alltids få -

DSCF8479

Korger til stryketøyet er komne opp på arbeidsrommet i gatehuset. Dette var eit stativ med 3 brune korger i som eg har hatt ståande etter butikken. Stativet fekk ein grundig skur med Jif og korgene eit par strøk med grå spraymaling.

DSCF8477 DSCF8478

Ei lita påminning til meg sjølv når dungane med stryketøy veks over styr, er nok på sin plass…. Hadde lyst å skriva “ kvifor gjera idag det du kan utsetta til i morgon” – men tok meg i det…

Så med desse kloke orda ( siktar til sistnevnde ordtak) ynskjer eg alle ei riktig god helg!

onsdag, april 21, 2010

Mange var nære -

- men berre ei hadde rett!

Eg snakkar om dørslaga frå Ikea der eg spurde om de kunne gjeta kva dei skulle brukas til…

Mange gode forslag kom inn som eg ikkje hadde tenkt på i heile tatt, til garn, til sommarblomar som kunne settast i jorda utan å uroa røtene når eg reiste vekk (DEN var slett ikkje dum,nei…) og dei aller fleste trudde det skulle bli lampar.

Trude med bloggen Hverdagssnublerier hadde HEILT rett…..

DSCF8469

Det skal plantast jordbær i dei. Flakmose,jord og dørslag ligg klart. Eg kler innvendig med mose for å halda på fuktigheita(og jorda) og fyller dei med god matjord.

DSCF8472

Klare for jordbærplantane. Ser du forresten kor grønt og fint graset er blitt allerede? I skrivande stund høyrer eg grasklypparen til naboen durar og går…. me ligg på solsida i skrått terreng så det er alltid tidlegare vår her enn andre stadar på Voss.

DSCF8473

Ja… her står dei no og kosar seg i sola,saman med ein del små stiklingar frå jordbæråkeren. Dørslaga skal hengast opp i kjetting,men då må eg ein tur på Jernia først.

DSCF8475

Det gjeld om å vera EKSTRA kreativ denne sommaren – då eg flyttar frå ein stor og godt opparbeida hage og ned på ein “byggeplass” med berre kaos! Men neste år skal det bli andre bollar! Tomta er stor ved gatehuset også, 1 mål og heilt flatt, men du kan tru eg HAR PLANAR…!!! I sommar blir det jordbæroppheng,urter i ein balje og blomar i ei sykkelkorg… DIGILI-DIGILO…!

mandag, april 19, 2010

Nostalgisk tilbakeblikk.

Som regel har eg alltid eit lite kaffipause-arbeid liggande. Eit enkelt handarbeid som eg triv til når eg set meg ned med ein kaffikopp. Nett no er det eit hekla setetrekk til sykkelen eg held på med, for ein gammal sykkel blir nemleg det heile av hage i år. Den skal parkerast ved inngangen til gatehuset og “danderast” med blomar,resten av tomta blir byggeplass og ventebed og eit einaste kaos. Men ein blomstersykkel kan få pynta opp ved porten,og SJØLVSAGT treng den eit fint setetrekk – hi.hi….

DSCF8450-horz

Då eg sat og hekla igår og tankane gjekk i fri flyt,tenkte eg på mitt aller første hekleprosjekt… og det var litt av eit prosjekt skal eg sei deg! Bestevenninna mi og eg skulle innviast i den edle heklekunsten og det var mor hennar som skulle vera læremester. Ambisjonane var enorme og me var 12 år gamle… DRAKT skulle me hekla oss,intet mindre – skjørt,jakke og hatt (!!) i fastmasker og stavar. Eg kan framleis sjå for meg bildet på mønsteret den dag i dag, og angåande garn fall valget på petroleumsfarga perlekrepp – og sjølvsagt skulle me ha garn til HEILE drakta med oss heim! Etter mykje om og men klarde heldigvis mor til venninna mi overtala oss til å starta med garn til hatten i første omgang. For å gjera ein lang historie kort – me lærde oss og hekla, men noko FERDIG HATT vart det aldri….

DSCF8467-horz

Me var nokre flittige små maur,jentene i grenda. Då eg var 13 år hadde eg strikka mine eigne gensarar og sydde buksene mine sjølv. Så starta me opp med klubb, i det herrens år 1967…. tordagane gjekk me på speidaren,tirsdagane hadde me klubb. Med handarbeid og quiz med dei merkelegaste spørsmål – eit eksempel ; Har nokon i Dizzie Tunes fått langt hår?

DSCF8466-tile

Og så hadde me tøffe gutar i nabolaget, sjå berre her!

