torsdag, oktober 29, 2009

Med skrifta på veggen -

- I ALLE FALL OPPSKRIFTA….

pannelok og sag 004-tile pannelok og sag 003-tile

pannelok og sag 007-tile pannelok og sag 008-tile

pannelok og sag 005-tile pannelok og sag 006-tile

Endeleg i gang med julemesseproduksjon ! Det er vel på høg tid –  3 veker har eg på meg….

pannelok og sag 010-tile pannelok og sag 013-tile

Nokre pannelok er ferdige, pluss ei lita sag som ynskjer velkommen.

Her er det om å gjera å bruka tida rett framover….

mandag, oktober 26, 2009

Sistemann ut….

PÅ BESTILLINGSLISTA!!!!! (Og eg er hoppande glad for DET!)

postkasser 029-tile

postkasser 033-tile

postkasser 032-tile

To postkasser til sauebønder dette….. og det skal forestilla spelsau… skal tru om dei ser kva rase det er når postkassene vert henta…?

Muffin

Så har eg fått ein flott utmerkelse hjå STUBBETUFSA , takk for   det! Og takk for alltid fine ord frå deg,Stubbetufsa!

venninne_award

Denne flotte utmerkinga kjem frå STRIKKEBESTA (Kristin) og med den fylgjer også ei lita utfordring. Tusen takk til deg også! (og eg kjem tilbake til utfordringa om ikkje lenge)

postkasser 035-tile Og heilt til slutt må eg nett reklamera litt for storajento mi… Ho har nettopp laga seg blogg som heiter I SVINGEN. isvingen.blogg.se Ho set sikkert pris på eit lite besøk :0)

HA EIN FIN MANDAGSKVELD, DET SKAL EG !

PS: Ser i ettertid at hyperkobling ikkje virkar på bloggen I SVINGEN, veit ikkje kva eg har gjort feil…. men de finn henne på lista mi på høgresida her :0)

fredag, oktober 23, 2009

Devoted to details…

Etter helga står den aller siste veka av oktober framfor oss og i morgon stiller me klokka til vintertid. Hausten er altså over….. Og kvar tok den vegen dette året skal tru???

Herregårdskjøkken 010-tile

(AKKURAT NO ER DET DETTE SOM TEK UTRULEG MYKJE AV TIDA – RUTEPAPIR/BLYANT/LINJAL OG VISKELÆR – EG TEGNAR KJØKKEN…)

§§§§§§§§§§§§§

Den laaaange hausten då eg alltid skal få gjort så mykje!! Phøø…! Eit fingerknips – og den er forbi - “Lageret” med målte varer er framleis 0,og panikken sprer seg med tanke på julemesse…. I år som i fjor,og året før det,og året før det….

Herregårdskjøkken 005-tile

(TOTALT OPPHENGD I DETALJAR – DET ER EIN SLAGS SJUKDOM EG HAR OG SOM EG ALDRI BLIR FRISK AV!)

§§§§§§§§§§§§§§§

Men til neste år, skal alt bli så mykje betre… trur eg… (ikkje sant Trollkåno?) Då får eg så gooood tid,at…

Og så drøymer eg om alt eg skal gjera og få laga til meg sjølv når eg får god tid. Har eit kjempelager oppi hovudet av idear som skal settast ut i livet ; eg skal mala-sy-strikka-hekla-lima-snekra og planta.  - Til hausten ein gong…..

Herregårdskjøkken 009-tileHerregårdskjøkken 002-tile

(SJEKK DESSE FIKSE DETALJANE HER !)

§§§§§§§§§§§§§§§§

Og for ikkje å snakka om alt eg skal brodera! Når dei laaaange mørke haustkveldane kjem,skal eg tenna masse levande lys,setta meg godt til rette i godstolen og brodera dei flottaste ting. Det er ikkje måte på alt som skal bli ferdig i løpet av hausten ein gong….

Herregårdskjøkken 001-tile

(VALGET ER TEKE IDAG : DET BLIR DETTE DRØMMEKJØKKENET I FARGEN PERLEGRÅ OG MED SKIFERFLIS PÅ GOLVET)

Til hausten ein gong…. Neste haust kanskje…?

Ei riktig god hausthelg til alle !!

tirsdag, oktober 06, 2009

Så er det over….

bloggen 023

Tunge og strevsamme dagar har roa seg, og idag var det att berre to kaffikoppar på bordet. Det var litt rart å sei adjø til dei to siste tilreisande idag etter nesten to veker med mange familiemedlemmer rundt seg. Det har vore godt med selskap i slike trasige dagar.

bloggen 020

Som sagt før,er det berre min kjære og eg som har budd her i bygda saman med svigerfar, så det vart mange som skulle overnatta over lengre tid. 18 personar skulle ha ei seng og ei dyne,så det vart nesten så eg måtte “på bygda” på dynejakt til slutt…

bloggen 034

I ettermiddag har det vore tid for refleksjonar. Det har vore mange og mista på relativt kort tid i vår familie,og eg må nok innrømma at dette var det dødsfallet som var lettaste å “håndtera”. Svigerfar var ein gammal mann,fornøyd med å leva og lengta egentleg berre etter å få møta att svigermor som døde for 21 år sidan. Han sovna stille og roleg inn utan smerter eller dramatikk av noko slag.Likevel synes eg døden er vanskeleg å akseptera uansett kva tid den kjem.

bloggen 028

Eg har fått så masse kommentarar,mailar og sms`ar frå dekan  med varmande og trøstande ord at eg har fellt ei lita tåre kvar gong eg har vore innom bloggen. Tusen,tusen takk for omtanke og varmande ord alle saman!

bloggen 003

Det vert framleis lite med bloggetid for meg ei stund til, for på torsdag får me nytt besøk østfrå. Det er noko eg verkeleg gledar meg til, og som vetlajento sa då ho høyrde kven som skulle komma ; “ ååå… så deilig for deg mamma at de kommer nå så du kan få noen koselige dager etter alt strevet som har vært i det siste” – og JA!- det vert “deilig”!

2009 1602

Saman med matmor og “pappa” kjem denne kosebamsen på besøk…  har de sett noko finare…??  Eg er litt spennt på korleis Argon taklar dette besøket… han er kongen i tunet her og får besøk av ein annan som også gjerne vil vera kongen… dei var ikkje så VEEEELDIG gode kompisar i vår då “bamsen” kom på besøk…

oktober 003

Det einaste eg uroar meg litt for no, er at østlandsbesøket skal over fjellet… slik ser det ut på toppane i Vossabygda … Snøen kryp stadig lenger nedover fjellsidene rundt her, men endå har me heldigvis ikkje hatt frostnetter. Dei kjem vel med finværet, så det kan jo ta si tid…

Neste veke er eg “ i rute” att går eg ut ifrå, inntil dess ; HA EI FIN-FIN VEKE OG NYT KVAR DAG !!!