tirsdag, mai 20, 2014

Set KRYSS i taket -

  - for her kjem det ENDELEG eit blogginnlegg att. Det er egentleg berre tull å ha denne bloggen “oppe å gå” for den er til dei grader forsømd! Men så plutseleg kan eg få eit illebefinnande og får lyst å dela noko og då er det jo kjekt at den er her…

SAM_1418-horz

Me har hatt ein fantastisk vår med mykje sol og godvær, men for min del har den også vore veldig trist. Eg mista bror min brått og uventa og dei fine vårdagane har gått i sorg. Heldigvis er det slik at sorga avtek med tida, men savnet etter Helge vil vera med meg for all tid. Det er ein del av livet det også.

No går i alle fall dagane med til hagearbeid og me kan nyta utelivet frå morgon til sein kveld. Og det er nettopp eit lite hjørna av hagen eg fekk lyst å visa deg i kveld. Kan ikkje akkurat kalla det ei hagevandring – det er berre kjøkkenhagen eg har nokre bilder frå.

SAM_1458-horzSAM_1461-horz

For ei tid sidan ytra eg ynskje om ein vannpost nærare bær og grønsaker. Og vips – Brannmannen ordna “biffen”. Flott? Det synes i alle fall EG. Ein gamal messingkran var prikken over i`en. På toppen står ei rusta vassbøtte med eføy i og på bakken ei bøtte med reddik. Den gamle baljen heng der kun for pynt.

SAM_1464-horzSAM_1467-horz

I gårkveld tok me turen til Blomsterdalen (ved Bergen) og kjøpte blomsterkasse. Solid og god, funksjonell og flott. Så dagen i dag har gått med til å planta jordbærstikling. 30 stk. Det tok si tid. No håpar eg dei vil trivas i høgden og gje oss masse søte raude jordbær. Og med denne nye “ervervelsen” er kjøkkenhagen min ferdig.

SAM_1468-horz

Så må eg få takka alle som kikkar innom her hjå Nikoline og ei spesiell takk til alle de som legg att koselege kommentarar. Eg må vera verdas dårlegaste bloggar når det kjem til kommentering der eg er innom på besøk, så eg veit så vel at eg slett ikkje fortjener at de skriv så kjekt til meg.

Då ynskjer eg alle ein strålande mai . det som er att av den :0)