DSCF8461-horz

Nokon hadde så gar eigen moped… Dei var nok mang ein gong samtaleemne i klubben…

Mødrene våre sto for bevertningen til å begynna med, men etter kvart ordna me “den biffen” sjølve også. Det var ofte bollar og saft…

DSCF8454-horz

Eg ser nytten av denne tidlege klubbtida vår idag, me lærde oss det mest grunnleggande innan håndarbeid,me lærde oss og mestra kokekunsten,ta ansvar med å stella istand og rydda vekk etter oss,væra sosiale individ med omsorg for kvarandre pluss at me fekk utvida kunnskapane bitte litt også – for det var ikkje BERRE teite spørsmål i quizèn…

I dag, 43 år seinare, har me framleis klubb! Ein gong i månaden møtes me trufast med håndarbeidsposane våre… Quiz har me ikkje lenger og samtaleemna er nok litt anna enn dei var,men samhaldet og gleda over å møtas er det samme som det var i 1967 -

- og me jentene….? Tja – me er vel stort sett dei samme me,sjølv om me har feira forlovelsar,bryllup,barnefødslar,konfirmasjon,barnas bryllup og barnebarn saman (sistemann ut skal bli bestemor til sommaren så no blir ho endeleg “ein i gjengen” der ho også…) så føler me oss slett ikkje gamle! Det er berre klubben som er gammal….

Nei,no skriv eg meg heilt vekk her idag – no må eg fram med malepenslane att, og i kaffipausen blir det nok ein omgang og to til på setetrekket mitt skal du sjå…

DSCF8448-horz

God,ny veke til alle:0)

fredag, april 16, 2010

Det er mykje som kjem fram når snøen forsvinn -

-heiter det i sangen – men jammen er det mykje som kjem fram når ein har opprydning i skap og skuffer,korger og kiwiposar også…!! (Utan at snøen har lagt seg på det…)

DSCF8441-tile

Slik som dette f.eks. Border eg broderte i min “ungdoms vår”, NESTEN heilt ferdige… No skal det ikkje pakkast ned att før det er HEILT ferdig! Bordene har eg tenkt på ein snippduk til kjøkkenet, men eg er veldig i tvil om kva stoff eg skal festa dei på… vanleg kvitt, kanskje blårutete, eller noko heilt anna…?? Og skulle eg sydd blonder utanfor..? Eller kanskje mellomverk mellom bordene og stoffet…? Tja… ikkje veit eg…

DSCF8440-tile DSCF8443-tile

Ein annan ting som dukka opp i ein pose -

DSCF8445-tile

Trekk til varmeflaske, og dette var faktisk fix ferdig! Til og med “høghalsa” – kjekt å ha…

Forrige veke var me på shoppingtur i Åsane. Og handelen vart så pass stor at me ikkje fekk alt med oss heim att i bilen (og me har ikkje noko liten bil…)

0093764_PE231357_S3-tile

Blandt ting og tang eg hadde med heim var lampar til kjøkkenet i gatehuset

54650_PE159235_S3

- og bordlampe til arbeidsrommet mitt.

DSCF8419-tile

- og dette -

Kan du gjeta kva eg skal bruka desse dørslaga til ??

Kanskje det kan vera ei lita “nøtt” å tenkja på i helga…?

GOD HELG !

onsdag, april 14, 2010

50 liter dansegalla…

“Bestillingsverk”

DSCF8432-vert DSCF8423-tile

 DSCF8422-tile DSCF8426-tile

DSCF8430-tile

Leende gulbruna øgon – eller noko i den dur…..

mandag, april 12, 2010

Eit bitte lite livstegn -

 - slik at de ikkje gløymer meg….

Sola varmar frå knallblå himmel, blåveisen nikkar så blå og blid utfor døra og fuglane syng for full hals for tida – og eg er ikkje HEILT fornøyd med tilværet innandørs…!

Idag har eg balt med eit diiigert mjølkespann som nesten er uråd og håndtera når ein skal mala motiv på. Armane verker og lår/kne er fulle av blå merker… Men i kveld har eg “frikveld” og skal berre slappa av med gode venninner,godt med slike stunder innimellom.

Vetlajento er framleis heima på påskeferie,men reiser til Oslo att i morgon.

DSCF8402-tile

Her er ho i sitt ess – med kubein,sag og hammar trives ho best! Her har det vore kjøkken (me held oss i Gatehuset forståss..)og det skal bli hall. Då me reiv kjøkkenskåpa og skulle flytta døra,dukka det jammen santen opp ein gammal døråpning presis der me skulle flytta døra til…  - og som vanleg – datert og signert av snekkaren… Veggen vart sett opp i juli 1947 og i 1955 vart døra flytta. Alle stadar me har rive av veggplater er det daterte veggar ( de hugsar kanskje eit innlegg tidlegare frå arbeidsrommet, der var datoen 24.august i 47…

DSCF8394-tile DSCF8411-vert

Her var det entrè og skal verta spiskammers og kjølerom innanfor kjøkkenet. Me har supplert med gamle kjøkkenskap her inne,men eg har fått fargekoden til dei nye skapa og har fått malt 2 strøk på desse dørene no,så no er dei blitt lysgrå dei også.

DSCF8414-vert

Og her står det nye kjøkkenet – foreløbig….

DSCF8398-vert

Litt trasig med berre FØR-bilder idag,men det skal komma etter-bilder også når eg berre har fått noko ETTER å fotografera.

Kos dekan og ha ein riktig fin vårkveld :0)

- Og BEA…. eg savnar deg!!!