Til min store frustrasjon skjer det ting i nabolaget som eg personleg synes er “heilt på trynet”!!! (får meg vel kanskje ein smell no hjå personar som veit betre om slike ting enn eg gjer,men eg tek sjangsen likevel )
Frustrasjonen gjeld piper denne gongen - - flotte gamle teglsteinspiper - -
Her har du pipa på huset vårt, og dei fleste i dette villastrøket har identiske piper – eller HADDE rettare sagt…. For no er det ikkje “IN” med raudbrun teglstein lenger, no er det murslemma,kjedelege,grå minimalistisk prega piper som er IN… Og kom ikkje her og fortel meg at det er grunna dårlege piper dei “flikkar” på, for det er dei nemleg IKKJE. Pipene er heilt i orden,dei.
Dei 3 næraste naboane våre – “nye” piper….
Men no har jo ikkje EG så mykje med kva naboane driv med og heller ikkje har eg noko med kva piper dei vel å ha på taket – eg synes berre det er så forferdeleg trasig at eit vakkert handtverk vert SLEMMA BORT I LØPET AV EIT PAR TIMAR…
Det var dagens hjartesukk – så får det verta hageprat i morgon eller ein annan dag…
GOD LAURDAG :0)