fredag, mai 28, 2010

Eg har plystra langt etter fredagsvasken idag…

– for eg har nemleg halsbetennelse!! - (og ingen kan vel vaska og styra med halsbetennelse,eller…?)

Når ein har halsbetennelse må ein nemleg sitta heilt i fred og ro og gjera på noko KJEKT -

DSCN1012-vert 

Som f.eks. laga seg ei hagedagbok

hagedagbok3-vert

hagedagbok2-vert 

Så får me sjå om denne “medisinen” hjelper,eg har i allefall gjordt ALT eg kan for å verta frisk att idag – heilt i ro og heilt i fred -

hagedagbok1-vert

Ha ei strålande helg alle saman !

På Junibakken står det to store containerar og ventar på å verta fylte,så då går vel helga mi  med der antakeleg….

torsdag, mai 27, 2010

Så trasig – men HEILT nødvendig…

I hagen på Junibakken står det eit utruleg flott tre – eit gedigent morelletre!

DSCN0985

Store,lyse kjøttmoreller i kilovis var det i fjor… og no står det dryssande fullt av morelleblomst.

DSCN0986

I hagen på Junibakken STO det eit utruleg flott tre – for hvis ikkje me vil ha eit morelletre på soverommet måtte motorsaga fram og treet til pers…

DSCN0990

På mandag kjem det gravemaskin og skal grava ut tomta til påbygget, og soverommet kjem her som treet sto.

DSCN0988

Denne vesle frua savnar treet ho hadde å kvila i før ho smatt inn under takrenna med mat til sine svoltne små, no må ho ha ei mellomlanding i fjernsynsantenna. Håpar familien snart forlet bopelen så me kan få bytt takrenna her,det er berre denne eine att av dei gamle –

Som de ser er det smått med blogging for tida,og det nye kameraet er også eit kapittel for seg!! Travle tider – men eg skal ta det att seinare:0)

mandag, mai 17, 2010

HURRA – x 4!!

Hurra for 17.mai og vèl overstått dag!

Flagget vaia i sur vind og regnet gjorde det klissvått – men været kom seg heldigvis utover dagen. Som ein liten dokumentasjon for meg sjølv tok eg med bildet frå 17.mai i fjor til samanlikning…

mai 09 116_thumb[4]-vert

HURRA for at storajento har vore på besøk og lagt inn bilder frå mitt nye kamera på dataen! Eg har i grunnen aldri sett på meg sjølv som tungnem,men idag fekk eg bekrefta at det mååå eg vera – for makan til tungvinte greier med overføring frå kameraet!!  “100” operasjonar som går heilt i stokk for ei gammal dame… nei,det blir nok berre innlegg når eg har besøk og får assistanse er eg redd for…!

Det 3. HURRAET er for framgangen av kjøkkenet og at eg hermed kan visa bilder av det (takka vera storajento..) Eg veit det er mange som ventar på bilder frå Junibakken, og sjølv om det er langt fram før det er ferdig så kan de få ein liten sniktitt:0)

DSCF8482-tileDSCN0934 DSCN0932 DSCN0931

Dette var soverom og bad. No kjøkken -

DSCN0929DSCN0933-vert

Det 4. HURRAET tilegnar eg min kjære. Det er mangt og mykje å ropa hurra for når det gjeld denne mannen, men akkurat i dag hyllar eg han for at han er ein flott brannmann! Denne situsjonen under her har ikkje så mykje med brann å gjera,men likevel….

DSCN0919-tile 

Simon Snorkel kom til god nytte då han måtte på taket for å ta mål av pipehella som er sund.Med liften på brannbilen og meterstokk på lomma var “den biffen” ordna på nokre minuttar…

DSCN0924-vert

Er han ikkje flott,brannmannen min? (denne spørsmålformuleringa fekk meg til å tenkja på fødselen til vetlajento vår… ho hadde jordfar som tok imot sitt aller første barn åleina,og etterpå gjekk han rundt med henne på armen og viste ho fram til ALLE med samme spørsmålet; ER HO IKKJE VIDUNDERLEG VAKKER??  - og kven kunne svara “nei” til han då?) Men jau, brannmannen min er flott på alle måtar!

Dagen idag er gått over til kveld, me kan spenna beina på bordet og maula siste restane av nasjonalkosten og berre nyta livet.

DSCN0947-tile DSCN0948-tile

For sjølvsagt har me hatt alt det tradisjonelle på bordet. Spekemat,dravle,rømmegraut,wienerpølser m.potetkaker,kaker,sjokoladepudding og sist men ikkje minst – rips m.vaniljesaus! Trur aldri eg har feira nokon 17.mai utan rips…!

DSCN0943

Eg takkar så masse for alle kommentarane,eg set så stor pris på at de held meg med følge framleis,sjølv om det blir smått med tilbakemeldingar for tida… Om eg ikkje finn tida til å kommentera hjå alle så er eg innom hjå kvar og ein på lista mi når eg ser det er nye innlegg,så eg held meg nokolunde oppdatert folkens…

Riktig god kveld og avslutning av nasjonaldagen vår !